Vestmannalaget og O. J. Høyem.

Vestmannalaget lovar ut 100 Kr. til den, som kann skriva den beste Bibelsoga aat Born paa Ivar Aasens Maalform. Høyem gjev ut ei stor Bibelsoga fyr Lærarar, og naar den er ferdig, vil han gjeva ut ei fyr Born, paa si eigi Maalform. Han hev elles bodet seg til aa prenta Skulebøker paa Aasens Maalform og. Han er rædd no, at einkvar skal taka hans Bibelsoga og gjera eit skjønsamt utval av den og senda Vestmannalaget, og detta forbyd han (Oplandenes Avis No. 32): ingen fær take ei einaste av dei skulebokom, eg har gjeve ut, og føre den heilt eller delvis in i ei onnor målform, utan mit løyve! Med di har eg då au forbode å take ut færre eller fleire stykkje av mi store bibelsoga, snu på ord og uttryk her og der og so prente dem i ei onnor retskrivning. Han segjer, at det no bydes mynt for å få folk til å bruke I. Aasens målform i skulebøker, og detta tykkjer han peikar paa motarbeiding av mi verksemd.
           
Høyem er harm, naar han tenkjer paa, at han hev havt stor Vaagnad og mykje Stræv, og so skal ein annan berre skriva ut or hans Bøker og faa 100 Kr. Detta kann ein inkje fortenkja Høyem i.
           
Vestmannalaget tykkjest hava Rett til aa lova ut Pengar fyr ei god Skulebok paa ei godkjend Maalform, og det kann ein inkje fortenkja Vestmannalaget i.
           
Høyem og Vestmannalaget stend paa kvar sin Utende av Maal-Fylkingi, so det kann vera vandt aa faa dei forlikte, men det lyt ein no prøva, kor som er, for ellest kjem mange til aa segja, at Maalmennerne hev sleget seg paa det merkantile System, naar Høyem tek seg Einerett til aa gjeva ut Skulebøker (for so kjem Folk til aa kalla det), og Vestmannalaget hjelper upp Ivar Aasens Maalform med Præmiar.
           
Høyem hev vortet harm og hev voret nokot hard i Ordi. Men ein fær inkje taka dei etter Bokstaven. Skal einkvar no skriva ei Bibel-Soga aat Born, vil han hava god Hjelp i Boki hans Høyem, soframt ho inkje er reint klein. Samleids vil den, som skal skriva ei Norigs-Soga aat Born, finna ei god Hjelp i den nye Norigs-Soga, som Samlaget hev utgjevet, soframt ho er nokot tess. Den norske Umskrifti av Heimskringla støder seg i mykje til Umskrifterne hans Munch og hans Aall, og ei ny Umskrift av Heimskringla vil venteleg bruka eit og annat av Samlags-Utgaava. So maa det vera. Den, som no kann skriva ei Skulebok fyr Lærarar, slik at han sjølv elder andre etterpaa kann skriva ei av same Slaget aat Born, han hev gjort ei god Gjerning. Detta vil vel Høyem og ganga med paa; men er det Meiningi hans, at ingen fær taka nokot ut av hans Bøker, so var det mykje betre, at Høyem sluttad strakst, og det vilde vera ei Harm-Tidend fyr alle Maalmenner, kvar Gong Høyem sende ut ei Bok, for daa var Grindi stengd paa den Kanten. Det vilde daa vera med Høyem liksom med Reinen: der han hev gjenget yver eit Jorde, vert det som ei Øydemark; Kui vil inkje beita der.
           
Vestmannalaget hev god Raad, er det likt til, men hev inkje stort aa bruka Pengarne til. Det held paa ei stiv gamaldagsleg Maalform, som ingen lenger brukar, og som er so unaturleg, at der ingen Maalmann finst lenger, som sjølvminnt arbeider fyr Vestmannalaget, men andre vil det inkje hjelpa med Pengarne sine. Vestmannalaget er liksom Hunden paa Høysaata, som inkje kann eta sjølv og inkje vil sleppa Kui til helder.
           
Skulebøker, som er ætlad aat Lærarar, skulde helst koma ut paa Aasens Maalform, men um dei kjem paa Høyem si elder ei onnor, er det inkje so faarlegt, naar ho berre er lesande. Men eg veit inkje kvat det skulde vera til aa gjeva ut ei Bok fyr Born paa det Maalføret, som ABC-Boki hans Austlid er utkomi paa 1) (Utgaava til Vestmannalaget). Ei slik Bok paa Maalføret hans Høyem kunne dei vonleg bruka i Trondheim, men andre Stader venteleg inkje. Der maa fleire til, og dei lyt leggjast so tett som mogelegt inn aat Bygdemaalet. Derfyr vert det reint meininglaust og, at ingen fær skriva ut or den store Bibel-Soga hans Høyem, for daa vilde det vera so stor Skilnad paa dei Bøkerne, ein skulde bruka i dei ymse Bygdelagi. Ingen kunne daa gjera betre enn aa segja seg ut or Skuleboksamlaget hans Høyem.
           
Eg fyr min Part vil segja, at kvar den, som vil, kann fritt taka ut av mi Norigs-Soga, det gode han kann finna der, naar han vil laga ei Norigs-Soga aat Born, og te meir han kann finna, te meir glad skal eg vera. Men daa skal han sjølv gjeva andre Lov til aa lempa hans Bok etter andre Bygdemaal. Eg vil beda Høyem vera likso liberal, soframt han tykkjest hava Raad til det, Vestmannalaget vilde eg beda um aa senda fyrst og fremst den Bibel-Soga, som fær Præmi, til Høyem, so han kann prenta ho; detta vilde vera ei Studning fyr Skulebok-Samlaget, og so kunne den, som skriv denne Bibel-Soga, hava all den Hjelpi, han vilde, av den store Bibel-Soga hans Høyem, og baade Høyem og andre, som vilde gjeva ut Bibel-Sogur aat Born, kunne taka det beste av den, som Vestmannalaget gjev Præmi fyr. So kunne det koma nokot godt ut av det. Maalet fekk inkje vera meir gamaldagslegt enn i Fedraheimen. Attaat detta skulde eg beda Vestmannalaget lata Ivar Aasen faa vera med og avgjera, kven som er best av dei Handskrifterne som kjem inn.
           
Paa denne Maaten kunne ein laga det paa beste Maaten, so alle vart forlikte og stod seg paa det. Men vil ein inkje gjera det so, vert det alltid bakatter ei Raad til aa gjera det anderleids, og daa fær kvar fyr seg stella seg so godt han kann.
                       
Forf. til Norigs Soga.
 
1 ) Denne ABC-Boki er det mykje godt i, men eg trur inkje ho kann brukast annat enn som ei Naudbergjing. 1) Maalet er for gamaldagslegt. 2) Ho byter Ordi galet: f. Ex: Bjør- nen. Det finst ingi Staving (Stavelse) paa Norsk, som heiter Bjør. Fyrste Stavingi i Ordet er Bjørn, andre en; lagt ihop vert det Bjørnen. Legg ein ihop Bjør (lang ö) og nen, vert det eit Ord, som inkje finst paa Norsk. Detta er stor Synd paa Boki.