Tale ved Minnefesten fyr Fedranne i Seljord den 14de Februar 1880.

Tale ved Minnefesten fyr Fedranne i Seljord den 14de Februar 1880.
                       
(Av Jørund Telnes.)
 
           
Inkje alle Stjernur er sjølvlysande; dæ er mange av dei som lyser mæ dæ Ljose, dei fær fraa den Soli, som dei sviv umkring; men Ingen vilde vera tent mæ, at dei inkje var der. Soleis er dæ au paa Minnehimmelen. Me hev Stjernur, som heve fengje Solvermden i seg sjølve og lyser med den, og me hev andre Stjernur; men alle er dei fagre og upplyftande aa sjaa. Me heve Homer og Sokrates, me heve Leonidas og Vilhelm Tell, me heve Maalaren Rafael og Bilæthoggaren Thorvaldsen, me heve Diktaranne Shakespeare og Göthe og mange, mange slike Stjernur, som rullar fraa Guds Hendar Pol til Pol paa den evige Minnehimmelen, og som alle i Grunnen heve fengje sitt Los ifraa Soli, kvor paa sin Maate; og um sume av dei i sjaveseg kann vera ulukkelege Stjernur, noko som inkje eg kann seia noko um, so vil Soli likvæl i sin Kjærleik lata dei skjine mæ dæ Ljose, dei heve fengje, paa sin Vis, til Gud Faders Ære og til Gagn og Glæe for konn; men so gjelle dæ au, at me ser paa dei mæ dæ rette Ougae. Paa Minnets Himmel vil me au faa sjaa Tyranannes og Folkeforførarannes Stjernur; dæ er dei, som dreg dei ulukkelege Risi etter seg. Paa Nordens Minnehimmel heve me au fagre Stjernur, og liksom vaar naturlege Himmel heve sin serlege nordiske Lit, og Stjernurne paa den lyser mæ ein serskjild og fager Glans, so heve au Minnehimmelen vaar, Fedrelandes Sogehimmel, sin norske Lit og Stjernurne paa den ein serskjild fager Glands. Ja, gamle Norig heve mange fagre Minne, ein fager Sogehimmel mæ ein herleg Nordljosdanns, som minner um Nordens gamle Kjempeliv.
           
Men liksom der paa Natur-Himmelen kjeme nye Stjernur fram, aa liksom Stjernur au kjeme atte, som kann haa vore burte i mange, mange Aar, so kjeme der au paa eit Folks Himmel nye Stjernur fram, nye Mennar mæ nye Tankar; dæ er slike Folk som me kallar Geniar elder Flogvit, men dei er sjeldfengde. Likeeins kjem au dei Stjernurne atte, som heve vore lengje burte, dæ vil seia, her kjeme Mennar fram, som tek uppatte dæ Arbeie, Fedranne inkje kunne føre heilt fram. Dæ er som Vinje seie i eit anna Bilætspraak: Um store Mænn dei felle fraa, som Gras um Vaar me nye faa; den eine Mann er titt ein Tolk, men Tankjen eig dæ heile Folk. Er Tankjen god, han liver daa, For dæ um Mannen fell ifraa. Og kjem fraa dæ han burt eit Bil, han betre atter koma vil. Liksom den verkelege Stjernehimmelen til sine Tider kann vera gjøymd av Skjy og Toku, soleis er au Minnehimmelen til sine Tider gjøymt av Skjy og Toku, av daadlause Tider, som inkje orkar aa føde store Mennar fram. Daa kann dæ vera stuslegt og tungt aa liva. Ei onor Sak er dæ, naar Tora tek til aa slaa; for dæ maa ho gjera, skaa me faa rein Luft og klaar Himmel; daa er dæ stort aa gange ut paa Vollen og høyre paa Kampen aa Dunderen i Lufti og sjaa paa Lygna, som kløyver Skjyi. Dette er dei store Kamptider, naar Aandinne tørnar imot kvorandre; Lufti bli reinare etter; dæ er som naar Tora heve slegje; Graavere maa røme, dei elektriske Skjyerne er uttømde, Himmelen bliklaar, aa Skjybankanne drive burt kring Fjølltindanne for den friske Vinden. Aa um Kvellen etter Kampens Dag glytter Stjernurne ned til dei fallne Heltar, som kviler paa Valen; dæ er Ettermæle, dæ er Soga, som fletter Straaleringen kring Heltannes Panne.
           
Kvort Folk er født under sine Stjernur; me, dæ norske Folkje, er fødde under Frøyjas Rokk og Thorsvogni Karlsvogni som me no kallar ho -; dæ vil seia, me heve vaar serskjilde Folkekarakter og vaare serskjilde Upplag og Uppgaavur, som kvart ana Folk. Og dei skaa me gjeva Agt paa. Men for aa faa Tak i dæ, maa me gange inn under vaare Stjernur og inn under Sogehimmelen vaar for aa finne den Rot, me er runne av. Dæ var dæ, me skulde gjera i Kvell; me skulde gange inn under vaar eigen Minnehimmel og sjaa paa dei fagre Stjernunne vaare, og lyftast og styrkjast av Syne. Dette skal inkje berre gjerast i Kvell; men denne Kvellen er daa liksom serskjilt vigde til dæ; dæ er Festen til Fedrannes Minne, godt Folk!
           
Me skal minnast dei, som heve stridt og kjempa fyr oss; for det er deires Arbeid, me no byggjer paa. Dæ var for konn dei livde, og stræva, og til konn var dæ, dei sette si Von. Dei hev lyft oss upp paa sine Herdar, ikkje for at me skulde vekse ifraa dei, men for at me skulde kunne sjaa vidare og friare baade fram og tilbakars enn dei.
Dei heve lagt Grunnsteinanne til dæ Fedrelandets Byggverk, som me enno murar paa. I 1814 kann me seia, at dæ tyngste Takje blei tekje. Daa var dæ som Notti rei ivi Rygg, og no ser me, hoss Fuglanne skaka Vengjo. Lat no inkje oss dovne av. Fedranne vaare heve gjengje til Kvile; men Ettermæle deires liver, Navni deires heve blive til fagre Stjernur paa Minnehimmelen vaar. Lat oss sjaa paa desse Stjernunne, men lat oss styrkjast ved Syne! Der finn me Harald Haarfager, Haakon Adelstein, Øyvind Skaldaspillar, Olav den Heilage, Kong Sverre, Haakon den Gamle og so frametter i lange lysande Rader; der vil me sjaa, hoss Bønder sine Økser brynte hvor en Her drog frem, Tordenskjold langs Kysten lynte saa det lyste hjem. Kvinder selv stod op og strede som de vare Mænd, Andre kunde bare græde, men det kom igjen. Der vil me finne Anna Kolbjørnsdotter aa fleire gjille Kvinnur, - for Kvinna maa me inkje gløyme! Utan henne vinn me inkje langt. Dæ var ho, som i gamle Dagar fann fram Hjelm og Harnisk til Mannen sin og blenkte Svære honoms og manna honom upp, so han hogg som ein Mann og inkje som ein Stakkar. Skaa dæ bli noko av Arbeie her i dei tusund Heimar, daa maa Kvinna vera mæ. Paa Israels Minnehimmel stende Kvinna høgt, og ho stend helder inkje saa laagt paa vaar. Kring Dovretinden vil me finne ein fager Stjernekrans; dæ er Eidsvollsmennanne mæ den ljose Fridomsglansen kring seg. Tett innmæ dei vil me finne ei fager Stjerne mæ ein serskjild mild Glands; dæ er Hans Nilsen Hauge. Tett etter Eidsvoldsstjernunne vil me sjaa ei stor lysande Stjerne; ho lyser inkje berre ivi Norig, men ho kastar Straalunne sine langt ut ivi andre Land; dæ er Henrik Wergelands; so vil me finne gamle Uelands Stjerne og fleire i Kring um den. Gloser me so nord i Falketind, so skaa me sjaa ei merkjeleg Stjerne, som sia vil gange høgre upp paa Himmelen; dæ er Aasmund Vinjes Stjerne. Aa me ser mange, mange fleire Stjernur paa Minnehimmelen, en dei eg no heve nevnt! baade store og smaa, som lyser fagert. Der er au ei heil Mengd mæ fagre Stjernur, som me no inkje kann sjaa, men som likevæl inkje skaa vera gløymde, og som me inkje kann vera for utta. Dæ er deires Stjernur, som dyrka upp Lande for konn; mang ein trugjen Arbeismann heve sveitta mæ aa brote upp Steinen or den Markji, som me no sete Plogjen i; og desse hadde vore betre være ei Stjerne paa Bringa si en mange av dei, som fekk ho. Men det som er dagligdags, det nævnes ikke saadan straks, og tidt var ingen med, som bringe kan Besked.
           
Ja, mangei Taar heve runne og mykjy Blo heve flote for Aare og Fedreland. Fedrannes Minne maa me elske aa vyrde, so visst som me elskar Lande, dei rudde aat oss, dæ Lande, som drakk deires Hjarteblod og tilslutt tok dei i Fang og leet dei faa kvile.
           
Tak Huva av, der som dei Gamle kviler,
Og varmt for Fedrelande der du be;
Daa fraa sin Himmel varmt dei til konn smiler,
Aa Herren sender sine Englar ne.
 
Ja me hev fleire en me veit aa nevne,
Som gjeng mæ os i Livets Kamp paa Jord.
Og naar me so alt godt og sant vil fevne,
So skaa var Seger og vaar Løn bli stor!