Det etnografiske Museum

Bjug var ute i fyrre No. av Fedraheimen og ankad seg yver Folk som Sverdrup og Berner, meddi dei inkje vilde røysta fyre 1000 Krunor som Tilskot fyre i Aar til det etnografiske Museum til Inkjøp av national Bunad og annat sovoret, som det kunde vera verdt aa berga. Han meiner, at det inkje vil finnast lenge slike gamle Saker og at det soleids maa samlast snart. So vidt eg kann skyna tek Bjug imist her, han heve ikkje gjevet Gaum etter dei Sakerne, det gjeld aa kjøpa. Som han vil sjaa av Forslaget spyrst det inkje her um aa berga alt so gamle Saker, det gjeld berre um aa samla slike, som er sermerkte fyre Bonden i vaar Tid (det 19de Aarh.) Og skal no tru, det hadde slik Braadhast med aa skaffa seg slike?
           
Elles er det so, at skal eit Nationalmuseum hava vitenskaplegt Verd, so lyt det samlast fraa alle Tider, so Samhengjet i vaar Historia kjem fram; fær ein inkje detta med, so verdt Samlingi berre til Bisn. Men skal ein faa detta fullt og heilt med, so spyrst det um større Pengemidlar, en kann henda Landet heve Raad til: det var vel soleids inkje so reint burt i Villa aa krevja ein Plan yver Kostnaden til eit fullferdugt Nationalmuseum, so som Sverdrup og Berner vilde. Hadde me havt ein sovoren, so hadde kann henda baade Bjug og alle andre samtykt i, at det var betre aa bruka Pengarne til Upphjelp av Folksens Aandsliv. Ein kann og kjøpa Gull for dyrt, um det elles er Gull. Men kanskje Bjug vil segja: aa kjøpa inn slike Saker vil alt vera til Bate fyre det nationale Livet. Kann so vera, men inkje trur eg, at det vil skapa og nøra nokon Vyrdnad fyr det nationale Livet, at me faa norsk Bondebunad og norske Greidur sette i Baas med Eskimoar og andre Vildingar. Nei lat Stortinget gjeva oss ein Lærarpost i norskt Maal ved Universitetet, det er nokot, som kann muna. Det er fulla inkje faae her i Landet, som vil studera det norske Maalet, men kor skal dei av? Dei heve Ordboki og Maallæra aat Ivar Aasen, men ved den store Allskulen høyrest snaudt nok eit upplysande Ord um det Maalet, som lever i Dag; men naturlegvis, det heve ikkje den Vigt aa kjenna detta som aa sjaa pa Bunaden; detta ser iminsto ut til aa vera god norsk national Læra. Men er det no inkje ogso snodigt, at me heve Lærarpostar fyre so mangt og myket, men fyre norskt Maal, som mange no vil læra, heve me ingen. Detta var nokot annat fyre Storthinget aa taka seg utav en Bondebunad og Sylvgreidor i det 19de Aarhundrad. Men kom eit slikt Forslag fram, so kann Bjug lita paa, at Sverdrup og Berner vilde vera dei fremste til aa stydja det, medan Høgre vilde spenna imot det, dei orkad; me veit fulla at Ministeriet Stang heve sagt, at Nationalkjensla er so sterk, at gamalnorsk og annat sovoret stygt trengst det inkje vidare um her i Landet.