[Med Jarnvegen]

Med Jarnvegen vart siste Maandag send til Kaupenhamn ein Sylvkrans til Kista hans Jon Sigurdsson. Liket skal yverførast til Island, dei fyrste Dagar av April. Kransen er gjord av Gullsmed Lem (Firma P. A. Lie) i Kristiania etter Teikning, godkjend av Styret fyr det Norske Samlaget, samansett av Laurblad paa den eine og Eikeblad paa andre Sida med Ormegras imillom. Paa ein Skjold med Drakeslyngjingar stend desse Ordi:
 
FRAA MEDLIMER AV DET NORSKE SAMLAGET FRAMSEND SOM MERKE PAA VYRDNAD
FYRE MINNET
UM
JÓN SIGURDSSON.
 
Med Kransen fylgde eit Brev so lydande:
           
Islendingar og Nordmenn, samskylde frá upphavet, hev derattát gjenom árhundrad voret nær sambundne pá mange mátar.
           
Dei bokverk, som frendarne váre pá den i kulturheimen namngjetne øyi i Vesterhavet hev leivt, er ein ervelut, som De, Islendingar, hev rett til á vera byrge av, men me Nordmenn held deim og i høg vyrdnad, og me, som gjenom lange làke tider tok báde kulturtankarne og formi fyr deim pá borg hjá framande, ser med undring pá Islendingarne, som hev visst á vardveita sitt pjoderni so vel i alle stemne.
           
Er samlivet millom Dykk og oss no nokot losnat, so er det, Gud sje lov, slett ikkje brotet: kvar gong, me høyrer frá Island, strøymer det varmt gjenom váre bringur, me gled oss, nár det gjeng frendarne på øylandet vel, me syrgjer, nár det rákar Island ei vanheppa.
           
Det var difyr med sorg, me tok imot tidendi, um, at Jón Sigurdsson, den iduge kjempa fyr Islands rett, den hæve málsmannen fyr Islands tjodlege krav pá thing som i skrivestova, framstandande som vitenskapsmann, stor som borgar og trufast som mann, hadde gjenget burt.
           
Men yver ein mann, som Islands soga, rik pá store namn, kannhenda vil setja høgst av alle, samer det litet á syta; helder gled me oss yver hans verk, som det lukkadest honom á føra so langt fram, at Island hev fast grunn à byggja si framtid pà.
           
I høgvyrdnad fyr minnet um den avfarne, med takk fyr hans arbeid og i von um, at Island alltid má fostra menn, som med kraft, àlvora og dugleik fylgjer Jón Sigurdsson i fotefaret, bed me Dykk, hans vyrde landsmenn, um løyve til á leggja ein krans pá Kista hans.