[Statsraadsaki]

Statsraadsaki vert avgjort Onsdagen att, tredje Gongen i same Ordlaget. Det gjekk 93 med og imot var det 20: Schrøder, Helland, Aschehoug, Grimsgaard, Birkeland, Lambrechts, Reinhardt, Bang, Soelberg, Rasch, Saxe, Landmark, Larsen-Naur, Helliesen, Knudsen, Schiørn, Hirsch, Jensen, Harbitz og Hille.
           
Alle Landssende gjekk med paa Saki (so nær som Jenssen fraa Sydre Throndheims Fylke), og mange Bysende au slog um paa det siste, soleids Skulemannen Johansen, alle fraa Throndheims By (so nær som Hirsch), Skulemannen Bonnevie var desshell so ærleg, at han sagde, at han var imot Saki fyrr, og han var valt paa det, men likvæl kunde han ikkje anna no hell vera med. Alle fraa Bergens By, fraa Stavanger, Skien, Aalesund o. s. b. Det var daa mest Aschehoug og Birkeland, som tala imot. A. vilde hava Dubbeltkammer, Uppløysingsrett fyr Kongen, og at Riksraadarne skulde kunne veljast inn i Thinget, skulde det ikkje verta speleg for Landet. B. las upp nokre Rødur av Sverdrup fraa 1851 og 1877 um, at det var nokk Meiningi det vilde bera til Parlamentarisme. Saki vart forsvara allvisst av Bentsen, Konow, Sverdrup og Steen. Dei heldt paa i 3 Møte med henne. - Dei heve umhandlat denne Saki 14 Vendur i Thinget, og no fær me daa vona, det vert den siste.