Paa Trevet. 1)

93 mot 20! Det var godt gjort. Og det hadde ikkje voret so mykje som 20 imot helder, hadde det ikkje voret desse nye By-Thingmenn, som f yr det meste er Forrettningsfolk og ikkje Politikkarar, og som ikkje hev voret so lenge i Thinget, at dei enno ser, kor galet det gjeng med den Skikken, me no hev.
 
 
Det var 15de Gongen, Saki var uppe, og endaa vart ho debatterat gjenom 3 Thingmøte. Av dei, som talad imot, gjorde M. Birkeland mest Inntrykk. Det er ein stutt, diger Mann med stort Munnskjegg; han hev eit Mæle som ein Tragediespilar, og han fyredrog Talen sin i denne Saki so høgtidslegt og tungt og fagert som Reimers, naar han spilar Aanden i Shakespeares Hamlet. Men so kunstfagert det var, og so godt enn Mannen talad, høyrde Ein likevæl som ein Gravsalme gjenom det. Det var morituri, det var dei, som skulde falla, som forsvarad seg fyr ei Ettertid, men ikkje aatte Von um aa frelsa seg fyr Samtidi; det var mange Aars og mange Menns sutfulle Motstræv, som her vart høgtidsleg songet aat Jordi. Magna est veritas et prævalebit! 2) sagde Birkeland, men det var forunderlegt, so ulikt som dette Ordet lyddest i hans Munn mot sidan i Sverdrups. I Sverdrups Munn var det Tru og Triumf; i Birkelands var det ein fallande Manns bønlege Appel til ei Framtid, han sjølv knapt trudde paa.
           
Aschehoug var skral og liten i denne Debatten. Det meste han hadde aa segja var, at han ikkje trudde paa Debatten. Folk hadde sine Meiningar uppgjorde, fyrr dei kom inn i Salen, meinte han, og daa nyttad det ikkje aa argumentera fyr dei, ikkje um det var ein Riksraad helder, meinte han. Det lyddest so syrgjelegt; Ein laut heile Tidi tenkja paa, at Mannen nok drog Slutningar fraa seg sjølv. For det er altfor visst, at hans Provføringar ikkje hev stor Magt der i Salen. - Av dei, som talad fyr Saki, gjorde Sverdrup det so godt, at han reiv med seg baade Med- og Motstandarar. Det vart sagt, at Maken til Tale hev knapt voret halden. Han heldt paa i tvo Timar; men det var som tvo Kvarter. Daa han sluttad med sitt kraftige magna est veritas et prævalebit! var det so det var vondt aa halda seg fyr aa ropa Hurra.
           
Andre, som talad godt fyr Saki, men væl langt, var H. Bentsen og Rektor Steen. Wollert Konow talad godt, og ikkje for langt. Talen hans var frisk og varm, og han raamad ofta godt, betre enn vanlegt med unge Talarar. T. D. daa han talad um Regjeringi og Minoritetarne. Det var fint lagt, det han her sagde. Han reiknad upp alle dei Minoritetarne, som ei folkeleg Regjering vilde ha hjelpt, og som denne ikkje hadde hjelpt; den einaste Minoriteten, som Stangs Styre hev voret til Hjelp fyr, - den nemnde han ikkje. Men lagde sine Ord slik, at just gjenom Motsetningi laut Tilhøyraren sjølv tenkja dess sterkare paa den. Det vart reint skjerande ved denne Motsetningi. 3) Sjølve Motzfeldt gjorde det ikkje stort betre her, alt um han med si vælkjende Bikkjetonn flengde og reiv, so det var reint fælt aa sjaa paa. Ein maatte tykkja heilt upp Synd i Stangs System, som skulde faa ein so drøveleg Ende.
           
Saxe hadde eg ventad meir av; men det var ikkje rart. Han stod og heldt Fyredrag som fyr Seminaristar, og kvart Ord han sagde, hev voret sagt minnst nittan Gonger fyrr. Han er visst ein god Seminarstyrar, men Politikus nei, det er han ikke!                  
 
G.
 
1) Trev: Galleri.
 
2) Sanningi er sterk, og ho vil vinna!
 
3) Dagbladet hev kriticerat Konows Tale, men paa ein slik Maate, at Ein ikkje fær den Trui, at Dagbladsstyraren hadde gjort den Talen betre sjølv, alt um han er ein av vaare fremste Talarar. Og heile den Maaten, Dagbl. her hev faret fram mot Konow paa, er slik, at heretter kann nok dei Liberale beda Vaarherre fri seg fyr sine Venner. Dagbl. vil vera so ser-um-lag rettvist, og so vert det rang vist av berre Rettvisa. Maate paa alt!