"Latinskole for vordende Prester"

(Innsendt.)
 
Dette er ein Skule, som Prest Storjohann og Dr. Bang hev tenkt seg til aa skipa paa Hauges Minde i Kristiania, og som skal føra fram eldre Folk, som hev gjenget igjenom ein Seminar, Amtsskule, Folkehøgskule og dilikt, til Midelskuleeksamen paa 1 ¼ Aar og so sidan til Artium paa 2 Aar. Dei hev fenget Pengehjelp til det, so dei fyrste Venda allvissst kann føra fram 20 Gutar fritt paa Skulen. Ein slik Skule er det fyrr i Sverike, den Fjellstedtske i Upsala, segjer dei, der 70 Gutar fær fritt altsaman, Hus og Kosten au. Ein slik Skule er trengjande, segjer dei, den vil tena Kyrkja, for det er augsynt, segjer dei, at det vert mindre og mindre Theologar, som kjem fraa dei lærde Skular, medan det er mange unge Menn hellest, allvist av Bondestandet, som heve Hugen til aa læra, men kann ikkje koma fram for Skuld Kostnaden, hell dei kann vanskipa baade Helsa og sjølve seg, naar dei skal arbeida aaleine. Selvfølgelig, segjer dei, vil det første Hensyn ved Optagelsen blive, om der tør antages at være et virkeligt Kald til at studere Theologi tilstede. For aa finna ut detta daa, kven som heve Kall til aa verta Prest, vil dei fyrst hava dei 3 Maanar paa Prøve for aa kunna skilja ut Bukkarne fraa Sauderne. Men det vert visst vand Sak. Det er vandt aa vera Sjælekjennar hellest og visst ikkje lettare for Storjohan hell, so han ikkje kjem til aa godkjenna dei berre, som dreg til den serleg theologiske Leidi, som han vil. For han vil nokk ikkje gjerna hava slike paa Skulen, som berre vert drivne fram av Lengsel til aa læra, som det plagar vera med dei beste Hovud.
           
So trur eg au det vil vera vandt for Gutarne sjølve. Eg tvilar, det kan koma til aa slengja Einkvar, som trass i Dømesyne hans Storjohann vil koma til aa hykla Kristenliv og Prestekall berre for aa faa fri Skule. Og med slike var Kyrkja litet tent. Og endaa verre vert det kanskje sidan, dei vil daa hava enno ei Tvang paa seg til aa studera Theologi og verta Prestar, um dei au kann faa Hug til anna. Som Voni er, so hev han no au komet i Haukeklo. Luthersk Ugeskrift hev rivet honom meste sund. Dei er rædde for, at desse Gutarne, som kjem til Universitetet derifraa, skal vera mindre væl underbudde med Lærdom og Daning enn vanlegt er, at Prestemni daa vil faa ein Undermun i Kunnskapar i det heile mot dei andre Studentar, naar det kjem so i hopevis med halvlærde Bønder og Sveinar til Prestelæra. Skomakar bli ved din Leist, meiner dei, dei likar ikkje at framvoksne Gutar skal taka paa Studentlæra, naar dei ikkje hev voret dertil lagje fraa Ungdomen av, so dei hav havt Raad og Tilføre til aa ganga paa ein retteleg Skule ei 9-10 Aar, so dei kann faa rette Svipen. Dei held fram meir Lærdomen, medan Storjohann spyr meir etter Hjartelaget og trur at det kann bata Kyrkja mest. Det maa vera lærde Gutar, som skal vera Prestar no, segjer dei, og dei maa ikkje vera Undermaalsmenn for kven det skal vera, skal dei gjera Kyrkja sterk og leggja mot Vantrui. Ein maatte mest koma til aa tru det, at det fannst ikkje anna Kall for deires Augo enn det, som ein god Eksamen og Kongebrev gjev, og dei gjer heiltupp Narr av det aandelege Kallet, som Storjohann gjev Brev paa og spyr, kvat det gjeld det, naar dei kjem fram for Eksamensbordet og ikkje kann greida Spursmaal i Græsk og Hebraisk. I det Stelle tykkjer eg berre gildt i, at det kann koma fram so mange det er Raad, framfødde utav nye friske Ætter, som ikkje alt er utfødde hell uppbruka. Mergfulle, naturfriske Bondegutar held eg gjævare for Universitetet enn kjøtlause, lærdomsfyllte og formskubba Beingrindar, som hev strukkna ihop paa Skulebenken i Uppvekstringstidi. Eit folkelegt Heimelag, som kann draga Bonden aat seg, held eg hævare enn ein kald og vyrdeleg Lærdomsmun, som kann aga honom ifraa seg. Endaa det au kann vera noko i det, at ikkje alle Bondegutar med Hovud bør nettupp studera. Me treng kloke Folk baade til Bøndar og Skulmeistarar. Um Presteskulen til Storjohann vil byggja paa national hell heimeleg Grunn, veit eg ikkje um. Men det veit eg, at ein slik Latinskule som dei gjer, er hosta trengjande. Ikkje for det, at det heng nokk Bondelag att i sume Embættsmenn no au, men ikkje altid paa beste Maaten; for det er ofta, at det raae og grove ved Bondeladet vert hangande att, men det fine kverv som Dogg for Sol, det vert burtslite av Fremmindlærom, og han er ikkje god til aa fylla i Staden. Me treng ein Latinskule, som kann gjera norske Gutar til norske Menn, som kann gjeva Fullmaal og Daning med heimelegt Lag, som kann gjeva Folket Embættsmenn, som det er tent med.
           
Me kann vandt venta slikt av Storjohanns Skule. Men kanskje dette Tiltaket kunde draga andre og betre etter seg -?