Meir um Missionen og Missionsverket vaart.

[Del 1 av 3.]
 
(Innsendt).
           
Det maa ikkje vera for tidlegt, at denne store Saki kjem inn under ærleg Prøving av det norske Kyrkjefolk. Me hev no i ein heil Mannsalder ofrat store Pengar, mykje Folkemagt, og mykje av vaar Hug og Elsk paa Heidningmissionen; men ser me etter Frukterne, so finn me ingenting. Aldri hev eit heilt Folks samlagde Arbeid i ei Sak boret so litet Frukt som den norske Heidningemissionen. Det ser ut til, at anten hev Jordi voret so skrinn, at ho ikkje hev kunnat føda fram so mykje som eit einaste grønt Straa, elder og hev Sædekornet voret reint utan Spirekraft.
           
Enn um alle desse Pengarne, all denne Samhugen, heile denne Folkestyrken, i Bøn og Truskap hadde voret nedlagt i eit Arbeid fyr vaart eiget arme Land og Folk, at det kunde veksa og styrkjast? Tru ikkje eit slikt Arbeid vilde voret Vaarherre likso kjært, og tru det ikkje vilde fremjat hans Rike paa Jordi likso mykje, ja endelaust meir, enn det Strævet, som hev voret uppe i alle desse Aar under Namn av Sulumissionen? Kor mange Kyrkjur og Skular kunde ikkje voret bygde; kor mykje Jord kunde ikkje voret rudt; kor mykje Naud og Armodsdom kunde ikkje voret avhjelpt millom vaare eigne Fatikfolk; kor mange Tusund av dei, som no hev maatt fara fraa Heimlandet sitt, kunde ikkje daa fenget voret heime og hjelpt oss i Arbeidet?
           
Daa Kong Cetevayo med 9 av Konurne sine vart fangad av Engelskmennerne ifjor Sumar, saag Ein visst ikkje Grandet hjaa desse Folk av korkje Kristendom elder Civilisation, og det endaa dei skulde høyra til det øvre Samfundslag i Landet sitt. Tankar og Fyresyningar var likso raae og heidenske hjaa dei som hjaa Fedrarne deira, fyrr Missionærarne vaare kom til dei. Resultatet av dette lange Arbeidet baade ute og heime, Frukti av dei ikring 4 Millionar Krunur, det hev kostat vaart fatike Land, synest bokstaveleg aa vera lik Null.
           
Men er daa ikkje Heidningsmissionen den alrastørste Kristensak? ropar dei i Kor. Hev Ein Lov til aa spyrja etter Frukter her? Maa ikkje ein Kritikk yver denne Saki reknast som Motstand mot henne, som ei Røyst fraa Antikristus sjølv?
           
Dette er tankelaus Tale. Alle er samde um, at Missionen i seg sjølv er ei stor og heilag Sak. Det er berre Emissærar og andre slike, som gjerna fyr Godtkjøp vil hava ein liten Martyrkrans aa leggja um sit fatige Hovud, det er berre slike som snakkar um, at her er Motstand mot Missionen i Landet. Men kor stor og god ei Sak denne enn er i seg sjølv, so er det ikkje dermed sagt, at Missionsverket er lytelaust. Det er stellt i ei syndig Verd av syndige, ufullkomne Folk; det maa me ikkje gløyma. Kannhenda er det just ein av Grunnarne til, at Missionsverket vaart er som det er og hev gjort so litet som det hev, dette, at det hev gjenget fyr aa vera ufeilbart elder mistaksfritt, og at det hev voret un- danteket fraa all menneskeleg Kritikk og liksom ein serskild, vælbrøytt Aalmannveg til Vaarherre. Kannhenda um det hadde voret under strengare Kritikk, so hadde det havt mindre av alt dette usunne, uppskrøyvde Væsen, som det no lid under, og mindre av dette uapostoliske og unaturlege i sjølve Maaten aa driva Missionen paa. Det hev aldri voret godt fyr ein Institution, kor heilag han so var, aa liva utan Kontrol.
           
Naar Missionsmennerne vaare gjerna vil gjera Heidningmissionen til ein fyr Gud framifraa elskeleg og god Gjerning, so maa dette koma av, at dei paa ein underleg Maate mistyder Guds eiget Ord. Det, som Jesus segjer til Disiplarne i Math. 28,19, maa væl samanhaldast med det, som han segjer i Kap. 25, der han skilleg reknar upp alle dei Gjerningarne, som han i Domen vil kjenna sine Utvalde paa: For eg var svolten, og de gav meg Mat; eg var tyrst, og de gav meg Drikka; eg var framand, og de tok meg til dykk; eg var naken, og de klædde meg; eg var sjuk, og de saag um meg; eg var i Fengsel, og de kom til meg. - - Sanneleg, eg segjer dykk: So mykje som de hev gjort fyr ein av desse mine minste Brødrar, det hev de gjort fyr meg. Her ser Ein, at Missionshugen er sett jamsides, men ikkje yver, den aalmenneBroderkjærleik, som er den rette Frukt av Trui. Fraa denne Synstaden maa ein sjaa Heidningmissionen, um Ein skal kunna føra honom ut or all den Skodda og all den Uppstyltring, han er komen inn i her hjaa oss, til botelaus Skade fyr Kristenlivet i det heile og fyr Missionen serskilt; for Sanning i alt, i Missionsarbeidet ikkje minst.
           
All Humbug trivst best, der Upplysningi er minst. Der er nokot forargelegt i aa sjaa, at di større Faakunna er i ei Bygd, di meir etter Maaten sender ho gjerna til Suluarne. Og Folk, som ikkje vilde ofra 1 Øre til Skule og Kyrkja og andre store Samfundsformaal her heime, Folk, som i reine Faakunna fordømer Upplysningi, fordømer Bjørnsons Forteljingar og Jensens Lesebok, fordømer Song og Kunst og alt, som kann fremja Daning og Kultur, - dei same Folki gjev med raust Haand alt det dei kann til Fremjing av dei same gode Ting i Sululandet.
                                                           
( Meir.)