Bjørnesogur.

(Fraa indre Ryfylke ved R. Løland.)
 
Det var ut paa Hausten; eg var til Fjells paa Leiting etter Smale. Det var stuslegt aa koma til Støyls no, daa alt var audt og stillt og det inkje fannst korkje Folk elder Fe, og eg tenkte so smaatt paa Huldrefolket, som Ein etter gamle Segner no kunde venta var flutte i Selet inn. Og rett nok -: som eg kom fram mot Selsdøri, høyrde eg eit svært Staak derinne og Rop og Murring, og so Banning. No skal du sjaa! tenkte eg og kvakk hardt, men so tok eg Mod til meg, sprang burttil Døri og glytte inn. Daa var det han Helgje Stølsbrekka, som sat der, Skyttaren og Bjørneveidaren; han laag i Fjellet og skaut Rjupa. Men kor han saag ut! Brennd og svidd paa baade Klæde og Hender, liksom han kom or Varmen! - Huff, Gut, sagde han, daa han saag meg, er det du, som er ute og gjeng? Ja, det var nok so. Men kor hev du voret framme, som ser soleids ut? spurde eg. Aa, det var denne skarve Krutposen . . . kom for nære Varmen, ser du; so frasad det i baade i den og i meg; eg tenkte det hadde brunnet upp heile Huset! Og so skjende og smaabannad han paa seg sjølv, som kunde fara so uliklegt aat. Han var ikkje i Godlaget, høyrde eg, og gjekk snart. Men daa eg var komen upp i Bakken, ropad han etter meg og sagde, at han skulde same Vegjen han og; han skulde sjaa um Snarurne sine. Eg var fegjen dess, eg; for no visste eg det kom Sogur.
           
Me kom fyrst til Snaks um Skjoting og Bjørneveiding, og der var han Helgje godt kjend. Men her er stillt no mot i gamle Dagar, sagde han seinstpaa. Her finnst ikkje annat enn einkvar Rev og Erv no; det er ikkje for inkje, at her hev voret tri namngjetne Bjønneskyttarar i Bygdi hell, maavita. Nei, daa eg var so paa Lag 20 Aar, so laag eg og Bror min med Kreturdrift i Fjellet ein Sumar. Daa var der Bjørn, og det ein, som ikkje var bljug, skulde eg tru. Han var ikkje lenge um aa slaa ihel eit Par Naut, han. Ein Dag kom me yver han, og daa hadde han sleget ihel einaste Kui hans Ola Plassen, ei stor gild Ku. Bjørnen hadde nok Samvitsagg av dette, for han rømde so snart han saag oss. Dagen etter skulde han Ola Plassen upp og flaa Kui si. Best som han laag og flaadde, kom Bjørnen luskande; han skulde vel eta til Dugurs, kann eg tru. Men daa han vart var Mannen, stansad han uppi ei Urd eit Stykkje ovanum og gav seg til aa riva og ramla med Steinarne. Men Ola letst ikkje vedgaa korsomvar, han, synte berre Kniven ender og daa. Tilslutt vart Bjørnen altfor nærsøkjen. Daa vart han Ola lynende sinnad, og sume segjer, at han slengde Kniven ende inn i Kjeften paa Bjørnen og so flaug sin Veg heim; men andre segjer, at det ikkje er sannt. Sjølv vil han ikkje hava nokot Snakk um det. Men visst er det, at andre Dagen, daa me kom att der Kui laag, fann me henne plent urørd.
           
Ein Sumar seinare var eg burti Grannesokni hjaa Morbror min og gjætte Kreturi hans; me laag paa Sætri mest heile Tidi, og daa var det ikkje det Grand likare; Bjørnen drap fælt, helst um Nætterne; men det var ingen, som vaagad seg i Kast med honom. Tromma skulde vera god til aa skræma Bjørnen med, hadde dei gamle fyr Tru; du veit Bjørneverset segjer:
 
Bukkahorn og Barnaskrik,
det læte so vent i mitt Øyra,
Tromma og Luren skræmer meg av,
Fela fær eg kje høyra.
 
Me bles i Lur og trommad, so det dundrad i Fjelli; men det munad ikkje stort. Ein Kveld hadde dei drivet ei Mengd med Bufe burti ei stor Renneskaar (ei Skaar, som ikkje hev Tilgang meir hell i ein Ende) og gjerdt att i Enden for aa hava Buskapen trygg um Notti. Men daa vart dei godt lurde. Bjørnen laag sjølv burti Skaari i Fyrevegjen, og han gliste visst godt med seg sjølv, daa han saag, at dei dreiv Buskapen so reint uppi Fanget paa honom. Heile Notti stullad han daa som han var heime og drap mange Naut. Og den Notti kunde me nok tromma og staaka som me vilde; Bjørnen tenkte væl som Katten, daa han sat paa Fleskebogen: eg sit godt nok, der eg sit, eg. Sidan ein Gong fekk dei jaga honom ned i eit stort Djuv ja um det var nettupp same Bjørnen skal eg ikkje segja for sannt -; der kunde dei berre velt Stein etter honom og slegjet honom ihel; men ingen vaagad seg til; for dei sytte fyre, at dersom han ikkje vert drepen, kunde han taka Hemn yver Gjerningsmannen sidan, og dermed slapp Bjørnen den Gongen med. Dei trudde Bjørnen var so klok i den Tidi, so han visste nok aa finna den rette; han hev tolv Manns Vit og ti Manns magt, veit du dei sagde; - men det trur no eg er berre Lygn og Fjas. Men han hev utrulegt Vit lell, lagde han til um ei Stund; soleids er det sagt, at naar han finn Manna-Lik i Utmarki, so grev han dei ned.
           
Det hadde eg og høyrt fortalt, sagde eg; for paa Langgodfar min si Tid hell truleg endaa lenger sidan budde det ein Mann paa Løland, som heitte Hadle, og han hadde so nær vortet nedgraven livande av ein Bjørn. Det gjekk soleids til. Han Hadle var ein Dag uti Marki eit litet Stykkje utum Bøgarden og arbeidde. Best som det var, kom Bjørnen. Hadle kastad seg ned, so Bjørnen ikkje skulde sjaa honom; for røma var raadlaust. Bjørnen vart var honom korsomvar og gjekk burtaat og nasad paa honom; men Hadle laag daudstill og heldt Anden, og so trudde nok Bjørnen han var daud. Gjekk so ned aat ei Myr og gav seg til aa rota upp ei stor Greft; berre ender og daa kom han burtaat att og nasad paa Mannen, som ikkje torde røra seg. Men eingong Bjørnen var burte lenger enn vanlegt spratt Hadle upp og sette til Sprangs; han forstod det galdtLivet. Men Bjørnen etter. Baae tvo lagde dei Godviljen til, so eg vil tru det vart Kappsprang! Endeleg naadde han Hadle so langt, at det bar heim mot Husi, og daa vaagad ikkje Bjørnen seg lenger; Hadle var bergad. Ikkje sidan helder fekk han Fred for Bjørnen, er det sagt, so tilslutt laut han flytja av Garden.
           
Reven narrar daa Bjørnen lell, kor mange Manns Vit han so hev, svarad han Helgje. Det er soleids sagt, at ein Rev og ein Bjørn lagde seg til aa sova frampaa eit høgt Fjell eingong; Reven laag fremst utpaa Fjellkanten. Daa Bjørnen væl hadde sovnat, sprang Reven upp og lagde seg attanfor honom, so Bjørnen kom til aa liggja fremst, og so skreik han alt i eit: Tukka deg, tukka deg, Bjørn, hell so skubbar du meg utfyre! Bjørnen høyrde dette i Svevnørska og byrjad tukka seg fraa Reven, som han trudde laag ytst, og tilslutt tukkad han seg radt utfyr Fjellkanten og datt ned og slog seg ihel.
           
Det er underlegt med den Bjørnen, som er so stort og sterkt eit Dyr, at han ligg inne i Hi heile Vetren, sagde eg. Veit du ikkje, kor det hev seg? spurde han Helgje. Det var eingong Jomfru Maria kom gangande aat ei stor Elv, som det ikkje var Bru yver. So bad ho ein Varg, som gjekk der, um han vilde bera henne yver. Jau, Vargen lovad det, og Jomfru Maria sette seg upp aa Ryggen hans. Men daa Vargen var komen uti Elvi eit Stykkje, slengde han henne av og snudde til Lands att. Maria kom og til Lands, og daa forbannad ho Vargen og sagde: Du skal ganga i nie blaa og Inkje faa! So saag ho ein Bjørn og bad honom, um han vilde bera henne yver Elvi. Ja det skal eg nok gjera, svarad Bjørnen, og han bar henne yver. Daa vælsignad ho Bjørnen og sagde: Du skal faa liggja inne heile Vetren og suga paa Ramarne [Labbarne] dine og sleppa frjosa og lida vondt! Etter den Dag hev Vargen lotet ganga i Heidi heile Vetren (nie blaa Maanadar), men Bjørnen fær liggja inne i Hiet sitt og sova heile Vetren og drøyma um Sol og Sumar.
           
- No var me komne fram til der Rjupesnarurne hans Helgje var, og dermed fekk eg ikkje fleire Bjørnesogur av honom den Gongen.