Notisar

Kristiania, den 5te Marts
 
Regjeringi vil hava eit nytt Rikslaan paa 21 Mill. Kr.
 
Studentarne heldt Minnefesten fyr Fedrarne no um Tysdagen.
 
Kongen hev gjevet 200 Kr. til Skulemeistar Asbjørn Knudsen, for det han likad so godt desse Billeder til Norgeshistorien for Skolen og Hjemmet, som han hev gjevet ut.
 
Storthingsmennerne Qvam og L. Bentsen hev sett fram Forslag um Skulelogi paa Landet, at Lærararne i Folkeskulen skal utnemnast av Skulekomisionen, og at denne sjølv skal velja Ordføraren sin. Paa den Maaten vert ikkje Presten sjølvsagt Ordførar soleids som han til no hev voret.
 
Storthingsmann Ueland hev voret so klein, at dei hev lote kalla inn Supleanten, som og heiter Ueland og er Broder hans. Quam hev au fenget Heimlov for eit Bil.