Lysingar um Skulelærarpostar.

Skal tru kvat det skal vera godt fyre, at Søkjetidi til Skulelærar-Postom er so stutt? Ein kunde tenkja seg, at dei gjorde det fyr aa faa Lærarar snart, so at ikkje Skulen skulde gaa i staa. Men det maatte det daa altid vera ei Raad fyre, og eg tykjer slett ikkje, at den Grunnen veg upp mot den Skaden, som den stutte Søkjetidi gjer. For det er daa greidt, at det, at Søkjetidi er so stutt, maa vera til stor Skade og Tap, ja Urett, ikkje berre mot Lærarom, men og mot Skulen. Den vanlege Søkjetidi er 6 Vikor, reknat fraa den Dagjen, daa Lysingi verd skrivi paa Prestekontoret, og daa Lysingi so skal sendast inn til Bladom, oftast til Hovudstaden, so kann kvar og ein skyna, at i eit so vidskaatt Land, som Noreg er, verd det ikkje Tilføre fyre alle Lærarom aa søkja. I minsto ser eg, at her uppe i Finnmarki fær ein ikkje vita um Skulepostarne, fyrr Søkjetidi er ute, so det er ugjerande aa koma seg herifraa, naar ein eingong er so uheppen aa koma hit. Og er det daa ikkje Urett mot Lærarom, at dei ikkje skal faa Tilføre til aa koma seg aat eit betre Rom, men skal vera reint aa segja utestengde fraa aa søkja? Det vilde daa visst vera ei Uppmoding fyre Lærarom, naar dei kunde hava vissare Von um aa koma seg til nokot betre. Og er det so ikkje ein Urett mot Skulom og, at ikkje alle Lærararne, som vil, fær søkja, so det kann verda den rette Kappingi, og ein kann faa velja ut dei beste? Det er no visst ikkje so; men det kann stundom sjaa ut liksom Skulestyri paa ymse Stader vilde etla Lærarpostarne til ein elder annan i Nærmunom, som dei serleg unner det gode. Andre Tenestemenner, t. D. Telegrafistar, heve det slik, at dei etter Alder og Tenestetid etter Rokes stig upp i høgre og betre lønde Rom. Daa ikkje Skulen heve eit samlat Yverstyre, som set inn Lærarar, so er det vel ikkje so beint fram moglegt aa faa det so her. Men det skulde daa i minsto vera Tilføre fyre ein og kvar aa søkja, kvart han vilde i Landet.
           
Eg vilde difyr serlege beda Lærarar, som sit i Stortinget um, at dei vilde sjaa aa faa inn i Skulelogi ho skal no fram paa Tinget no eit Bod, som sette fast, kor lang stuttaste Søkjetidi skulde vera.
           
Eg sagde her fyrr, at det var ugjerande aa faa vita um Lærar-Romi i rette Tid her i Finnmarki. Det er daa vel lite likare baade her og endaa meir lenger sud paa, naar ein er so klok, at ein held Fædrelandet elder Almuvennen. Er ein derimot so ukristeleg, at ein les Fedraheimen og Verdens Gang, som eg og visst mange til meg, so skal du ha Takk! Du er urædd fyre, at du fær sjaa ei einaste Skulekunngjerd. V. G. heve elles voret so snild aa taka deim inn lell under Ledigt; men naar Søkjetidi er liti, so skynar ein, at dette verd endaa meir for seint. Det er lell so ovsnildt gjort av V. G., at eg maa takka honom her. Fdrh. heve so litet Rom aa rutta med, at det er ugjerande fyre honom.
           
Eg trur mest, at det skulde voret nokre Ord i Logi um, at Lysingarne skal verda sette i dei Bladi, som Lærarne mest les -?
           
Det fær vera nog dette. Einkvar annan kunde visst skriva betre um Saki, men daa eg ikkje paa lengje hev sett nokot fraa andre, laut eg segja dette.
                       
Ein Lærar i Austfinnmarki.