[Notisar]

Kristiania, den 2dre April
 
 
Storthinget kom ihop atte etter Paaske um Onsdagen. Dei hev fenget Svar fraa Kongen um at dei skal faa halda paa solenge, til dei vvert ferduge.
 
 
Den tyske Regjering i Slesvig hev utvisat 13 Mann av Landet, berre for det dei var danske Borgarar, men endaa var dei fødde i Slesvig.
 
 
Nihilisme og Socialisme hev voret gamalt kjennde i Kina. I det 11te Aarhundrad hadde Socialistarne reint Magti. All Eigendom vart fraateken Einskildmannen og lagt til Staten, alt Jordgods, alle Fabrikar, alle Handelslag. Staten sette alle til kvar sitt Arbeid, og Ingen fekk hava meir enn det, han fortente. Men det gjekk ille; mest alle Folk lagde seg um aa stela fraa Staten, og det vart som ein heil Krig millom Staten og Folket: det var raadlaust aa halda det uppe; um 15 Aar kom alt igjen i det gamle Lag.
 
           
Prins Oskar held seg no i Paris, men han vil vera ukjennd; so kallar han seg berre Greive av Gripsholm.
 
           
I Kristiania Arbeidarsamfund hev Skulestyrar P. Voss boret fram den Tanken, at paa den øvste Stiget ved Folkeskulen i Kristiania, Betalingsklassen, maa det kunna byggjast ein Midelskule paa stutt Tid, 3 Aar hell so. Og det var vist ein rett-tenkt Tanke; daa vilde Ein ikkje somykje verta stengt fraa vidare Utvikling, um Ein gjekk paa denne Skulen, hell daa vilde ikkje den verta berre ein Skule for dei simple so mykje. Det vart talat baade att og fram um det og Enden vart, at dei skulde velja ut ei Nemnd til aa grunda paa det.
 
 
Prof. Nordenskjöld vert motteken med Fest opg Fagnad, kor han kjem. I Paris, segjer eit fransk Blad, er det ingen Franskmann, som hev fenget slik Æremun. I London skal det vera stort Lag fyr honom, der Prinsen av Wales skal vera Fyremann. I Kaupenhamn skal Studentarne møta honom paa Bryggja. Den norske Marine vil au hava iveg Sendemenn for aa komplimentera honom.
 
 
Utnemnt. xx Fay til Fullmegtig i Marine- og Post-Deptt. Kap. J. Riddervold til Prest i Ullensvang i Hardanger. Pers. Kap. Hofsgaard til fast Kap. i Ullensaker. Kand. Daae til pers. Kap. i Gildeskaal Trums Stift. Kand Berg til pers. Kap. i Aasnes i Øysterdalen. Kapt. Heierdahl til Postministar i Arendalen.
 
           
Mjøsi hev dei haldet for det største Vatnet i Norig. Men etter som dei no nyleg hev mælt, synest Røysvatnet i Hatfjelldalen aa faa Rangen. Dette er 7 Mil langt og 2,5 Mil breidt, og heile Flata er 13 Rute-Mil, og det naar ikkje Mjøsi fullt.
 
           
Paa Aardalsfjorden i Setesdalen drukknad det 4 Menniske Palmesundag. Dei kom køyrande fraa Kyrkja, daa brast Isen under Sledarne.
 
           
Storsymjaren Kapt. Webb i London vaagad med Ein, at han skulde symja 60 Timar utan aa kvila; det gjorde han au i Kvalfiskdammen, og daa han hadde avsumt, var han endaa ikkje trøytt.
 
           
Der Keisarpringen fall ned i Sululandet hev Droning Viktoria latet reisa ein Steinkross til Minne um det. Moder til Prisnen, Eugenie, er no au paa Vegen dit, ho vil sjaa der Sonen fall.
 
           
I England hev dei laga eit Slag Kanonar, som dei kann taka sund og klyvja paa Hesteryggen. Naar dei skal bruka dei, skruvar dei berre Stykki ihop og smøygjer so ein Jarnring utanum.
 
           
Innløysing av gamal Mynt. Me minner Folk um, at fyre den 30te Juni 1880 maa det løysast inn: Heile og halve Dalarstykkje, Ortstykke og Tolvskilingar og so alle Triskilingar, som vart stempla i Aari 1868-1873. Paa Landet er det Futen, som skal løysa dei ind.