[Notisar]

Kristiania, den 21de Marts 1880.
 
 
Storthinget gjorde fraa seg fyre Paaske um Laurdagen. Dei dreiv hardt paa siste Vika; det siste dei gjorde var, at dei vedtok Rikslaan paa 21 Mill. Kr. til 4 %, som skal betalast paa millom 30 og 60 Aar. Pengarne skal brukast noko til Hypotekbanken for aa hjelpa Bønder med Laan, noko til aa innfri Rikslaan fraa 1858 og 1863 og noko til aa faa Stell paa Peninggreida i Rikskassa iaar. Dei heldt paa fleire Møte og ordkastast um detta, og det var fleire Meiningar, sume vilde hava 23 Mill. laant og sume berre 16. No straks etter hev Regjeringi samraadt seg um Laanet, og det er no avsluttat med Hambro i London.
 
           
Odelsthinget. Regjeringi hadde innstillt, at Brevpengarne skulde aukast fraa 10 til 12 ØyrorBrevet og paa Brevkort fraa 5 til 6 Øyrur. Peningnemndi vilde hava Postpengarne for Brev, som det er, men vilde setja Brevkorti upp til 10 Øyrur. Men inkje av det gjekk igjenom.
 
           
Lagthinget hev vedteket Hundelogi.
 
           
Russland hev gjenget utruleg fram sidan 1855. Riket hev vakset fraa 365,086 til 395,188 Rutemil, og Folket fraa 65 til 95 ½ Million. Riksinnkomurne hev stiget fraa 264 til 627 ½ Mill. Rubler, med Utgifterne etter Maaten hev stiget mindre fraa 526 til 625 Mill. Til Læreverket hev det aukat fraa 3 til 17 Mill., men Pengarne til Heren nedkomet fraa 270 til 218 Mill. Skuldi hev stiget fraa 1544. til 2067 ½ Mill. I 1855 var det 6 Universitet, no er det 8, daa var det 77 Gymnasier, no 130, daa 5,500 Folkeskular, no 25,000, daa 27 høgre Kvendeskular no 301, og i 1855 vart det utført Vare fyr 170 Mill. men i 1879 fyr 618 Mill.
 
           
Stygt Mord. I Kaupenhamn er det ein Mann paa 70 Aar, som hev drepet Fosterdotter si og skamskoret Kjeringi si og sist au skadt seg sjølv, so han knapt kann liva. Dei meiner helst, han hev gjort det i ei Uvitsrid.
 
           
Ein Mann fraa Odda i Hardanger, som var uppe i Lidi og skulde hogga Ved, var so ulukkeleg, at han datt utyver ei Bergufs, som var 600 Fot høg. Han braut sund Kjakebeinet, fekk den høgre Mjødmi utav Led og fekk djupe Saar i Hovudet. Ei Lukke var det, at Tretopparne og Smaaskogen tok mot verste Støyten.
 
           
Røyv ikkje Finnar. Det var ei Kone her i Byen, som reiv av ein, daa hovnad heile Andlitet upp, og ho døydde nokre Dagar etter.
 
           
Av Husmenn er det paa Lag 60,000 i Landet. Av desse er det 7,000, som au hev anna Arbeid. Millom 1/ 6 og 1/ 7 av alt Landsfolket er Husmannsfolk. I Hamar Stift er det ¾ , og i Kristiansands Stift er det 1/ 11. For kvar 100 Gardmenn er det i Hamar Stift 80 Husmenn, i Kristiansands Stift 27, i heile Landet 47. For kvar 1,000 Husmenn held 58 Hestar. Kvar Husmann hev i Jamnen 3 ½ Maal Jord, 4 Sauer og 1 Geit og Storkretur for 200 Kr. 3,400 eig Hus, som er verdt meir enn 150 Spd.
 
           
Um Songen skriv St. Petersburg medicinske Vikeskrift, at han er fælt gagnleg for Helsa, allvisst Bringa daa. Det er ingen Gymnastik, som styrkjer Lungurne soleids som Songen, segjer dei.
 
           
I Bergen er det ei Selskap, mest Haandverkarar, som vil reisa ut til Natal. Dei vil kaupa Skip sjølve.
 
 
 
Retting: I Bladkjellaren i Nr. 12, 4de Bolken, stend: til dess ho kunde gjera um Framtidi si i Staden fyr: til dess ho kunde gjera av um Framtidi si.