[Notisar]

Kristiania, den 9de April
 
Storthinget. Det var framsett, at Tollararne i Kristiania skulde faa 2000 Kr. um Aaret til aa reisa burt um Sumaren aa vitja seg, naar det vart for varmt og for dauvlegt for dei aa standa nedpaa Bryggja all Dagen. Men det gjekk ikkje naame nær. Professor i Theologi Myhre fekk 500 Kr. um Aaret sers Tillegg til Løni si, til det lid so langt, at han etter Aldersmunen skal hava vanlegt Tillegg likevæl. Ved Pengelatingarne til Departementom orda Nemndi utum, at dei laut sjaa til aa fylgja litt med Tidi der au, so dei kunde faa noko betre Lag med heile Stellet sitt ved aa skipa Arbeidsmaaten meir etter som dei no brukar i andre Land og paa private Skrivestovur.
 
 
Thingvali i Bretland gjeng i frilyndt Leid og Regjeringi imot. Av dei 433 Val, som er gjorde, gjeng 258 imot og 153 med Regjeringi. So det ber væl til det, at Beaconsfield og det gamle Styre lyt rjuka av Stolen, og at Hartington og Gladstone kjem inn. Lord Granville vil Times hava til Fyrstestyrar.
 
           
Kronestykkje kann Ein hjelpa seg med til aa finna Maal og Vegt. Tvert yver er det 25 Millimeter, og legg Ein det 4 Gong, hev Ein ein Decimeter, og leg Ein so dette 10 Gong, hev Ein ein Meter. Tvo Kronestykkje veg 15 Gram, som er høgste Vegt for vanlege Brev, som gjeng uta sers Tillegg i Postpengar.
 
           
Den Bergtekne av Janson hev komet ut i Chicago umsett paa engelsk med ei Innleiding ved Prof. Rasmus B. Anderson.
 
           
Gamalt Braud. I Pompeji hev dei nyst funnet 21 Braud, bakad 23 Sept. Aar 79 e. K. Bakaren hadde just sett dei inn i Omnen, daa han maatte strjuka sin Veg, og Omnen vart lufttett attmurad av Dyet. Kvart Braud veg ikring 6 Pund og liknar vaar Soldaterstomp; dei er berre litet hardare enn vanlege Braud.
 
           
Fraa Stanley hev det nyst komet Brev. Han hev lukkeleg og vel baskat seg fram 20 Mil langs Kongo til den eine av dei Staderne, der han er tenkt paa aa grunnleggja Handelsplassar. Snart gjeng Vegen djupare inn, gjenom Land, der Vokster- og Dyreheimen hev Hundrad av ukjende Slag, og der dei underlegaste Folk segjest halda til, Apemenneskjur, Dvergefolk o. s. b. Menneskjeetarar fann Stanley siste Gongen, daa han netupp slapp aa verta steikt.
 
           
Ille er det med Utvandringi hjaa os, men verre er det i Sverige. Ein Fredag berre foor 1100 avstad, og Vika etter ventad dei endaa fleire vilde fara. ¾ av dei var Karfolk, og dei var jamt fraa 25-30 Aar, ikkje Fatikfolk, men tvertum berre velklædde aa velbune Folk. Grunnen til Avferdi var fyr det meste den at Arbeidet er meir vyrdt og gjev større Utvinning i Amerika enn her.
 
           
Uhende paa Rørosbanen. Millom Barkalen og Hannstad hadde det losnat ein Stein, so ei Vogn veltad og eit Par kom ut av Sporet. men Ingen kom til Skade.
 
           
Bismarck hev søkt Keisaren sin um Avløysing; det hev gjenget honom imot i Thinget um nokre Postsaker, so han er tykkjen; dertil er han baade gamal og klein au. Men Keisaren vil nok ikkje sleppa honom.
 
           
Ein Riksstyrar i Tyskland hev funnet ut ein ny Maate aa bokstava Tysken, som han sende Bod um skulde innførast i heile sitt Velde. Dei likad det ikkje, lagde seg ihop mot det jamt Folk og lærde Menn, og bad um aa faa sleppa. Men Bismarck, daa han fekk sjaa det, so forpliktad han seg berre paa det, at i hans Styresgrein skal det aldri faa brukast.
 
           
Timberprisen skal etter som eit svenskt Blad segjer, hava stiget vonom meir i Sverik, soleids Bjelkar med 38 % mot ifjor og Trekol endaa 202 %.
 
           
Hjalmar Løberg hev fenget Heimlov fraa Thinget, han er sjukleg. Varamannen Hans Saakvitne er innkallad i Staden.
 
           
Utnemnde. Fuldm. Olsen til Bureauchef i Finansdep. og Petersen til Fuldm. i Tolldep. Kand. O. Simonsen til Stiftkap. i Trums.
 
           
Nordiska Museet i Sverike hev fraa Ufdalen fenget 12 Runstavar, som visar, at dei langt nedetter Tidi brukad Tre til aa skriva paa mangt og mykje. Soleids er det ei Rotsticka, der det stend, kor mykje kvar Bonde hadde aa betala til Hersveinen i Rota, ei Quarnsticka, som Mylnaren brukad aa skriva paa, ei Skolsticka, kven som skulde halda Kosten til Skulemeistaren, ein Skjutskavel, ei Getklubba jamvel til aa halda Greida paa Geitegjætingi. Den eldste av desse er fraa 1586, og den seinaste fraa 1705.