Enndaa meir Partistrid?

I No. 9 av Fedraheimen stend eit Stykkje um Missionen og Missionsverket vaart, som byrjar med aa spyrja, kva det er, som gjerer, at Mis- sionsarbeidet vaart hev so liten Framgang, og endar med eit Utfall mot Prestar og Teologar. Detta kom uventande no. Eg trudde, at det var Slut med Partistriden i Fedraheimen. Men eg tok i mist. Elder er det kanhenda ikkje merkt av Partiaanden detta Stykkje? Lat oss sjaa etter. Det er dei aalvorlegaste Kristne i Landet baade av Prestar og Leikfolk, som attaat di ogso er dei varmaste Missionsvener, og som held uppe og driv Missionsverket hjaa oss. Dei fær hellest bera Namnet Pietistar desse Folk. Kor eg hev faret, hev eg funnet, at Missionshug og aalvorleg Kristendom fyr det meste fylgdest aat. Og det maa s o vera, naar ein maa taka det som eit aalment Krav aat alle Kristne, detta Jesus sagde til sine Læresveinar: Gange ut i al Verdi, og forkynne Evangelium fyr heile Skapningi, fare no stad aa gjere alle Folk til mine Læresveinar. Missionen er ein heilag Ting, eit kjært Barn fyr Kristenfolket. Og Arbeidet fyr Missionen er aa likna ihop med Arbeidet fyr vaare eigne Born: medan me leider Smaaborni fram, so dei veks i Visdom og Alder, so veks me sjølve med dei. Naar Gudsrikjet stig upp som eit Rikje, som vil breida seg ut yver heile Verdi og samla alle Folk til eit stort Systkinlag, bundet samen av Kjærleiken til den same Frelsaren; og naar Heidenskapen verdt maalad fyre Augat, so ein ser denne uhorvelege Mengdi av ulukkelege, aasjuknande Folk, som inkje hava nokot Ljos, nokon Kunnskap um den sælgjerande Sanning: daa ser me betre Kampen, som me sjølve hev aa føra fyr aa koma fraa Myrkr til Ljos og vinna fram til aa verta sanne, medvitne, heile, sunne Kristenmenneskjur. Detta gjeng Hand i Hand. Difyr skulde ein vera hogvar og fara varleg fram, naar ein tok til aa forhandla um Missionen. Det vil so snart sjaa ut som um ein lagde seg etter aa døyva Missionshugen, og ein gjer det og, naar ein fer fram som Hr. I hev gjort. Det hjelper litet til aa retta paa Saki, um han her og der rosar litet Grand, der Godord ikkje tarvst, naar Stykkjet er so heiltupp eit Aagrip paa Missionsstyret og Missionsvennerne, ja er so reint eit Partiinnlegg, at det endar i desse Ordi: Det er litet Von um Betring no. Missionsverket og Missionsskulen stend under Tilsyn av dei høglærde rettruande, konfessionelle Prestar og Teologar, maa vita, og dei hev sine eigne Meiningar baade um det folkelege og um det menneskelege. Han hæder Missionæranne og jamvæl det norske Folk; dei er rasande av for mykje Lærdom og er ukjende med Livet. Men i Norig er det ikkje godt aa faa Vit paa det folkelege. So dreg han fram alt det, dei maa læra paa Missionsskulen, og finn so ut, at dei vert upplærde plent etter same Maaten som vaare eigne Prestar. Dei maa læra mange framande Maal, Hebraisk (?), Græsk og mangeslags nye Maal, og so Teologi. Hellest kann eg upplysa, at dei paa Missionsskulen ikkje læra Hebraisk. Det var ei Usanning. Skal tru Græsk skulde vera skadelegt for Prestar og Missionærar, som skal forkynna Evangeliet? Maatru ikkje Missionærarne fær Bruk fyr baade Tysk og Enge lsk? Dei andre framande Maali er anten Ma dagassisk elder Sulumaalet. Dessa er daa vel naudsynlege. Klaga paa Maallærdomen er soleids ugrunnad, laust Snakk, som der ingen Meining er i. Missionærarne er dinæst ukjende med Livet. Skal tru det? Mest alle, som vert inntekne paa Missionsskulen, hev voret anten Skulelærarar elder Handverkarar elder i ei onnor praktisk Livsstilling. Um mangein byalen Embættesmann kann det væl segjast, at dei er ukjende med Livet, men inkje um Missionærarne vaare. Den andre Usanningi er den, at Missionærarne paa sine Stationar upplæra Heidningborni i dei same Lærefagi, dei sjølve er upplærde : Dogmatik, Homiletik, Græsk, Norsk o. s. b. Den Skulen, Hr. I. nemner, er ikkje ein Missionsskule paa ein Station, men ein Slags Høgskule fyr aa upplæra innfødde til Prestar. Hr. I segjer sjølv: skal ein venta varig Framgang fyr Missionen, maa ein sjaa aa faa innfødde Lærarar. Det er detta, dei gjerer paa den Skulen, egxxxx. Skal tru, Hr. I. kjenner til det, han skriv um? Eg tvilar paa det, eller det, han her fortel oss. Men skal eg gaa vidare? Me forstend, at Hr. I. er ein Hatar av Lærdom. Lærdomen gjerer Folk rasande og fortullar det vesle Vitet, ein Madagassar kann hava. Paulus vert fremdregjen som eit Døme paa ein rett Missionær. Sannt, han er den største av alle. Men var han ulærd denne Mannen? Eg lyt beda Hr. I. ein annan Gong sjaa seg betre fyre, fyrr han tek eit Døme or Bibelen. Paulus var ein folkeleg Mann, men og den lærdaste av alle Apostlerne. Kvifyr tok ikkje Hr. I. helder dei andre Apostlarne? Dei var daa berre faakunnige Fiskarar. Det var mykje i Stykkjet hans I, eg kunde hava Lyst til aa draga fram. Men han fær orsaka meg denne Gongen. Han vil Prestar og Teologar inn paa Livet, og eg hev ikkje faret ut fyr aa forsvara dei. Det var berre det, eg vilde syna fram, at denne Hr. I. var ein Partimann, og at han ikkje eingong fer med full Sanning. Det er ei Synd aa vilja døyva Missionshugen ved slik usannferdig Framstelling og ved Forkjetring. Dei, som skal kunna rettleida Missionsvenerne og Missionæren, maa vera mykje betre kjend med Missionen vaar, enn Hr. I. ser ut til aa vera, og dessutan maa han vera rettferdig mot alle.
           
Eg vil beda Fedraheimen, at han anten vil lata upp Døri fyr alslags Forhandling elder so stengja ho vel att fyr slike Stykkje, som berre gjerer vondt. Skal Missionssaki forhandlast i detta vesle politiske Bladet, so ja so kjem eg att sidan, og daa skal me sjaa betre paa eit og annat som det denne Gongen ikkje er Høve til aa taka fram.
                                                          
f.