[Ein "Norman(d?)"]

Ein Norman(d?) i Opl. Avis er harm, fyrdi det er nokon her i Landet som vaagar aa tenkja paa ei ny norsk Bibelsoga, etter at Høyem hev skrivet si. Der Høyem hev faret, maa Ingen fara etter. At Vestmannalaget no vil hava ei ny Bibelsoga er altso galet, endaa um denne Boki ikkje er lagd paa same Leidi som Høyems. Det er Formstræv Sneverhjertethed, bygdemæssig Optræden o. s. fr., og Vestmannalaget fær høyra, at det hev arbeidet sig ud i en Gammelmandstilværelse, er i Forstenelse o. m. dl.
           
Fedraheimen held og paa med aa forstenes. Men av ein annan Grunn. Ikkje fyrdi det er for landsmaalsk, men fyrdi det er for bygdemaalsk, og daa serleg alt for telemarkisk. Det er altso like galet, anten Ein held strengt paa Landsmaalet, som Vestmannalaget, elder Ein jamsides Landsmaalet dreg fram gode Bygdemaal, som Fedrh. Alt er Formstræv, Bygdestræv, Forsteining. Det einaste som duger, er Høyem.