[Statsrevisor Berner]

Statsrevisor Berner hev sendt inn Forslag til Thinget um ein ny Skipnad av Embætti i Heren. Han vil at Officerararne ikkje skal vera Officerar berre, det er so smaae Postar og so lite aa gjera, at dei maa taka seg onnor Fortenest attaat, kor som er, segjer han, som det au er sannt. Nei dei skal attaat upplærast, so dei kann hava andre borgarlege Embætte paa same Tidi, allvisst daa med Toll- og Skog- og Post- og Skrivargreidur o. s. b. som kann høva for dei. Daa vert det den Goden fyr Officerarne sjølve, at dei fær høgre Løner, og fyr Staten med di, at Hermennerne kann verta litt meir som Folk er flestog ikkje slikt eit Serstand, som det stend Kvekk av, berre du kjem burtaat det, og so vil det verta innsparat utalleg med Løner og Etterløner. Underofficerarne dei skal au anten vera Skulemeistarar hell noko annat. Paa den Maaten vil Skuleverket faa baade betre lønte og meir lærde Menn, og so kann dei au læra upp Smaaguten so godt paa Skulen i Eksis, at dei kann spara inn mange Dagar paa Moen, ja baade i Tid og Pening. Berner vil daa, at dette skulde innførast litt um Senn, men naar det vert fullført, meiner han, at det kann spara Riket for millom ein og tvo Mill. Krunur.