[Riksraadskai.]

Riksraadskai. Dei trur Regjeringi vil faa Sanktionen negtad. Det ser utrulegt ut. Naar alle Grunnar talar fyr Saki, ingen imot; naar Folket meir og meir samrøystugt og Gong etter Gong krev Saki gjenomførd, kor i vide Verdi tek so Regjeringi Retten ifraa til aa negta Sanktion? Og kor tek ho Modet fraa, naar det i heile Riksens Logverk ikkje finst eit einaste Ord, som ho i eit slikt Tilfelle kann byggja Vetoet sitt paa? -
 
Ingen veit det. Men det veit me, at det vert aalmennt sagt og trutt, at Sanktion skal negtast. Og sannt aa segja: me finn det ikkje utrulegt. Me finn, at det vil vera Stangs Regjering so altfor likt. Med den Statsskikken, me hev havt, og med heile den Slengen, som er komen inn der upp i den Flokken, er det ikkje urimelegt, at Stangs Ministerium kann fara aat so tvert imot all Politikk.
 
Det er ein Mann, som stend yver Regjeringi. Mange trur, at han vil hava større politiskt Syn enn den. Men det spyrst, um han stend i eit so livande Samband med det norske Folket, at han i ei Aalvors Stund kann forstaa det. Det Stangske System hev bygt upp slikt eit Kjølen av Mistyding millom honom og Folket hans, at dersom kan kann sjaa yver det Fjellet, so maa han vera ein større Mann enn me hev Rett til aa venta.
 
Det Vidunderlege kann henda. Og kor godt det vilde vera fyr baade den eine og den andre, det tarv me ikkje forklara her. Men i Politikken reknar Ein ikkje med slike Faktorar. I Politikken reknar Ein berre med dei Trumfarne, som Ein hev paa Haandi. Dersom det Vidunderlege hender, vil me kasta Trumfarne og halda Fest. Men fyrst maa me hava gjort heilt og klaart med oss sjølv, kvat me hev aa gjera, naar det Vidunderlege ikkje hender.
 
 
Der er berre ein einaste Ting aa gjera.
           
Dei hev talat um Budgetnegtingar. Paa dette Stadium nyttar det ikkje. Naar ei Regjering hev Skalle diger nok til aa vaaga det absolute Veto, mot Folkeviljen, utan Studning i Landsens Log, so vil ho knapt fæla fyr slik ein Smaating som aa gjeva seg sjølv eit Budget. Sjaa til Danmark! Og Stangs Regjering hev aldri voret smaasaar i Pengevegen. Kvat vilde Thinget gjera? Mistillitsuttal? Riksrett? Fastelavnsris? -
           
Dei hev talat um ein sterk Adresse, ein kraftig Dagsorden, reine Ord. Ord og Ord og Ord! Regjeringi hev lært ein Ting i sin lange Strid med Folkerepræsentationen, og det er den aa ikkje bry seg um Talemaatar. Der hev Regjeringi lært ein vitug Ting, og Storthinget lyt eingong læra det same. Politikken e r ikkje Ord! og allerminst store Ord. Ei Regjering, som bryr seg so litet um ei 4-5 Gonger vedteki logleg Avgjerd; ei Regjering, som hev Mage sterk nok til aa svelja treti Storthings-Talar, kvar Tale sterk nok til aa tyna ein Mastodont, - ei slik Regjering vil flira so lognt aat endaa den sværaste Adresse. Det nyttar ikkje! Naar Regjeringi vaagar ein Politikk som denne, so gjer ho det just i den Voni, at Thinget berre vil snakka.
           
Dei hev trøstat seg med, at Folket, Veljarfolket, vil tala. Veljararne vil nok lata høyra fraa seg! Kvat skal Veljarfolket segja? Veljarfolket hev talat! Det talad, daa det valde sine Repræsentantar; og det valde desse Repræsentantarne, fyr at dei skulde tala! Repræsen tantarne skulde føra Folkets Tale fram, og det med Kraft og Aalvor. Paa annan Maate kann ikkje Folket tala. Sviker so Thinget, kven skal daa Folket faa til aa tala fyr seg? Skal det gjera Revolution? I so Tilfelle vilde det væl fyrst venda seg mot Thinget, som sveik dess Tillit just daa det galdt.
           
Det nyttar ikkje aa vrida seg fraa det. Knuten hev knytt seg for hardt no. Den politiske Striden hev yddat seg so kvasst ut, at den, som no bøygjer av, hans Sak er tapt.
           
Det er den verste Upolitikk som er, dette: aa flaa stort paa, og so ikkje til Slutt kunna føra sin Vilje igjenom. I Politikken gjeld det meir enn i nokot annat: aa aldri lova meir enn Ein kann halda. Lat oss veksa ifraa Frasen og Knaldpolitikken! Lat oss endeleg eingong læra dette, at Politikken ikkje er Ord, men Politikk er det: aa hava ein Vilje, og aa føra denne Viljen fram!
 
 
Dersom 1880 Aars Storthing ikkje gjer sin Skyldnad her, so vil det vera historiskt fordømt.
 
Riksraadsaki vil vera tapt. Det vil segja: Rikslivet vaart vil halda paa med dette aa vera ei æveleg Traakking paa same Flekken, ein æveleg Strid med æveleg Mistillit millom Statsmagterne, Gnaal og Kav og vondt Blod, men aldri den jamne og sunne Utvikling, som i Sanning kann føra eit Folk fram.
           
Verre enn det: Det absolute Veto vil vera godkjennt. Dermed vil Eidsvollsverket i sin innste Tanke vera sprengt. Grunnlogi høyrer daa inkje lenger Folket til; Folket er ikkje lenger suverænt, ikkje lenger sitt eiget; Folkefridomen vert ein Talemaate.
           
Det vil ganga med alle store Reformer som det no gjeng med Riksraadsaki. Folket vil arbeida i Mannsaldrar paa aa føra Sakerne fram; so vil heile Strævet vera spillt, so snart ei kontorstorknad Regjering finn fyr godt aa segja sitt vil ikkje. Den Ting aa arbeida gjenom loglege Former fyr tidhøvande Reformer vil koma til aa synast vonlaus. Folkeviljen vert ein Frase, og Thinget fær gode Tider til aa sitja aa dryfta sine kjære Pensjonar.
           
Verre enn alt: Thinget vil, naar det sviker i eit slikt Aalvors Tak, tapa Folkets Tillit og dermed si politiske Magt. Dei, som er imot Folkeveldet, vil kjenna seg trygge etter den Dag. Storthinget gjøyr, men det bit ikkje, vil dei segja. Og dei vil finna det fælande morosamt aa sjaa paa desse gilde Løvurne utanfyr Thing-Garden, desse Løvurne, som ligg der so inderleg rolegt og søv.
           
Tingen er den: me stend ved eit Skifte. Heile Fridomsarbeidet etter 1830 hev no ført ut i denne eine Odden: Riksraadsaki med Vetospursmaalet. Her gjeld det. Kven veit, kor han skal taka fat, dersom det glepp her? Den gamle liberale Fylkingen vil sprengjast. Ein Flokk vil tapa Modet og siga yver i Høgre elder i Ingenting; ein annan vil prøva aa finna eit nytt Utgangspunkt i Fristatstanken. Men Utviklingsgangen vil vera broten. Og Folket vil segja: dette hende i 1880. -
 
 
Storthinget vil ikkje og kann ikkje taka eit slikt Ansvar. Det er sett av Forfatningi og av Folket til aa verna og verja Norigs Fridom, og det vil so gjera. Me kann i modlause Stunder tvila um sume av desse Menn, som er komne her inn fraa sitt Kvardags Stræv fyr aa repræsentera Folkeviljen; men røyner det paa fyr Aalvor, - dei vil visa seg aa vera Nordmenn. For det var alle Dagar norsk Skikk: taka det maklegt, so lengje det gjekk an, men spenna i av all Magt, dersom det fyrst skulde vera Aalvor.
           
Av Regjeringi ventar ikkje Folket so stort. Det hev vant seg av med det. Men av Storthinget krev det sin Rekt. Det kann segjast i full prosaisk Sanning, at Folket ventar, at Thinget skal føra denne Saki fram. Slik Spening som det no er utyver Landet hev det sjeldan voret. Det nyttar ikkje aa negta det: her er Aalvor i Lufti. Og den Tigjing, som er komi paa Folket, er talande. Ille fyr dei, som ikkje høyrer den!