[Nytt Mjølkestell.]

Nytt Mjølkestell. Det er endaa ikkje so rett lenge sidan det gamle Mjølkestellet med aa sila i Ringjer tok til aa bytast um med aa sila i Vatten (Kallvatsmaaten). Det ser ut no, som ikkje dette hell skal verta standande ved Lag rett lenge. Dei hev no funnet upp ei Maskine Sentrifuge dei kallar som vil gjera Mjølkestellet endaa meir lettvinnt. Maskina liknar nokot sume av dei gamle Rullekinnurne; det er ein sterk Holk med Spildrur inne i, som skal stande paa Ende, og ved Hesthell Vats-Kraft skal han sveivast runnt, so han gjeng til Gagns fort. No slær Ein Nymjølki inn i denne, og ho vil daa for den braae Rundferdi si Skuld slengjast ut mot Sidurne. Men no vil det leita hardast paa det tyngste Toet, som er Mjølki, ho vil standa utarst, medan Rjomen, som er lettare, legg seg innantil og vert standande som ein Vegg inne i Mjølki. Ein læt no Verket ganga, til all Rjomen hev samlat seg, og so fyller Ein i meir Mjølk, so Rjomen vert sprengd nærare Aasen, og der er det Greidur til aa sanka honom upp. Det er alt fleire System, men det likaste skal vera de Lavals Separator; den er slik laga, at Nymjølki renn inn i ei Røyr; gjenom ei Røyr renn Rjomen utatt, og gjenom ei onnor Skirmjølki.
           
Det hev vist seg, at Ein fær 7-8 % meire Smør paa denne Visi hell paa dei gamle Maatarne, og so hev Ein Mjølki og Saupet reint søtt til Ysting, og slepp gjer Ein au Maset med all Koppvasken og Kallvatsgreidurne. Ein slik Separator hell Mjølkeskiljar, som kann renna ned 150 Lit. i Timen, kostar no væl 500 Kr., men med Tidi vert han nok billegare.