Til Hr. Bjug!

Faer ska ha so mykje Takk fere dæ gode Hjartelage sitt, sa Guten, han fekk ein uden Øyra. Same faar e segja te Hr. Bjug fere den Vaffelen han ga me her i Fedraheimen No. 6. E fekk daa ogso mæ di sama Høve te koma fram mæ desse nokre Upplysningo:
           
1. E va meinte paa gjeva ut ogso dene Boki mi paa egta Valdris; Manuskripte va alt reiogt; men kem vilde køfte dæ i Trykken, dæ va Spursmaale. Samlage trudde e vilde inkje so tett ettepaa gjeva ut ei te i sama Bygdamaale. Um e ha spurt, vilde dei visst ha raatt me te venta ei Snerte; men æ dæ noko so æ kjeisamt, sa æ dæ dæ aa vente.
           
2. Sia meinte e me te gjeva Boki ut paa Landsmaal; men her raakte e ogso paa eit men: E kann diverr inkji skrive dæ slett inkji soleise daa, at e tørde vaage me te leta de prentast. E ha løte hatt ein te umsett Boki; men o leta nokon gjera uppatt dæ, so e sjølv hadde lagt so mykji Arbei paa den Tankin likte e so ille, at e vanda han snøgt so Vind. Paa denna Maatin hadde e ingjen an Utveg enn o gjeva Boki ut i almindeligt Bogmaal; men e sette me fere, at detta skulde verta so norskt, so an kunna ganga.
           
Detta her va Huvugrunnadn. E hadde ogso ei nokre smerre: At ei Bok paa eit Bygdarmaal, allvissa daa paa Valdris, so æ so fornt, so nerskyldt di Gamalnorske, alder kann verta lettlesi o soleise ikji so vio kjentt, so ei paa Bokmaal, at den, so skriv, vissa ein so har liti Raad, gjedne vil ha so stor Bokskrivarløn so mogele o. s. fr.
           
I Slutnae paa di sama Stykkje Dikkon oppmana De Maalmennanne i Bygdinne te samla paa Segner, Sogur o Visur o segji mill. A. Dæ gjeld berre aa skriva upp plent, so dæ vert fortalt. Est Bjug meina, at Samlaradn ska berre teikne ne i Notisboki si plent so dæ vert fortalt, men inkji leta dæ prenta soleise, daa kann dæ so vera. Detta æ do daa ei Fereseign, so inkji veg heirsle tungt, tykje me, di væl ingjin vilde finna paa skrive anna ell arleis enn dæ vert hono fortalt. Meina Hr. Bjug, at Segnerne ogso skulde prentast soso dei koma fra Folkemunne, daa faar han visst inkji mange mæ se. Den, so nodags samla paa Folkediktning, ha røynt jamt nokk, at han alder faar Tak i eit einaste eit i Form o Innhald so heilstøypt Stykkji, at dæ utta meir Umsviv kann sendast te Prentare. Eistane faar han ein liten Stubb, ei arestan ein an ein. Her høyre han eit Æventyr, so heng ihop so turr Sand; der finn han eit, so dæ æ innivøve mykje ofjelgt (obscønt) i. E vil mest inkji gjeta, ko ille Maalføre o Forme jamt o samt æ. E hadde meir Staak mæ o seta Æventyre i Stil o velja o vande Orde enn mæ alt hitt. E tenkte paa detta baad ei Ti o ønnor, baade nær e va heime o burte, alle mest, kanskji, nær e var paa Fjelltur. Eit taa Æventyro ha e soleise sett i Stil paa Tøppe taa Bitihødn. Nær sumle lærde Menna i Byen førr ha sendt ut sama Bøe so no Hr. Bjug te Kreti o Pleti, daa æ dæ heilt ei onnor Sak: dei ha meint se te snia i Stil og skipa til dæ, so vart innsendt te dei, o fere dei var dæ av inkji liti Vigt o faa Folkediktningen ordlydande.                           
                                  
Hallvard Bergh.