Or "Framtalande-Visa"

( Skalden Sighvat kved til Kong Magnus:)
 
            Haakon, som paa Fitje fall,
            Folkeven han het med Rette.
            Framand Røvarflokk han refste,
            Ros han fekk og Landsens Kjærleik.
            Log han Folket gav og Fridom,
            Fosterson hans Adalstein.
            Godt vil Bonden verja Gaava,
            gamall Rett han seint vil sleppa.
 
            Jarl og Bonde kunde kaara
            Kongar gode til aa styra,
            Eigedom og Odal baae
            Olavar i Fred leet vera.
            Trygg var Bonden under trauste
            Tryggvason og heilag Olav;
            vise Logjer gav dei Landet,
            let dei og ved Magt faa standa.
 
            - Harmast ikkje, Herre! paa
            honom, som deg trufast varar!
            Fritt mi Meining fram eg segjer,
            fremjande min Konugs Æra.
            Lyger ikkje Landsens Folk,
            Logi no er mykje klen;
            annat du i Ulvesund
            eingong fyrr hev Bonden lovat!
 
            - Varleg, Konge, lyt du vera;
            vonde Ord kring Landet fer.
            Du som Tjov og Røvar tuktar,
            tak fyr Urett deg i Vare!
 
            Den er Kongens Ven, som varar,
            og som vonde Gjerning hindrad;
            bause Kjempa vil eg beda
            Bondens Vilje lyda paa!
            - Stygglegt er det: Thingmenn stikk
            stødt ihop med Kviskring Hovud;
            under Felden tungt dei tenkjer;
            Tigjing er paa Folket komi. - - -