[Um Vestmannalagets Bibelsoga]

Kristiania, den 26de Marts

 

Um Vestmannalagets Bibelsoga skriv Hr. O. I. Høyem i Opl. Av.: Eg høyrer og ser desverre avislysingar frå ein viss kant om, at det no bydes mynt for å få folk til å bruke I. Aasens målform i skulebøker, serleg då no i ei bibelsaga åt born. Eg høyrer au, at her fins dem, som segje som so, at det no vil bli ei let sak å få til ei slik bok, då det berre er å gjera eit skjønsamt utval av det store bibelsagaverkje, som eg ifjor og framleides gjiv ut, det fortaste eg vin. Arbeide skal då, er det meiningja, bli mesta berre det å snu på eit og anna orde og elles då klæde dei utvalde forteljingarne om i den Aasenske stave- og bøygemaaten. -
           
Som frilyndt man kan eg ikkje ha noko å segja på det, at landsmåle blir stava onnorleides av andre æn av meg; eg vil i so måte ændå minne om, at eg for longo sidan har bode meg til å prente i skrifte Påbondebarnets bokmål skulebøker, om dei so blir bode meg i Aasens målform. Etter dette venta eg, at heile den norske målmannafylkingen, som kjenner seg huga på å hjelpe fram skulebøker, vilde slå seg ihop med meg og det norske skuleboksamlag. Men no blir eg var noko, som tykkjes å peika på motarbeiding av mi verksemd istadenfor på stødnad. Vøre eg ungmenne i skulebokarbeide, eller dreiv eg det for pengevining skuld, vilde eg ikkje våga aa segje dei orda, som eg kjem med her idag; men då folk veit, at eg alt frå 1873 kvart år har gjeve ut skulebøker og arbeider kvar dagande dag på dette, likso, at få eller ingen veit, korleids eg kan ofra timar i tusenvis årleg til, utan betaling, å arbeide i denne grein av vår folkelege frigjering og oppattreising, - so fær eg her segje med reine ord, at ingen må byde til å pløgje med kalvom mine her: ingen fær take ei einaste av dei skulebokom, eg har gjeve ut eller etter denne dag måtte koma til å gjeva ut og føre dem heilt eller delvis in i ei onnor målform, utan mit løyve! Med di har eg då au forbode å taka ut færre eller fleire stykkje av mi store bibelsaga, snu paa ord og utt ryk her og der og so prente dem i ei onnor retskriving. Ingen må møte meg med dei ordom, at det vil bli lite og inkje, som kan takas ut av mi store saga og beinast setjas in i ei bok for born, då kvar lærar, som har skjøne på å fortelje godt åt bornom, tvertimot veit, at borna just vil ha og må få dei forteljingarne, som dei fær, ret omstendelegt fortalte. På den måten tenkjer eg au å gjeve ut ei bibelsaga åt born, først eg vinn å få ifrå meg denne store; og dette har eg for longe sidan sagt folk på prent.
           
Eg har tøygd meg, for fred og samarbeide skuld, ret langt imot Aasens målform. No staar det til motstandarom mine å gange meg tilmøtes den vegstubben, som ænno lig imillom os. Dette har dei so godt for å gjera, berre dei vil, då denne biten for det meste fins berre på papere og i luften, men lite i folksens mun. Men eg har fælt vondt for å gå vidare for å møte heilt, der hine står, då eg har den grunsetningen, at bokmål skal vera truast mogleg mot munnens mål og har ikkje ret til å stelle op vitenskaplege reglar til plage og endelaus kamp for den store manmuge i lande. Det må vera måte med dette endelause snakke om dei krava, som den språklege utleidelæra (etymologien) og fagerleiken (æstetiken) gjer au, serleg når desse krava ryk i håra på dei kravom, som det veksande live i eit heilt folk gjer gjenom sit store fleirtal.
                                              
O. J. Høyem.