Arbeidarsaki ute og heime.

[Del 1 av 4.]
 
(Innsendt.)
 
I. Fraa Kristiania Arbeidarsamfund.
 
Ei Arbeidarsak i europæisk Tydning hev enno ikkje det norske Samfundet magtat aa reisa. Me veit fullt vel, at Arbeidararne hjaa oss som andre-stader liver eit Liv i Slit og Armod; men me hev havt slikt Stræv med Politikken vaar, at me lite hev tenkt paa dei, og sjølve hev dei helder ikkje magtat aa samla seg til aa bera Kravi sine fram. Dei bur spreidde som Daglønarar hell Sjauarar rundt i dei smaae Byarne vaare, som Svendar hjaa dei einskilde Handverksmeistrarne, hell som Husmenn og Inderstar utyver Landsbygdom; men i Tal er dei truleg meir fjølgmennte enn alle dei sjølvstendige Innbuarar ihop. Her i Kristiania, so mange tusund Arbeidarar som her er, skulde Ein likevæl tru, at dei vilde samla seg og prøva aa arbeida seg meir upp, halda fram sin Rett til rikare Del i Vilkori fyr eit menneskelegt Liv, samraadast um Boteraader fyr sine Mishøve og i det heile sjaa aa faa sine mange serskilde Hugmaal og Fyremaal til aa veksa ihop til ein Saminteresse. Slik ber Arbeidararne i Utlandom seg aat. Men nei; ikkje eingong her hev me nokot, som kann likjast ei Arbeidarsak. Ikkje Politikken dessmeir hev naatt Arbeidararne; dei stimer ikkje saman fyr aa krevja Røysterett. Her finnst Arbeidarsamfund i fleire av Byarne vaare, men den Maaten dei er stellte paa gjev fullgod Syning av, kor det stend seg med Arbeidarsaki. Kristiania Arbeidarsamfund er berre fyr ein Del samansett av Arbeidarar; ein annan, truleg likso stor Del av Medlemerne er sjølvstendige Næringsdrivande, Handelsfolk, Handverksmeistrar, Studentar, Lærarar o. s. v., Folk som stend utanfyr Arbeidarstandet. Og dei Arbeidararne, som er med, er truleg dei, som hev so god Løn, at dei liksom hev komet meir upp ifraa Standsbrødrom sine og hev sleget meir Lag med dei Næringsdrivande. Eit slikt Blandingssamfund er i seg sjølv godt nok, og til stor Nytte fyr Medlemerne; men det viser, at me ikkje hev vunnet fram til aa faa ei Arbeidarsak i Landet.
           
Det er sannt: i sumt hev Arbeidararne og dei smaae Næringsdrivande sams Sak (fælles Interesser), t. D. naar det gjeld Røysteretten. Men i dei store sosiale Spursmaal: Dagløni, Rett fyr Arbeidaren til aa eiga Utvinningi av Arbeidet, Lengdi av Arbeidsdagen, fri og god Barne-Upplæring o. s. v., der hev dei ikkje sams Sak, ja der stend dei jamt i Strid med kvarandre. Arbeidararne vaare hev enno ikkje tenkt paa aa skilja si Sak ut. Liksom ei Blanding av Næringsdrivande og Arbeidarar hjaa oss fær Namn av Arbeidarsamfund, soleids fær og mange Saker Namn av Arbeidarspursmaal, som berre vedkjem Handverksmeistrarne og kanskje nokre faae vællønde Arbeidarar. Men jamsides dette Samrøret stend den store Arbeidarflokken vaar og er reint utanum baade Arbeidarsamfund og Arbeidarspursmaal; kvar Arbeidar gjeng fyr seg utan Samhald med dei andre, slit fyr Maten og ber paa Armodsdomen, so godt og so lengje som han kann. Slik paa Lag stend Arbeidarsaki her heime.
           
Samrøret av baade Folk og Fyremaal kunde ikkje koma stort klaarare fram i Dagen enn det gjorde under Ordskiftet i Kristiania Arbeidarsamfund um Skulesaki no sist. Den hæve Skulestyraren P. Voss hadde uttenkt ein Plan til ein kommunal Middelskule, som skulde setjast i Samheng med Folkeskulen her i Byen og føra eit Utval av dei flinkaste Borni der fram til Middelskuleeksamen paa 3 Aar og fyr eit litet Utlegg av Pengar. Denne Planen vart send til Styret av Kristiania Arbeidarsamfund, til Dryfting i Samfundet, til Stempling som Arbeidarsak, og so skulde han daa sendast til Kommunestyret. Tanken er fager. Middelskule-Eksamen stend no som ein stengjande Bom millom dei rike og dei ringe i Folket vaart. Skulepengarne er store, Læretidi lang. Og utan denne Eksamen kjem ingen aat Universitetet, ingen aat Handelsskulen, ingen aat dei tekniske Skularne, ingen aat Telegrafistskulen, ingen aat Krigsskulen; og naar so dertil kjem, at denne Eksamen er reknad fyr ein framifraa Fyremun fyr alle, kvat Veg dei so vil fram i Samfundet, so ser me, kor tung ei Stengsla han er. Dei smaae Næringsdrivande, Smaahandlararne og ikkje aa snakka um Arbeidararne, lyt halda seg til Aalmugskulen og er soleids vel frie fyr aa faa Borni sine fram i dei priviligerede Stillinger. Ein billeg Middelskule i Samband med Folkeskulen er difyr ein sann folkeleg Tanke; der skal ganga lette Vegjer millom de ymse Næringsgreiner og Livsstillingar, i dei europæiske Samfund like eins som i Amerika.
           
Men i det Fyredraget, som Skulestyrar Voss heldt i Kristiania um Skuletanken sin, var Samrøringi av Arbeidarsak og Folkesak so sterk, at Ordi hans, so gode dei var, ikkje raamad heilt paa nokon Kant. Den, som provar formykje, provar ingenting. Voss talad um sin Samhug med dei sosiale Strider og Strøymingar i Samtidi Tanken paa Arbeidarsaki i Utlandet var vel og uppe fyr Hugen hans daa -, og meinte, at ein slik billeg Middelskule maatte vera til mangeslags Gagn fyr Arbeidaren: hjelpa dei beste av Borni hans fram i betre Stillingar, hell-aa læra dei mykje, som dei kunde hava Hjelp av som Arbeidarar. Han talad stendigt um Arbeidaren, og honom skulde han i Grunnen sist nemnt! Medlemerne av Arbeidarsamfundet vart rivne med av Fyredraget, og fleire av dei talad varmt fyr Planen. Og alle takkad dei Voss, fyrdi han hadde komet Arbeidaren i Hug. Sume av dei talad gripande um den Trongen, som er etter Kunnskap og Upplysning hjaa Arbeidaren, og um kor naudtrengt det er, at han vert upplærd, so at me ikkje skal verta liggjande reint attanum Utlandet i Handverk og Industri. Men serleg hakad dei seg fast i eit Ord av Hr. Voss, at denne Middelskulen truleg med Tidi vilde gjera Gagn fyr Folkeskulen, so den og kunde dragast paa ei meir praktisk Leid. Dei gjekk reint Storm mot Folkeskule-Inspektøren og klagad yver, at Borni der berre vart upplærde i Pontoppidan og ikkje i Ting, som dei kunde hava Nytte av i Livet, som framande Maal, Matematik o. s. b. Ordstyraren hadde mykje Bry med aa halda dei aat Emnet. Ein av Talararne (ein Arbeidar) kravde Skular med høg Upplæring og utan Skulepengar sams fyr alle Born, utan Skilnad millom fatig og rik.
           
Hr. Voss vilde hava Skuletanken sin godkjend som ei Arbeidarsak, og det fær han truleg og. Um so hender, so er det ikkje fyrste Gongen, at det vert utsendt Krav i Arbeidarens Namn, som vert til Bate fyr mange so nær som fyr Arbeidaren. Denne nye Middelskulen kjem og til aa gagna mange. Men aa kalla honom fyr ei Arbeidarsak, det er Urett baade mot Planen og mot Arbeidaren. Ein tarv ikkje kjenna so mykje til Kaari aat denne; men skyna maa Ein lell, at han paa ingen Maate hev Raad til aa hava Borni sine gangande 3 Aar i Middelskule og betala Pengar til (med Bøker og alt vert det ikkje so reint ingenting); den, som tener 2 Kr. um Dagen i ein By som denne, hev Bruk fyr dei til annat. Nei; naar Borni vert so pass som ei 12-13 Aar gamle, so treng nok Heimen dei saart sjølv; og um no sume kann faa vera frie, til dei skal ganga fyr Presten, so er daa det Høgdi. Men Middelskulen krev baade 14- og 15- og 16- Aars Alderen. Dette vart og upplyst av ein kunnug Mann; men Arbeidarsaki turad like radt i Ordskiftet.                              
 
Meir.