[28de Februar]

28de Februar var nettupp 100-aarsdagen etter, at den fyrste offentlege Boksamling i Kristiania vart skipad. Soga um denne Samlingi er forvitneleg, avdi den ho syner, kvat fyr eit Kulturstandpunkt me hev stadet paa til dei seinaste Tider. Skaparen av Boksamlingi var Carl Deichmann, Son aat den namngjetne Biskop Deichmann. Daa Faeren vart avsett i Unaade 1731, og do Aaret etter, kom den store Boksamlingi, han hadde aatt, under Auktionshamaren. Sonen kaupte daa venteleg ein god Part av dei kostsame Bøker, som sidan vart Grunnlaget i hans store Samling. Han livde mest i Porsgrund, daa han aatte Part i fleire Jarnverk derumkring. Likevel brukte han si meste Tid til boklege Syslur og hev skrivet ned mykjet, som seinare hev voret nyttugt som Emne fyr Soga fraa hans Tid. Boksamlingi aukad han gjenom heile sit Liv og let etter seg ikring 6000 Bøker. Desse gav han alle til Kristiania By, fyr at dei ikkje skulde spreidast, og attaat 2000 Rdl. til Auking seinare. Boksamlingi vart opnad 1785, og Kristianiafolket totte i Fyrstunne det var fælt so gildt. Men Byen vilde snart ikkje lata ein Skilling til, og Romet var utrulegt uhøvande. Største Luten av Bøkerne laag nedpakkad i Kassur og vart dregne att og fram fraa Latinskulen til Mangels- og Thomsegarden. Byen vart kjeid av slikt Ovstell som ei offenleg Boksamling og baud Universitetet det heile. I 1846 vart ho likvel atter opnad, men Styret var løglegt og ingen kunde bruka Samlingi, utan Handverkarar og Skulegutar, daa ikkje nokot skikkelegt nytt vart kaupt, og Bøkerne var so avreidde, at dei mest ikkje var takande i. So laag det paa Legd atter nokre Aar, men hamnad endeleg i Studentarsamfundet, der det no nyt ei vel fortent Kvila. Nokot meir er gjort fyr det i dei siste Aari, men mykje stend att. I Trondheim hev den Boksamlingi, som og vart grunnlagd i 1780, vokset til 50,000 Bøker.