Brevsending fraa Senja.

Dæ e mangt aa mykje hjaa vaart folk, so freistar aa stengje vegen fy framsteg aa upplysning. Men dæ religiøse trongsyn aa intoleransen, trur eg, e mæ dæ veste te gjera skae paa den maaten. Naar ei so uskyldig bok so Jensens lesebok, so kunde ha lært bonna baa eit aa hit, aandelegt aa praktiskt, kann setja foreldra upp mot skulen, avdi dæ i boka stend anna hell religiøse ting, daa maa ein harla fælast fy dæ religiøse trongsyn. So eg ha høyrt gjete, ska dei enno mangsta kring i lande forbanne boka. I dæ synste av Stavanger amt te dømes ska dei enno føre ei har stri um henne.
           
Daa prøveblae av Fedraheimen kom, tykte eg finne ein snev av dette trongsyn i programme, aa daa tenkte eg mæ meg: um dæ e tie gonger maalbla, so vil inkje eg stydje dæ blae. Sia saag eg av andre bla, at Fedraheimen hadde fengje eit viare aa friare Syn, aa so tinga eg trast paa blae. Eg vil au gjenne hjelpe te ein liten grand no. Dæ hender vel ender aa daa, at dæ e skort paa blafyll fy Fedraheimen au, aa daa kunde ein brevsending vera go aa taka te.
           
Maalsaka ha hatt seg ein liten blund i nokre aar, men dæ e likt te, ho ha vakna aa samla seg goe krefter ette den blunden, so ho no, kann hende, kann taka glupare tak, hell ho fyrr orka gjera. I ein ting tykjer eg, ho ha gjort eit attersteg, aa dæ e, at Fedraheimen ha tekje upp normalmaale istaenfy aa arbeie fram paa den vegen, so Fjørtoft aa Vignir ha synt oss - Vinje va au ein grand fram i dæ same -, aa skrive landsmaale slik, so dæ ly den dag i dag i folkemunnen, aa korkje slik so dæ lydde fy nokre hundra aar sia, hell i den forma, so ein hell fleire teoretiserande lærde ha funnet ut, sku vera den rette. For dei ha meint, at dei norske bokmaalsformer bore staa jamsies mæ svensk aa dansk, aa inkje vera meir utvikla hell letvintare. Men dæ fær no vera mæ dette spursmaale denne gongen; dæ kjem nokk att. Dæ vil trulegt verte eit av dei vigtugaste spursmaal fy maalsaa kann hende hennar livsspursmaal.
           
Men eg gløymer reint, at dæ e ein brevsending, eg skriv, aa daa e dæ jo se aa skikk aa rø noko um bygdefolke au. Her e dessverre lite gott men mykje leitt aa segja fraa um. Folke her ha inkje hug te lesa. Dei e snart talde dei bla-a, so kjem te posthusa her ikring. Um du by dei laane dine bla, so ist dei inkje koma hente dei eingong. Dæ e no inkje mange helde, so e leseføre, for dæ e laakt mæ aalmuskulen. Han er paa gamal vis fy dæ meste umgangs-skule, for folke bur spreidd fraa kvarandre, aa rudde veger e sjeldfengne, so dæ vilde koste fælt mykje aa halde faste skular. Umframt dæ so ha inkje kvar kress eingong dei 12 vikor skule um aare, so loga by; men stiftsdirektionen ha gjeve løyve te berre aa halde skule 7 vikor. Ette dette kann ein vita, at dæ e meir hell laakt mæ upplysningen her; aa daa vert dæ heller inkje noko aandelegt liv. Aa folke her gjer heller inkje stort anna enn mata seg. Meste fortenesta ha dei av fiske paa Lofoten aa Finnmarka. Naar dei daa kjem heim mæ pengar i luma, so lever dei høgt daa ei ti, aa resten av aare syg dei paa labben. I fisketia fraa januar te ut i mai arbeier aa slit dei vont meir hell nokon annan, men dei tek sin mun atte sumar aa haust, for daa kann du tru, dei karane kann leta seg.
           
Her e eit sterkt demokratisk drag i folke. Husmann aa garmann, dei e dæ ingjen skil paa. Dæ e mangein husmann, so stend seg bære hell mange garmenner.
           
I giftinga spyr dei aldri, um friaren eig jorflekken elde ei, naar han berre ha tvo sterke arma. Onnorleis e dæ mæ dei Finnane, so ha busett seg her, for dei vert mest alle vanvyrde av Normannen. Aa dæ e dei væl være au. For dei e skitvorne aa uærlege i alle maatar. Dæ vert sagt, at FInnane sit um kveldane aa fortel kvarandre, korleis dei ha snytt bumannen dæ e deira støste gaman. Te bære han ha kunna snytt bumannen, te gildare e Finnen.
           
Han Bjug sku koma hit upp aa sjaa, korleis dæ stend te her. Eg undrast paa, korleis han vilde handsama luren sin daa; eg e rædd fy, han braut han sund i harme. Han fær ille mæ Telemarkingane den Bjugen; dæ likte eg inkje paa. Han sku hugse paa, at dæ e dei, so ha gjeve oss dæ, so me ha i Landstads aa Bugges samlingar av kjempe-aa folke-visor aa meir te; aa dæ e mangfoldige gonger meir hell me ha fengje fraa andre staer i lande. Um dei aldri hadde hjelpt dæ nationale stræve paa annan maate, so fortener dei storleg vaar elsk fy dæ.
           
I ein brevsending ha ein løyve te svalle um alt aa inkje, so dei segjer, so dæ fær eg au gjera.
           
Dæ e svært so dei tek te skrive aa rø um republikken no. Eg tykkjer, dei tek dæ paa ein galen maate. Ette mi meining gjelle dæ mest aa fyst um aa faa heile vaart statsstyre fult ut skipa ette demokratiske prinsipar, so kann dæ fy dæ fyste vera slikt slag, anten den øvste styresmannen vert kalla præsident hell konge hell keisar hell ka namn, dei kan hitte paa. Slik dæ no e, e statens øvste mann altfor dyr fy eit so lite land. Dæ undra meg, at stortinge fy nokre aar sia la paa løna hass; ho var altfor stor fyrr.- Dæ e mange, so ha mot kongedøme, mest av di dæ fylgjer mæ dæ eit stort hofsleng, so berre e te forargels. Men dæ va dæ go raa mæ aa verte kvitt, naar stortinge slutta mæ aa drysje ut pengar te kongen, aa gav han ei løn, so va høveleg fy den fremste statstenaren.
           
Sia vert dæ daa eit spursmaal, ka dæ e best fy ein demokratisk stat mæ fult folkestyre, anten dæ øvste embæte sku vera ervelegt i ei ætt fraa far te son, elde dæ sku veljast styrar paa visse aar slik so i Amerika. Dæ e dei republikanarar, so trur, at dæ ervelege embæte va dæ beste, avdi ein daa slapp den upprivande stri ve vale. Men al aandeleg aa politisk stri, so vert førd paa ein sømeleg maate, er gagnleg fy alle; dæ vekkjer iminsto te liv der, dæ va sømn aa dau. Dify e valstri au go, um han riv upp, dæ vert daa upp or sømnen.
           
Men naar me fyst er komne so langt fram, daa kjem dæ eit anna spursmaal: Ka ska me mæ ein slik parademann so ein præsident? Han ha daa ingjen ting aa segja? Dæ e ministrane dæ kjem an paa. Ein vilde daa faa same snodige syn, so no i Frankrike, at ein hadde tri præsidentar, fyst republikkens præsident, so ein minister-præsident aa so stortings-præsidenten. Den siste vilde ha mest magt av alle tri, den fyste fekk lite aa inkje aa segja. Den mest konsekvente maaten aa skipe dæ paa, tykjer eg, maatte vera, at stortinge valde statens styrarar, so mange dæ turvtest, aa blandt dei valde dæ daa ein formann, so daa gjenne kunde kallast republikkens præsident, dæ e slikt slag mæ namne. Nei no e eg vorten so høgpolitisk, at dæ e paa tia eg sluttar, elles kunde dæ hende, eg tok te koma mæ forslag te eit styresett fy Rusland au.
           
Eg maa be um orsaking, um maale mitt inkje e so kringt, so dæ sku vera, for dæ e no mange aar sia eg skreiv paa landsmaale.
           
Slutten av februar 1880.       
 
E.