"Fraa kjære Fødestaden lyt eg fara."

[Del 1 av 2.]
 
(Fritt etter B. Auerbach ved e. a.)
 
Det var tidlegt paa Morgonen, daa Timbremannen Finngard vaknade, og han tykte det var liksom Ein hadde sunget aat honom i Draumen:
 
Farvel du dyre Land, du fagre Heim,
fraa kjære Fødestaden lyt eg fara.
 
Han rette seg upp og saag ut i Stova og kunde i Graalysingi so vidt skilja dei store Kistorna med svartmaalade Jarngjorder.
           
Stova var so stor og tom, for det var berre faae Ting att av den gamle Husbunaden; Kjøpararne vilde ikkje taka burt det sidste, fyrr en Utferdamannen var faren. Finngard tyktest endaa høyra Bjodingi og Hamarslagi fraa Kappkjøpet fyrre Dagen.
           
Paa Halmen laag Kona og dei aatte Borni hans. Andlitet paa det yngste Barnet hadde slik ei væn Bragd; det var ein Gut paa tvau Aar, og han hadde lagt den vesle Handi burt paa Munnen til Mor si, liksom ho skulde faa kyssa henne elder ikkje faa Lov aa anka seg.
           
Alle sov stødt. Finngard haattade at han berre hadde sovet i stutte Bil; for det er rart med det, naar Kistorna standa ferdige og tilbudde kringum Sengi, daa er det liksom Svevnen og var ferdabuen.
           
Finngard var elles ein sterk og stødig Kar; det Augnemerket, som han jamt laut bruka i Yrket sitt, nyttade han og i alle Høve i Livet; korkje Lagnaden elder den daglege Gjerdi hans kunde faa honom svimrug; han var alltid stød, naar Stova skulde timbrast og Sperreparet reisast; men i Dag var han so undarleg, han kunde ikkje godt vera so fast som han vilde; og, i rette Røyndi, han vilde det helder ikkje. Finngard hadde gravlagt Foreldri sine og tvau Smaaborn, og han let daa Sorgi raada fritt; for han visste, at den Sorgi, som Ein vil kjøva, elder som Ein vil gjera seg fyre aa jaga burt, ho kjem alltid atter saarare daa; han tok det paa same Maaten, som naar han stundom skar seg, han klembde Blodet ut, og Saaret grøddest Vonom fyrr.
           
I all Sut og Uheppa er det det verste, Ein kann gjera, aa segja til den syrgjande: du skulde slaa deg til Tols og tenkja deg um, du turvte ikkje gløyma, at det kunde hava hendt det, som var so og so myket verre, og difyre lyt du vera nøgd. Det er liti Hjelp i slik Tala; ho berre manar den syrgjande til Motmæle, og det verd i Suti so myket saarare, med di det kann sjaa so ut, at den syrgjande stend berre hjelpelaus og utan Takk til den, som vilde syna Medkjensla.
           
Daa huggar det myket meire, naar Ein vil segja til den syrgjande: ja, Du heve fulla Rett til aa vera sorgfull og hugsaar; aa, kjære, kjøv ikkje Taara; kvar Ting og kvar Tid vil hava sin Rett, men komande Dagen ogso.
           
Finngard gjekk burt yver Golvet, og daa han tok Durklinka i Handi vaknade Kona, slog upp Augo og sagde stillt: Aa, Finngard, detta var siste Nattekvildi her heime.
           
Det var nok det, svarade Finngard i same Tonen,men verd no liggjande roleg, du treng um det i Dag, at du fær kvila deg ut, og vekk ikkje Borni; du veit, at me vilja vera hjaa kvarandre med Guds Hjelp. Han let upp Døri og gjekk ut; men vardt standande i Tankar ut fyre Døri. Denne eigne Smellen, naar Klinka soleids fall i laashaken, det var daa ein undarleg velkjend Ljod; han laut tenkja paa den Tidi, daa Far og Mor hans gingo ut og inn, og so Kjenningar og han sjølv; - aa, han kunde endaa minnast fyrste Gongen han naadde Klinka, han strekte seg og rette upp den vesle Handi; men det var lenge han berre kunde naa Klinka med vinstre Handi og ikkje med den høgre. Og Durstokken daa! Kor mangein Gongen hadde ikkje Finngard dottet yver denne Durstokken daa han var liten; og denne Kvisten, som endaa var so stor og skinande raud.
           
Men hadde Finngard gjevet seg so gode Stunder med kvar Tingen som no med Klinka og Durstokken, hadde det snaudt nog komet til Utferd med honom. Han steig ned Troppi og gjekk ut gjenom Landsbyen. Folket sov endaa; Svola kvitrade paa Mønet, Hanen gol i Hønsehuset, Fuglarne sungo millom Lauvet og Kui rautande paa Baasen.
           
Som ei burtfari And, naar ho useet kjem heim atter, medan alle sova, skreid Finngard gjenom Landsbyen. Stundom gav han seg til aa skoda lenger paa eit og annat Hus, som han sjølv hadde voret med og arbeidt paa; det fortalde um Møda og Sveitetak, men ogso um Kransøl og Gamal.
           
Han var komen ut paa Vangen, daa Soli rann og Lerka sette i med Gledeskrik og Sigersong høgt uppunder Himmelen. Finngard tok av seg Hatten. Herregud, er Heimen so fager, og kor mangein Gongen gløyma me ikkje det!
           
Finngard saag paa Aakren sin; her hadde han pløgt og saatt og skoret Aar etter Aar, og so fager som Grøda stod og skein i Soli no. Takk, du trugne Jord, du gav oss Føda, meg og mine. Ver velsignad og giv ei god Grøda aat deim, som eiga deg no, at dei kunna fegnast aa vera glade. Væne Vollar i Heimen min, vere velsignade alltid.
           
Han grov litt Mold upp or Aakren og gøymde henne i ein Klut. Han vilde hava henne til eit Minne i den nye Heimen. Han vilde straa Moldi ut paa den nye Aakren i den nye Heimen.
           
Finngard kom til Bordtufti. Han sette seg paa ein Stokk. Han laut sitja lenge her: her hadde han svingat Øksi og Bila i alle desse Aari. Dagen steig lenger fram, Morgonklokka ljomade og Finngard vart sitjande og saug i seg Lit og Ljos og Ljom; han tok djupt etter Anden Gong paa Gong, han kunde ikkje faa drikka nog av Heimelufti. Han plukkade ein blømande Lindekvist og sette i Hatten og no gjekk han attende til Landsbyen. Han maatte hava voret burte lenge, for i Landsbyen var no alle paa Fotom. Finngard laut stadna best som det var og røda med ein og annan; og kor godt han kjende deim alle saman! Hjaa gamle Mattis vardt han standande lengst, for han hadde kjøpt Kui hans. Finngard laut klappa henne Livros ein Gong til; Kui saag paa Finngard, ho hadde ein frisk Graasdott i Munnen; kann henda ho treivst vel so godt her i Samværet som heime, der ho hadde voret aaleine.
           
I Stova si fann Finngard Kona og Born klædde i den amerikanske Bunaden. Gutarne var svært so fegne med dei graae Hattarne med grøne Band, og dei bad Faderne um aa faa hava deim paa heile Dagen, daa Moderi hadde sagt, at dei skulde leggjast burt att etter Kyrkjeferdi. Deneldste Gjenta hadde Graaten i Augo. Faderen aaminnte Borni, at dei laut vera snilde og lyduge paa Ferdi og halda seg til Moder si og ikkje koma fraa kvarandre, ja, han talade mest hardt aat Gutom: den, som ikkje var snild, skulde verda bunden med Tog til Mastri, naar dei kom paa Skipet, og han skulde ikkje faa annat aa eta en berre eit Stykke Kvalfisk.
           
Faderen og Moderi saago tidt paa ein annan smilande, daa dei høyrde alle dei løglege Tankar, som Borni hadde um Amerika. Eldste Guten vilde faa seg ei gasta Byrsa og temja ein Bjørn og spenna honom fyre Kjerra, og den næsteldste Gjenta vilde faa seg ein fin Duvekleve og so ein Strutsfugl til aa rida paa. Den andre Guten tok til Graaten, fyredi Systkeni hans ikkje leivde nokot Slag aat honom; denne Striden vardt snart stilld; men det var ikkje so lett aa raada med ei onnor Usemja: Kvart Barn hadde fenget ei ny Skeid til Ferdi, og daa alle vilde hava den, som dei tykte var grummaste, laut Faeren rispa eit litet Tal i kvar Skeid, so myket kvart kunde kjenna si.
           
Kyrkjeklokka ljomade og Foreldre og Born lagde i Vegen.
           
Grendfolket let vel yver dei snilde Borni, som skulde fara so langt av, og Borni gjorde seg ikkje litet til i dei nye Klædi; for dei vaaro i Dag myket aatgaadde og umtalte, og det er ikkje lenge, fyrr en Borni verda vare det, og dei lika det med.
           
I Kyrkja, daa Orga klang og Songen tok til, heldt Finngard Hatten fyre Andlitet; endaa hadde ingen seet honom graata, men no visste han ikkje korleides det kom seg, Taarorna runno ned yver Vangarne.
           
Presten lagde ut um det, at Gud er paa alle Stader, og det gjorde godt aa fa høyra, at det langt ifraa oss paa hi Sida Storhavet liver Folk som tenkja sameleides som me, som hugsa paa oss lika so vel som me hugsa paa deim; detta kunde giva eit Bilæte og ei Fyreminning um det, at heile Mannætti er ei stor Eining. Sistpaa bad han ei Bøn fyre desse, som no skiljast fraa oss, men som lika vel era med oss, og som vilja vera med oss i Andi til den allverande Gud; og det var mange i Kyrkja den Dagen, som stillt fyre seg sjølv las dei fagre Ordi etter Presten: Herren velsigne deg og varde deg; Herren late Andlitet sitt lysa paa deg og vere deg naadig, Herren lyfte si Aasyn yver deg og give deg Fred. Utferdafolket hadde ikkje voret serleg nemnt, men Finngard og Kona hans saago og kjende, at alle gaavo deim gode Ynskje med paa Vegen, og Hjarto deira fylltest med Takksemd.
           
Dei toko Velfar og skildest med gamle Presten. Kona gret, og ho let um, at Ein visste daa ikkje rett, kor snilde Folk var, fyrr Ein soleides laut fara av.                                         
 
(Meir.)