Utlandet.

Den franske Senat forkastad den 9de Mars Artikel 7 (Jesuitparagrafen) i Ferrys Skuleforslag, med 148 R. mot 129. Yvertalet var ikkje stort, men større enn det var ventat, at det skulde verta, og det kom fram ved det, at fleire Medlemer av vinstre Centrum gjekk med Høgre imot Regjeringi, anten fyrdi dei var rædde, at Artikelen skulde verta eit Vaapn imot sjølve Religionen, eller fyrdi dei fylgde Jules Simon, Hovudmotstandaren mot Artikelen, i hans filosofiske Syn paa Fridomen. Ved andre Umtalet den 15de Mars vart Artikel 7 forkastad med 149 R. mot 132; deretter vart Logi elles vedteki med 187 mot 103 R. Regjeringi er ikkje tenkt paa aa leggja fram nokot nytt Utkast til Artikelen; for dei Loger, som er, inneheld sterkare Vaapn imot Jesuittarne, enn denne § 7, berre Regjeringi vil bruka deim, og Freycinet slo i Senatet paa, at det skulde verta gjort. Den 16de Mars vart det framlagt i Folkethinget eit Innkast fraa Vinstreflokkarne, som manad Regjeringi til aa segja fraa, kvat Raadgjerder ho etlad taka med Avsyn paa dei ikkje-godkjennde Samlag. Deves, Formann fyr ein Vinstrekløyving, or- dad um, at Vinstre trudde seg aa gjera etter Landet sitt Ynskje, nar det kom fram med denne Fyrrespurnaden, og han bad Regjeringi aa taka uppatt den Kunngjerdi, ho hadde gjevet i Senatet, tydelegare, greidare og soleids, at Landet kunde finna seg tryggare. Freycinet sagde, som han fyrr hadde sagt, at Regjeringi skulde under sitt Andsvar verksetja dei Loger, som er, og at ho vilde halda paa sin fulle Handlefridom, stødt reidug til aa gjera Reiknskap. Han søkte um, at Thinget vilde stydja Regjeringi sitt Uttal med full Tillit. Deves fyreslo ei Dagsordning, som gjekk ut paa, at Thinget hev full Tillit til Regjeringi og stolar paa, at ho vil vera fast til aa gjenomføra Logerne imot dei ikkje-godkjennde religiøse Samlag. Høgre foreslo simpel Dagsordning, men ho vart forkastad med 372 mot 98 Røyster.
           
Deves si Dagsordning vert vedteki med 338 mot 147 Røyster. Deretter tok Folkethinget ved heile Logi um det høgre Skulestell med dei Avbrigde, som Senatet hadde gjort.
           
Ryssaren Hartmann elder Mayer, som var mistenkt fyr aa vera Hovudmannen fyr Moskau-Attentatet, og som var fastsett i Paris, hev den franske Regjeringi gjevet fri, fyrdi det ikkje var tilfulls godtgjort, at han var skuldig. Han er no stroken yver til England. Den ryske Regjeringi og dei ryske Bladi er ikkje mykje blide.
           
Den engelske Regjeringi hev teket den Raadi aa løysa upp det noverande Parlament, som hev sitet sidan 1874, til Paaske.
           
Det nye Parlamentet skal koma saman i Mai.
           
Dei tydske Herlog-Forslaget vart send til ei Nemnd paa 21 Mann. Denne Nemndi fyreslær Fredsstyrken fyr Aari 1881-88 sett til 427,274 Mann i Staden fyr til 1 pCt. av Folketalet. Forslaget um aa gjera Socialistlogi gjeldende like til 1886 vart sendt til ei Nemnd paa 14 Mann. Denne hev med 10 mot 3 Røyster fyresleget, at ho skal gjelda til 30 Sept. 1884; og so vil ho hava inn eit Ordskil um, at det ikkje skal vera loglegt aa setja fast Riksthingsmenn og Landsthingsmenn, medan Thingi varer.