[Framstig.]

Framstig. Sist var det Russland. No er ei liti Bok, New-Greece (Ny-Grekland) nyst utgjevi og hev fenget Folk til aa tenkja litt betre um Grekland att. Den vilde Kraft og Fridomshug, som Grekararne synte, daa dei slog seg fri, fekk Folk til aa gjera seg for store Voner um, kvat det frie Hellas skulde verta. Dei gløymde, at Landet var aa kalla kav barbariskt etter det lange Tyrkar-oket; Framstig saag Ein ikkje til, alt gjekk upp i Kjekkl og Dragsmaal, Folk misste Trui paa Ny-Grekarne. New-Greece viser no, kor trutt aa uvonande Folket hev arbeidt seg upp. Fyre Kong Georgs Tiltræde (17 Aar sidan) var der 87 høgre og 300 lægre Skular, no er Tali 187 og 500. Barnetalet i dei lægre hev stiget fraa 22,000 til 74,561, og derattaat gjeng 10,000 i private Skular. Ved Allskulen i Athen er der 1500 Studentar (Norig med nokot større Folketal hev 900). Seglfarty hev dei no 6000 av, mot 5000 i 1865. Utførsla var i 1862 32 Mill. Drachmer, no 77 Mill., Verksdrift og Eimbaatar fannst ikkje aa kalla; no er det berre i Piræus uppimot 50 Verk o. s. b. Jordbruket gjev no ein Avdraatt verd 89 Mill. Drach., fyr 30 Aar sidan 26 Mill. Talet paa Oljetre hev stiget fraa 7 ½ til 12 Mill.; Bomuld, Tobak og Korintar vert det avlat meir av etter same Høve. Statistikken er ein velsignad Trøystar i desse Tider, daa veike Sjæler berre ser Uppløysing og Attersteg; aldri hev slike Kjempetak vortet gjorde, kvart Aar gjer Tusund fraa Maskinur til Menneskjur, og Bonden liver no som Kongen i Gamaltidi.