Munderings-Medalje

Munderings-Medalje.
 
Skulde nokon Ein av alle dei, som i desse Dagarne hava fenget Medalje, fortena denne Løni so godt som den Karen, me her vilja røda um, - den Mannen, som kannhenda til all Slutt likavel endaa ingen Medalje heve fenget, - den gilde Uppfinnaren, som Aar etter Aar heve synt slik ein Umtanke fyre den norske Soldaten? Heve du seet dei striputte Brøkerna? Ikkje det; - jau, dei er langstriputte med yrande smale blaae, ljose og døkke Render; Tyet er tunnt og lett som eit Lereft. Slike Soldatbrøker skulde du aldri hava seet fyrr; det skal no fulla berre vera som eit Slag Arbeidsbrøker; men Soldaten er so reint forglad i deim, at han visst vilde ynskja det var Arbeidsdag kvar Dag. Ein kann daa sjaa, at det lyt vera Kongens Kar, detta; det tarv ingen fortelja deg, at detta er ein Krigsmann; ja desse Brøkerna er so reint høvelege aat Soldaten, at um Karen ikkje hadde annat Plagg paa seg en snaudt desse blaastriputte Brøkerna, so kunde du likavel paa Timen sjaa, at han var norsk Soldat.
           
Desse Brøkerna hava aldri voret i Krig, det er sannt; og Maken til same Slaget heve visst helder aldri luktat Krut; men var eg Slagmaalar eg laut setja meg ned fyre og paa Stundi gjera Utkast til ei Tavla, som skulde verda vidspurd: dei langstriputte skulde storma fram og sprengja paa; men Fienden laut vera god, han med: han laut hava tverstriputte, raud- og kvitrendutte Brøker og standa fast og taka imot med strakte Bein; og Røyken skulde lægra seg uppetter og uppetter i Stripor og Rader. Detta var no Brøkerna; men no det nye Hovudplagget, Kollhuva elder kvat Ein skal kalla det. Nei, ho er daa endaa grummare; ho er so reint makalaust uttenkt med ei Renna langs etter Skolten og so ein liten grøn Knapp midt i Renna atter. Skottehuva, veit du, kann vera bra nog og god fyre seg; men det er daa ingen Ting jamsides denne nye norske Soldathuva, slik ein utifraa fager Svip som ho heve; eg ottast berre, me faa ikkje hava henne lenge i Ro fyre oss sjølve; for det vil fulla ikkje vara lenge fyrr en baade Svensken og Dansken og Tysken og alle dei andre Magterna vilja bidja um Lov til aa gjera seg Soldathuvor etter denne nyaste norske Mynstri, og daa kann me ikkje vera ufine og svara nei.
           
Det heve voret sagt, at det er den same Mannen, som heve funnet upp baade denne Kollhuva og desse striputte Børkerna, og eg lyt mesta tru, at det er so; for det vilde vera reint formyket fyre eit so litet Land som Noreg aa eiga tvo store Munderings-Flogvit paa ein Gong. Og er det røynlege den same Mannen, som heve fostrat fram baade Huva og Brøkerna, - ja, daa er han so stor, at ingen Medalje av dei, som me no hava, kann vera høveleg aat honom. Skal tru det vilde vera formyket aa slaa ein Medalje eins Ærend fyre Soldat-Mundering? Det kostar Pengar likavel aa hava slik ein Mann som denne Uppfinnaren, det er sannt nog; men jamen er det hugnadsamt aa sjaa Landsens Rikdomar nyttade paa slik ein Maate; for detta kann Ein daa segja, Ein heve baade Æra og Gagn av.
           
Ja, Brøkerna kann vera utifraa gilde paa sin Maate, som sagt er; men Huva er daa so utruleg lagad, at kvart eit Hovud og kvart eit Andlit fær slik ein Vænleike og ei Djervsyn so storfeld, at endaa den ljotaste Mann i Radi ser ut reint som ein Apollo med denne Kollhuva. Difyre, lat denne Mannen faa ein Medalje fyre den Storgjerdi, han heve lagt ifraa seg. Me kann ikkje venta aa faa fleire slike Munderings-Flogvit fyrste Bil; men fekk me ein Munderings-Medalje, kunde det alltid henda, at Ein og annan vilde freista og tøygja seg etter nye Uppfinningar, alt um Ein laut slaa seg til Taals med Tanken paa Brongse. For Soldat-Munderingi er ikkje ferdig endaa; det stend atter Trøya og Styvlar og kann henda meire; eg heve sjølv tenkt so smaatt paa ei Styvlemynster; ho skulde vera heil ovantil og snørast ihop uppunder Foten i tjukke tjukke Ringar, og dei skulde standa som Spikar i Solen; men eg vinn ikkje annat en eg berre lyt skjemmast og venda Tanken min fraa Munderings-Medaljen, so tidt eg ser desse striputte Brøkerna og denne Kollhuva med den væne, grøne Knappen.                      
 
e. a.