Liksom Katten

ikring den varme Grauten gjeng sume av Statsmennerne vaare no og lurer paa Riksraadsaki, er det sagt. Ikkje vaaga seg fram! nei; Ein kunde brenna seg daa; nei! men kruka og krøkja, snikja seg rundt ikring paa luskande Labbar, kryla med Ryggen og rengja med Augo etter den feite Grauten, - paa den Maaten kunde det henda! Det kunde henda! Kven veit? Kannhenda hender det ikkje! Men . . . ja, so stryk me oss med Labben kring Nosi og segjer som so, at aa ja, so brende me oss ikkje helder!
           
Det vert sagt, at me enno hev Statsmenn, som tek det paa denne Maaten, og som trur, at slikt er Politikk. Ja politisk Klokskap! Vinje spottad i si Tid blodigt yver vaare norske Storthingsdiplomatar paa Reveklør; - desse, som Ein no høyrer gjete, maa plent vera av same Ætti.
           
Og Skam aa segja det, men denne Kattepolitikken er paa sin Maate national. Den som ikkje fær verma seg, han brenner seg ikkje helder, er eit kavnorskt Ordtøkje. Me vil ikkje brenna oss, og so gjeng me helder og frys. Me kunde verma oss og sleppa aa brenna oss fyr det; men det var ikkje so visst. Lat oss so helder frjosa, for so veit me, kvat me hev. Me kunde frjosa ihel, det er so; men pytt, Ein døyr ikkje meir enn ein Gong kor som er.
           
Det er dette, som mill. A. er Grunntanken i all denne norske Moroliteten, som her stend slikt Ord av. Peer Gynt syndar ikkje, fyrdi han er for lat til det. Han hev Hug paa mangt; han gjeng og rengjer med Augo etter det som Katten etter Grauten; men lat det vera. Lat Vermen vera. So brenner Ein seg daa ikkje helder.
           
Det er Katte-Moral. Elder det er som Reven og Rognberi. Rognberi heng høgt, og so er Reven moralsk. Det er Moral, som stend! Og nokot so paa Lag er det og med denne norske Diplomatikken.
           
Det er den reine Motsetning til all sann Diplomatikk. Katten, som læt Grauten vera, fyrdi han kanskje kunde brenna seg, er eit Naut og ingen Diplomat. Han er væl verd, at han ingen Graut fær. Og ingen misunner Stakkaren den kalde Trøysti, at so brende han seg ikkje helder.
           
Aa vera Diplomat er ikkje dette. Vera Diplomat er aa hava sine Krokar ute paa alle Kantar, so Ein veit ikkje berre at Ein hev Hug paa Grauten, men veit, kvat Maate ein skal faa Grauten paa, og veit, at paa den og den Maaten maa Ein faa Grauten. Det er Diplomatikk! Det nyttar ikkje aa gaa og luska rundt ikring og tenkja: kann henda! kann henda! det er Styvingskap, det, og ikkje Diplomatikk, og det kann tilmed ein Katt hitta paa. Men det gjeld det gjeld aa hava sine Krokar ute. Og det gjeld aa vita: desse Krokarne er slik lagde, at so sannt ikkje den Vonde er reint laus, so maa eg no faa Grauten!
           
- Og det, som gjer Diplomaten heilt upp til Diplomat, ja til Statsmann, - det er det aa vita, kvat han skal gjera, endaa i det Tilfellet, at den Vonde er reint laus.
           
- Det er Diplomatikk! Katten um Grautfatet e r ingen Diplomat; han er eit Naut! Reven under Rognen er ingen moralsk Mann; han er eit Narr. Dei norske Diplomatar og dei norske Moralistar burde ikkje likjast korkje den eine elder den andre.
           
Men det kann Ein i desse Dagar koma til aa segja um sume av Diplomatarne vaare, at dei likjest paa Katten um Grauten. Og det hev eg høyrt sagt. Og dersom sumt hender, som eg ikkje trur -: ved Jupiter! det vil eg tru. Og daa vil eg og Chr. Friele koma godt til Lags um den Tingen. For Chr. Friele hev altid trutt, at sume av Diplomatarne vaare var Knæhøner. Me andre lær aat det. Me tenkjer Hr. Chr. Friele vil faa æveleg historisk Urett. Me tenkjer Diplomatarne vaare vil visa seg aa vera sanne Diplomatar, og sanne Nordmenn, ikkje Knæhøner, og ikkje Kattar kring den varme Grauten!
           
- Og det skal no visa seg.
           
Sume spaar, at Chr. Friele fær Rett. Eg vil vaaga meg til aa spaa, at Chr. Friele fær Urett, no som han altid hev havt. Eg spaar, at Thingmennerne og serleg Thingbønderne vaare er komne ut yver Reveklo-Standpunktet elder det politiske Kattestandpunkt. Eg vil ikkje spaa det fyr alle; det kann henda, at det enno finst politiske kattar i Storthinget vaart; men fyr Thinget i det heile vil eg spaa det. Eg vaagar 2 Flaskur Champagne paa det; for eg hev ikkje Raad til meir. Men dersom Chr. Friele vinn vinn Chr. Friele no, etter so mange Aars gagnlaus Strid, og reint imot alle Voner, - so skal han spandera 10 Flaskur Champagne paa meg og mine Venner, og daa skal me alle drikka ei Skaal fyr Chr. Friele, som trass i alt likevæl var den største Politikkeren, Landet aatte!