[Notisar]

Kristiania, den 13de Marts
 
                       
Naar Nordmenn kjem utanum Landsgrensa, hev dei det ofta so, at dei trur dei daa kann fara aat som dei vil. Serleg ser det ut til, at vore konservative Radikalistar brukar denne Skikken aa slaa seg lause, naar dei kjem ut millom Framande. Me hugsar han Karen, som skreiv fraa Kristiania til eit Stockholmsblad, at alle dannede og fædrelandssindede Nordmænd heldt med Gøteborgsposten i det, at Norig var eit eröfradt og altso ufritt Land, og no hev me ein Ditto, en navnløs Nordmand ja, namnlaus ja! det vil me tru som skriv i Östgöta Correspondenten og takkar Gud, fyrdi Kongen som han trur hev absolut Veto i Grunnlogsaker, d. e.: takkar Gud, fyrdi me ikkje er frie. Kvat tru Svenskarne og andre Utlendingar maa tenkja um eit Folk, som fostrar slike Søner? -
 
           
Dokument No. 1 heiter eit Verk, som no er trykt og framlagt fyr Storthingsmennerne, og som - endeleg! for det var paa Tidi gjev ei heil og vitug og civiliserad Form fyr det norske Statsbudgettet med. Alle, som hev Vit paa slikt, segjer, at Verket er godt, og at det vil vera eit stort Framstig, um den her framlagde Budgetformi vart godkjend og gjenomførd, og det so strakst som mogleg. Kann me, so skal me skriva meir um dette sidan.
 
           
Berrfotlaget er eit Lag i Russland, som samlar buslitne Handlarar, fordrukne Embættsmenn og sovorne. Dei vel ein Forstandar, som alle maa lyda, og so hev dei ein Kasserar au. Laget gjeng mest ut paa aa tigga Pengar ihop. Politiet gjer inkje imot dei, for det er Tiggarar av høgre Rang det, veit du.
 
           
Musikskule. Det er innsendt Forslag til Storthinget fraa Spilemannen Conradi og Kapteinen Ræder um aa faa Statshjelp til aa stemna ein sovoren Skule her i Byen. Toneleiken er forlitet paaagtad og umvølt her i Landet segjer dei, og me, som heve so mange fine Folketonar. Toneleiken det er au nokot, som fylgjer Menneskja fraa Vogga til Gravi, segjer dei. Han hev ei sers Magt til aa kveikja Hugen ved alle Tilføre, og difor maa han hjelpast upp; for det er einast ved slikt som ved Toneleiken og Venekunsterne hellest, at Norig kann verta noko framifraa og merkja seg ut for Allmannsaugom, segjer dei. Til aa grunnleggja Skulen trengst det 12,000 Kr. um Aaret, segjer dei. Dei reiknar so i Fyrstningi paa um Lag 50 Lærlingar um Aaret. Sume skal bitala 200 Kr, for seg, sume 100 Kr., og dei vil hava 8 faste og 7 lause Lærarar.
 
           
Norske Oldsager er eit stort Verk, er paatenkt, som skulde gjevast ut av Prof. Rygh. Det skal vara ei stor Samling av Bilæte, som skal skildra av gamle norske Funder og Fornleivder og Lesnad attaat paa Dansk og Fransk. Det skal kosta 10 Kr. Men endaa til hev han søkt Thinget um aa faa 10,000 Kr. paa 3 Aar (for iaar 4000 Kr.) for aa faa det ut, for slike Bilætverk er ovlæte dyre, so at han ikkje fær Løn sjølv for Arbeidet, um han au fær denne Hjelpi.
 
           
I Sverige hev dei no 540 svenske Miler Jarnveg.
 
 
Den norsk-svenske Generalkonsulen i London, Nordmannen Hr. Richter, hev innsendt si Konsulatberetning til Utanriksstyret paa Svensk. Og paa svensk er ho og framlagd i Norigs Storthing.
           
Ein maa segja um Richter, som gamle Anders Lundestad sagde um Sagfører Stensgaard, at han har gode Gaver. No er nok Mannen fullmogjen til aa stiga inn i Stangs Regjering.
 
 
Daaen. Sigurd Sivertson, som hev Skrevet Sogurne Mellem Fjællene og no Frida, er daaen i Danmark. Han var skyld med Diktaren Sylvester Sivertson.
 
 
Morgenbladet hev fortalt, at Thinget vilde gjeva Johan Sverdrup 100,000 Kr. som Nationalløn og dessutan aarlege Taffelpenge. Sidan segjer Baldet, snart at Sverdrup hev bodet av, snart at det heile er berre Paafund.
 
 
Juneskjoting. Løytnantarne Larsen og Dietrichson hev skipa til ein Skyttarskule her i Byen for aa læra Folk upp te skjota. Dei skyt inne i Salarne paa 12 Meter, med serslag Byrsyr. Dette er visst ein god Maate aa læra skjota paa fyr Bymennerne; dei fær daa taka det fraa Grunnen. Det er au mange med; dei hev Præmiskjoting dessheld.
 
           
Statsraadsaki hev vortet innstillt fraa Nemndi, det er berre 2 imot henne der, Aschehoug og Harbitz. Vika no kjem, skal ho kannhenda verta avgjord i Thinget.
           
Nordenskjöld og Mennerne hans hev no komet til Italia; der driv dei mest med Gjesting og Festlag; dei vert heidra plent som Kongar.
 
           
Reikefantarne. I Vennesland hev Formannskapet innsett 8 Fantefutar, som skal halda Greida paa Fantarne. I Storthinget vart det au orda utum, at Regjeringi laut sjaa til aa gjera meir for aa faa Fantarne busette, dei hev mange Pengar um Aaret til dilikt. Hermed er daa ikkje medteket Frakkefantar hell Turistar, dei skal nok framleides faa reika um som dei vil.
 
           
Jacob Aalls Erindringer kjem no ut i nytt Upplag heftevis. 4 Kr. for heile Verket, berre Fjordeparten av det, ho kostad fyrr. Dette er ei av dei fremste Bøker til aa upplysa um Norigs Soga millom 1800 og 1815.
 
           
Tobakstoll. Det hev komet uvanleg mykje Tobak til Byen i det siste. Kaupmennerne hev tenkt aa gjera Storthinget Prettur, for det hev voret paa Tale, at dei heldt paa og ætlad seg til aa setja upp Tobakstollen; so vilde dei sjaa til aa faa inn so mykje dei kunde etter den laagare Toll, som no er. Detta vart umrødt baade i og utanfor Thinget, og det vart klagat paa Tollnemndi, at med di ho hadde voret so sein med aa gjera fraa seg detta, hadde Handelsmennerne fenget Tid til aa narra Rikskassa for tusundvis i Tollpengar, for no hadde dei Tobak innført for langsameleg Tid. Men Dagbl. segjer, at det er ikkje Tollnemndi, som hev Skuldi, men det er Regjeringi, som let det nemnast i Trontalen, og allvist er det Morgenbl., som aamaalad det jamvæl 10 Dagar, fyrr Thinget vart opnat. Men det kann henda, at Handlararne narrar seg sjølve, for Tollnemndi hev innstillt, at det ikkje skal leggjast meir Toll paa Tobakken, enn det alt er, for det er Allmannsvare, segjer ho, og kjem til aa ganga ut yver Smaafolket; men Sigararne vil dei hava Paalegg paa.
 
 
Utnemning. Fast Kapellan i Lier H. P. Blix Rynning hev vortet Sokneprest paa Hole, Ringerike. Prestarne J. H. Bentzen i Øyestad og Rambech i Meldalen hev vortet avløyste fraa Tenesta.