[Seljord]

Seljord Minnefest for Fedrarne (Brev). Den 14de i denne heldt me Fest til dei Gamles Minne. Me var inkje so vande um Datoen; dæ var oss meir um aa gjera, at Festen kunde bli halden. Salen paa Bjørge var paa dei tri Veggjerne tekkt mæ Flak; midt paa den inste Veggjen myllom Flakji var uppsett ein Bautastein, og inne i den brann mange Ljos, so Navni: Henrik Vergeland, Ueland, Vinje o. fl. flamma som i Gull. Skulegjenturne hadde bunde vene Kransar av Graanbar, Tollebar aa Brisk, som Salen var krandsa mæ. Umkring 200 var inbodne; der var inkje mæ godom Husrum til fleire. Etterat me hadde drukkje Kaffe aa sete Kveitebollar aa ete saman i smaa Flokkar aa goprata, opna Jørund Telnes Festen mæ ei Tale 1) ; etterpaa tala Ullman fagert um Smaaborni som hadde flutt fraa oss, og so tala Oddmund Vik so umlag for Henrik Vergeland:
 
Og staar jeg i vor egen Gaard
et Stjernebilled Øiet slaar-
med alt sitt rige Under.
Det lyser Henrik Wergeland
udover Norges blege Land
i Mindets klare Stunder.
 
Eg nemne Wergeland no, av di han stend og i lange Tider vil standa som Stjernebilætet yver all vaar Framgang, alt vaart Arbeid. Det er i hans Tid og i hans Arbeid, at Tankarne tek til aa rulla. Vil me hava Tak i fyrste Enden av eit Folkekrav, so maa me leita der. Me finn Traaden og rekkjer han upp som av Nystur. Ein Traad gjev oss Mennerne Ueland, Jaabek, Sverdrup og mange andre i same Rekkje: ein annan Ivar Aasen, Vinje, Krohn, og mange som heve arbeidt i Aalvor og Tru fyr det Norske Maalet, og soleids vidare: Rekkjur av Menn og Tankar. Det er ikkje mange, som fær eit so ovrikt Livsyrkje! Difyr er det vel helder ikkje mange som kann ganga so jublande glade herfraa som han. Hans Yrkje var so stort, at han sjølv vart smaalaaten. Han kunde paa det seinste vera glad i den mindste Tingen; han kunde smila til Foraaret og til sin Gyldenlak:
 
Og sig, jeg ønsker, at paa min Grav
den blomstrer af.
 
Meir bad han ikkje um fyr seg sjølv, for han saag inn i den smukke Familie, daa han sloknad. Men fyr sin Jubel vart han til Stjernebilætet! Og skulde eg ynskja nokot godt fyr oss, so er det - lik Profeten at me i den seinste Stundi maa eiga ein Gneiste av den Jubel, som laag yver Wergeland; for daa maa vaart Arbeid hava voret i Ætt med hans!
 
So tala Ullman um Henrik Krohn, Aslak Haukom um Kivlemøyarne aa um Ole Vig; Student Brandt for Student Karl Johan Nilsen, o. m. fl. Millom Talunne Song. Leiv Sansdalen spila dei tri Kjivlemøy-Slaattarne for oss. Dæ var ein mykjy til morosam Kveld, aa ein Kveld, som breidde baade Ljos aa Hugnad kring seg. Me heve mange sæle Stunder under Skorve no, aa der fell verkeleg mange fagre Ljosstraalar inni Stugurne fraa den gamle Skrivargarden, der so mange Bøndar førr stod og skalv mæ Hatten i Haand. Me vil seia um Høgskulelæraranne vaare paalag som det stend i ei gamal Vise um Fruva Anna Arnold paa Borgestad:
 
Dei lyser i Staaga, dei pryder i Gar,
Dei heve so mykjy aa gjera
Mæ Bonden, som uppe i Fjøllo bur
Naar han netil Bjørge maa fara.
Gud lat dei liva evindeleg væl!
 
Dei hjølper paa Bonden, er ingjen for stor,
Dæ maa me i Fjøllo berøma,
Der er for okkon ei nyttug blid Mor
Gud skaa dei derfyre Løna.
Gud lat dei liva evindeleg væl!
 
Telemarkinganne er inkje so lite upplagde til Kritik, aa her vankar stundom inkje so lite av den; men etterpaa dette Lagje heve eg inkje høyrt anna en alt væl, naar eg undatek, at dei tottest Punsen var noko klen. Og han var no inkje rar helder.                               
                                               
Jørund Telnes.
 
1)