Bokhandelen vaar.

(Innsendt.)
 
Det hev voret ein illherveleg beisk Strid i Bladi um norske Forfattere og danske Forlæggere, og det hev voret sagt mangt eit forvitnelegt Ord um dette Emnet. Inkje minst merkelegt er det, som hev komet fram fraa dansk Sida, daa det syner, at Danskarne inkje held oss fyr eit Folk endaa. Det er selvsygt og mykje annat fint, naar me mislikar, at norske Bøker vert prentad i Danmark, men Danskarne vilde vel hava Lov til aa vera misnøgde, um dei beste danske Bøkerne vart prentad i Stockholm elder Berlin. Av Morgenbladet i same Striden fær me sjaa, at de egentlige såkaldte målstrævere anser vi for et temmelig uskadeligt folkefærd. De har nu arbeidet i over 20 år gjennem specielle aviser, bøger og taler, uden at komme et skridt videre. Me fær vita, at dei lurar inn danske Vendingar i norske Bøker, som dei prentar i Danmark, og detta er mykje rimelegt, for Bøker, som skal prentast i Danmark fyr danske Lesarar, lyt vera paa Dansk so vidt det er Raad til det. Fællesliteraturen fær me vita held paa endaa. Bjørnson og Ibsen, likesom Wessel og Holberg, høyrer til Fællesliteraturen dvs. er danske. I Utlandet er dei so toskutte og, at dei trur, at Menner, som skriv paa Dansk og prentar Bøkerne sine i Danmark, er Danske. Ilter Nationalfølelse fær me og vakkre Ord um inkje fyrdi me klandrar Bjørnson og Ibsen, for det gjer nok ingen, som hev fylgt med Tidi men fyr di me ynskjer, at det var her som andre Stader, at Diktararne vaare kunne prenta Bøkerne sine heime. Me ser Tanken: I det 15de og 16de Aarhundradgjekk all Saft og Kraft av Norig til aa feita den danske Adelen. No, daa Blomen av det danske Aandslivet inkje syner seg i Adelen men i Bokriket, skal Safti og Krafti av Norig ganga til aa fostra upp eit fælles dvs. danskt Bokrike. Dei som vil hava Norskdomen fram er inkje Patriotar, men Separatistar og Partikularistar og meir slikt. Formi er nokot finare no enn fyrr, men Tanken er den same.
           
Det er reint hugsamt, som det no vert skrivet av fleire, at den norske Bokhandelen hev teket seg so utruleg fram i dei siste Aari, at norske Forleggjarar no byd likso gode Vilkaar som dei danske, men det ser inkje ut til at Asbjørnsen vil hava nokot med dei like væl. Det maa bu nokot innunder her, kvat det no kann vera, og ingen hev snakkat ut um detta.
           
Detta her er inkje Smaating, skulde eg tru. No ser det ut til, at soframt alle norske Forfattarar, 1) jamvæl Fru Collet (- den sidste paa valen, - thi hvem er tilbage når Asbjørnsen ogsaa er reist?) reiser til Danmark med Bøkerne sine, so vil Maalstrævet, som alt hev arbeidt seg fram til Stortingsbeslutninger, faa Bugti og baade Enderne her heime.
           
Elder kannhenda det er likso rimelegt, at det no kjem til aa bløma upp eit ungt Bokrike i Danmark (der er fleire Merke paa det), so dei danske Forleggjararne fær nok aa gjera med aa prenta danske Bøker, so dei norske Diktararne lyt gjeva seg paa Naade og Unaade, til dei norske Forleggjararne. Daa vil truleg desse, naar dei inkje hev den danske Konkurransen aa ottast, inkje vera fullt so rauste paa Handi lenger. Fyr Maalmennerne kann det vera slikt slag korleids det gjeng; den norske Bokhandelen er stengd fyr oss kor som er.
           
Ein norsk Forleggjar vil segja, at dei Bøkerne paa norskt Maal, som no kjem ut, er inkje slike, at Folk bryr seg um aa lesa dei, og difyr kann dei inkje forleggja dei. Og fær ein Bokhandlar ei Landsmaals-Bok i Kommission, skal han hava so stor Rabat og so gjeng det so mykje til Lysingar, at naar Forfattaren kjem og spyrr etter Pengar, so fær han vera glad til, um han inkje lyt betala. Difyr hev flestalle Maalmennerne no teket til aa selja Bøkerne sine sjølve. Det er harmelegt, men sant, at fyr Landsmaalsbøker er det liksom Bokhandelen inkje var til. Eg hev spyrt etter mangei Landsmaalsbok i Boklødurne, men dei finst inkje der. Ein fær skriva til Forfattaren, og so fær ein Boki i Posten. Paa denne Maaten vert det selt mindre, men det løner seg nok godt. Dei fleste Bøkerne gjeng ved det, at Forfattaren sender Bøkerne til Skulelærarar og andre paa Landet, og desse fær daa ein høveleg Rabat. Men er inkjedetta for galet i eit upplyst Land?
           
Eg fyr min Part maa segja det, at eg i gamle Dagar betalte for ymse Landsmaals-Saker, som eg aldri fekk, so det varde ei Stund, fyrr eg vaagad paa aa senda Pengar fyr ei Bok, som eg inkje hadde fenget, men i dei siste Aari hev det gjenget godt.
           
Ein Ting, som mykje hev skadt Landsmaals-Bokhandelen vaar, er at ein kann so litet tru paa Folk. Um eg vil gjeva ut ei Bok og byd ho fram til Tinging, og det kjem so mange Tingarar, som eg treng, so hender det at dei allerfleste inkje betalar, og so stend eg der med eit stort Tap. Tingararne trur dei kann gjera som dei vil, av di dei sjølve tidt hev voret narrad. Store Flokkar av Kolportørar o. dl. fer umkring i Landet og byd fram Bøker til Tinging og fær Pengar, men Tingararne fær inkje Bøkerne. Paa denne Maaten hev det vortet slik Mistru Mann og Mann imillom, at det er vaagsamt fyr ein Landsmaals-Forfattar aa gjeva ut ei Bok. Ein skulde tru ein var i Kina.
           
Ein Ting er viss: At Maalmennerne lyt sjaa um dei kann vera Bokhandlararne fyrutan, og dei lyt sjaa, um dei kann faa Skulelærarar og andre, ein i kvar Bygd, til aa selja Bøker mot Rabat. Er det so ein elder annan av desse, som inkje vil gjera Reikneskap fyr seg, fær ein setja Namnet hans i Bladi. Sameleids fær ein gjera med dei, som tingar og inkje betalar, og inkje spara nokon; kannhenda daa det kunde retta paa seg, endaa um Dagbladet og andre liberale Avisur er snilde nok til inkje aa nemna eit Ord um Bøker paa Norsk.
 
 
Alle Landsmaals-Bøker lyt vera innbundne, naar dei kjem i Handelen. Naar ein bind inn eit heilt Upplag, kann ein faa eit godt Bind fyr 20 Øyrur 2) men skal ein Bonde faa bundet ei Bok, lyt han hava ho med til Byen, venta eit halvt Aar, og betala 1 Kruna.
 
 
1) Dei som skriv paa Landsmaal er sjølvsagt korkje norske elder Forfattarar.
 

2) Jamvæl fint Bind kostar inkje meir enn umkring 30 Øyr., naar ein bind fleire Tusund paa ein Gong. Eg hev høyrt, at Bokhandlararne tek 1 og 1 ¼ Kr. fyr Bind, som inkje kostar dei meir en ei 30-40 Øyr.