Yngvar Nielsen

hev nyleg gjevet ut ei Bok Reisebreve og Folkelivsstudier. Ho er nokso lettskrivi og morosam aa lesa. Han hev voret baade paa Vestland og Austland; mest er det etter Maaten, det han skriv um Setesdalen og Telemarki. Han er glad i alt gamalt, gamle Klæde, gamle Seder og daa au gamle Meiningar, so han stødt tykkjer Folk fylgjer for mykje med si Tid. So i Setesdalen hadde han daa uppspurt ein Mann, som skulde vera konservativ, og det var han visst au til Gagns; han vilde innføra Moseloven atte, det andre heldt han berre for Tufs: men daa totte jamvæl Yngvar Nielsen, at det gjekk for vidt. Men hellest talar han um det politiske Livet soso paa Lag: Stakars Almue, segjer han, dei veit ikkje likare.
Dei vert narra paa Villa av desse Ljugebladi, som Fedrh. og slike, og det er sjeldan dei fær høyra eit vitugt Ord; det er ikkje att mange sanne Almuevenner millom dei. Men endaa finn han, at Folket i Grunnen er vitugt, ja konservativt, som au sannt er, men daa er det væl ikkje so reint ille med desse Blad helder. Hellest gjev han Fedrh. og dei andre Smaabladi stor Ære; dei er ei Magt i Staten, segjer han. Ein fær no sjaa daa, um alle dei vituge Ordi, som Nielsen hev lagt etter seg paa nokonkvar Staden, snart vil bera Frukt.
           
Det han skriv um Maalsaki er Blanding av Vit og Faavit. Det vert mange Maalmenn i Setesdalen, segjer han, og dei høyrer au, segjer han til de mere begavede og tækkelige Bønder, og han meiner, at nok den Tid kan komme, da Maalstrævet ogsaa i Sætersdalen vil hava gjort lignende Fremskridt, som det alt har faaet i enkelte andre Landsdele. Maalstrævet synes paa flere Steder at blive et Gjennemgangsled i Almuens Arbeide mod Oplysning. Det viser sig virkelig, at det, som driver den begavede Bonde ind paa denne Retning, netop er den vaagnende Trang til at vinde Kundskab, Oplysning og Dannelse, hvilken han først tror at kunne tilfredsstille ved dette. Uagtet det ganske vist havde været det mest ønskelige, om dette havde været undgaaet, behøver dog ingen at nære Frygt for, at det skal være det endelige Standpunkt. Dette er nokso rimelegt sagt og meir, enn Ein som oftast kann venta seg av ein Motstrævar. So skal dei segja alle: Er det godt, vil det vinna fram ved si egji Makt, og er det ikkje godt, vil det au falla utan Motstræv. Lat det fritt faa gjera si Gjerning, noko godt so for Upplysningi kann det i alle Fall gjera. Men so er det sumt au, der han talar beint burt i Vitløysa, daa han meiner, at naar Maalsaki ikkje eingong vil kunna halda dei gamle Bygdemaali reine og ublanda, so er det ingi Von um aa naa meir. Det er underleg med det; fyrr høyrte Ein, at Dialektarne med sine Avbrigde og med kvar sin Lit og Lag var til Hinder fyr eit Landsmaal: dei var steingjengne og kunde ikkje semja seg inn under ei større Grunnform, utan at alt Liv vilde spillast; men no skal det, som kanskje au er medverka av Landsmaalsbøker, at Sermerki ved Bygdemaali litt um Senn jamnar seg ut i nokot meir landsgjeldande, vera Meinen. Det er langtifraa so, at Dampskibe, Jernbaner og Chausseer ville tvinge Sproget ind i en helt anden Retning end den, hvori Maalstrævet vil pege! Maalmennerne maa nettupp i den større Samferdsel sjaa ein Hjelpar til aa utskilja det einmerkte og draga saman det aalmenne, allvist daa, naar det er Folk med meir fingjord Maalsans, som kann rettleida, so det kjem liksom ein viss Tanke i Maalutviklingi. Det hev alt faret til med nokot slikt i Telemarki, der mange Bygdemaal tek til aa jamna seg meir og meir saman til Bate fyr Landsmaalet.
           
Det at det i Setesdalen er Maalmenn, som hev kasta dei lange Buksurne, som Nielsen hellest ikkje tykkjer gildt i, det finn han au er eit Uhøve. For han hev sett seg i Hovudet, at Maalsaki etter Tanken maa halda paa heile det gamaldagse Standpunkt i Bunad og Seder og Tenkjemaate, som det er greidt baade han og me tykkjer er Usans. Men no visar det seg daa jamvæl paa dei hardaste Maalmenn, at Saki ikkje kann halda dette uppe segjer han, so er ho magtlaus. Men det hadde voret likare, um han hadde tenkt soleis: Eg trudde fyrr, at Maalmennerne vilde stengja seg inne i alt gamalt og nedervt som var i Landet, anten det var av vondo hell godo, men no ser eg verkeleg, at Maaltanken hev Livskraft nok til aa semja i seg au Emne fraa eit nyare og meir aalment Kulturstandpunkt, at det er ein Framstigstanke, som hev vokset ut av det gamle og ikkje ei snau Attervending til dette. Daa hadde han visst spaatt Maalsaki meir Sigervon.
           
Det same Tvisyn kjem au fram paa ein annan Maate. Han talar um Dalakvendi, kor fint dei fører seg, kor greileg hell elegant dei faktar seg; fyr den Poesi hev han Syn; men Dalastevi, som kann vera endaa finare hell Gjentunne, ynskjer han ned og nord: De ere nemlig for det meste af et saa lascivt Indhold, at de neppe en Gang kunde trykkes uden meget store Forandringer. Sætersdølens Romantik finder i dem neppe sit heldigste Udtryk. Korleids han kann skriva slikt, kann eg ikkje skyna. Sjaa imot detta Jørgen Moe, det han segjer um Dalastevi 1) . Den einaste Orsaking fyr ein sodan Dom av ein dana Mann maatte vera det, at han talar um Ting, som han ikkje kjenner nok til. Han maa vera misvist av Bondehatarar og halden for Narr av Galningar, for det er vandt for ein Byens Gut aa læra Dalafolket rett aa kjenna: dei er so arleis laga 2) .
           
Dei beste Gullsmedar, segjer han, er i Setesdalen og Telemarki, men Laget paa Syljurne i Setesdalen, allvisst no for Tidi, er ikkje upphavlegt og sjølvfunnet; det er laant fraa Telemarki meiner han; der er rette Heimen for det norske Sylvarbeid. Det viser seg ein Kunstsans og fin Smak i Telemarksarbeidet segjer han, som er likjeslaus. Soleids stend Hardanger langt tilbake i so Maate. Fagersansen der hev veikna av mykje i det siste, segjer han; dei vil hava for mykje Stas og Glim og gloande Liter. Han rosar au Løyesamarne (hell Broderierne) i Telemarki for deires rike og fagre Former.
 
 
Yngvar Nielsen er Styrar av den Ethnografiske Samling paa Universitetet, og det er for det meste for denne han hev reist og kaupt upp gamle Saker, som kann vera upplysande fyr Livemaaten og Stellet i Norig i gamle Tider. Han hev visst Hug til slikt Arbeid, er det sjaaande til, og det er godt og vel, at det er Folk som agtar paa detta au. Men so underlegt er det med Nordmennerne; - snakka kann dei, men litet vil dei gjera. All den Klaga, som er ført yver, at Danskarne plundrad oss fyr vaare Minne og historiske Eignaluter, so gjeng me likvæl den Dag i Dag med Henderne i Bukselumma og ser paa, at Fornsakerne vaare vert anten uthøkrad til Reisande, hell so ført i store Lass til ei Samling i Sverig, sjølve eig me ikkje nokor skikkeleg Samling av sovoret, so me maa reisa anten til Kaupenhamn hell til Stokholm for aa sjaa, korleids Nordmennerne livde gamalt i Noreg. No iaar søkte Nielsen Storthinget um 1000 Kr. for aa kunna berga inn til Universitetet det, som bergande att kann vera. Men det norske Storthing hev lenge øvt seg upp i aa spara paa Skillingen og lata Dalaren gaa: Peningnemndi innstillte, at det skal avvisast, for Æra er væl vond aa misse, men Maten fær vera det visse. Daa Saki kom fyre i Thinget, tok Aschehoug upp Forslaget, som ikkje hadde nokon med seg i Peningnemndi, og Birkeland, Jac. Sverdrup, J. Bentsen, Skattebøl og Haugland talad fyr det. No hadde eg ventat, at alle dei Menn, som vil fremje Norskdom, her hadde hjelpt til; men dei som var imot, det var just av desse. Sverdrup og Berner og Hektoen tala imot at noko skulde gjevast, som eg tykkjer med veike Grunnar: at det høvde ikkje fyr den ethnografiske Samling; at det var betre aa faa istand eit nationalt Musæum til slikt med store Pengemidlar, so det kunde muna nokot; at det var likare aa studera ut Folkets aandelege Liv og dilikt, og dei trudde daa, at slike gamle Saker vilde finnast her lenge, medan andre v eit at det minkar Dag for Dag, so det er med detta som med Visur og Segner, at det maa samlast snart. Naar det røystad so mange norsklyndte Menn imot, so kjem det fyr meg Tvil, um ikkje personlege og politiske Grunnar hev verkat med her, meir enn dei retteleg burde. Hellest er det au godt aa høyra, at Høgre kann forsvara ei national Sak, um det her au berre er ein Utende, Ein kann daa hava Von um, at dei med Tidi vil skrida inn i dei djupare Grunnar. Med snaudt Fleirtal fekk do Nielsen 1000 Kr. som han vilde. Det var 58 som røystad fyr, 51 imot.                                       
 
Bjug.
 
1) I det hele er Sætersdalen det Strøg, hvor disse Smaadigte endnu skyde frem med den mest vaarlige Friskhed og Duft. I Sætersdalgjentens bløde Sprog lyder Stevets uendelige Variation af øm Længsel og kjærlig Sorg smukt og indtrængende, og ingen andensteds er der grædt en saadan Følelsens Dug over disse Folkepoesiens Smaablomster.
(Saml. Skr. II 132).
 
            Aa vi du høyre, ko vent de lilla,
            de æ so Taarinn to Augo trilla;
            aa vi du høyre, ko vent de let,
            de va Faa som log, de va flei som gret.
 
Men han tykkjer nok ikkje det Yngvar Nielsen, er det sjaaande til.
 
2) Sml. Gjentestevet, som hellest handlar um nokot annat:
 
            Dei Byens Guta mi stødt lyt røme,
            dei kunne slett inkje Hugjen styre.
            Dei Byens Guta, dei stødt mi skyr,
            dei meiner plent, mi æ liksom Dyr.