Missionen og Missionsverket vaart.

Folket vaart, ikkje større det er, hev gjort ikkje so litet fyr Heidningsmissionen no i seinare Tid. I mange Byar og Bygder er skipat Missionssamlag og Kvendesamlag, og i Stavanger er ein stor Skule til aa utdana Missionærar. Serleg paa Vestlandet er Missionssansen, som det heiter, stor; den aalmenne Mann er mange Stader betre kjend med Missionsstrævet og hev meir Samhug fyr det enn t. D. fyr vaar eigi Folkereising, Maalsaki, Politikken o. dl. Det vert haldet fyr vaar største Folkesak. Vaart Folk, som er eit sterkt Trudomsfolk, er etter Maaten rumhendt, naar det gjeld Missionen og annat sovoret, som hev fenget Ord fyr aa vera gudelegt. Og alle dei, som hev reist fraa Heim og Land ut til Heidningarne og trassat alle Hindringar fyr aa forkynna dei Kristendomen, er me skylduge aa agta. Men so kjem det store Spursmaalet, korleids det kann hava seg, at me ser so litet att av alt dette Strævet. I Sululandet, veit me, hev voret arbeidt no i mange Aar av ikkje so faae Missionærar; men ikkje meir hell ein og annan einstaka Heidning hev vortet paaverkad av Kristendomen. Paa Madagaskar er det nok litegrand betre, men ikkje mykje er gjort der helder. Og det er likso galet, at sume av dei, som skulde vera umvende, stundom hev dovnat av og er ifraagjengne att (t. D. Sulu-Moses). Korleids kann dette hava seg?
           
Det er dei uheldige Vilkaar, Missionærarne vaare arbeidar under, Folkelynnet hjaa Heidningarne, som hatar alt nytt og all Upplysning, vert det som tidast svarat. Det kann vera altfor sannt det, og det er visst, at Missionærarne vaare hev myket aa stridast med, som me her heime ikkje veit um hell kjem ihug, so me hev ikkje Lov til aa venta so svært myket; men likevæl hev daa eg, og mange med meg, voret i Tvil, um det er berre dei uheldige Vilkaar, som meinkar Framgangen fyr Missionen. Lat oss sjaa eit Grand paa dette!
           
Me skal ikkje her hefta oss ved dette svære Gongverket med Hovedbestyrelse, Kredsbestyrelser, Kredsforsamlinger o. s. fr., alt um eg trur, at dette utan Skade kunde minkast av til Helvti. Større Lag ligg det paa sjølve Missionsskulen. Her maa dei, som vil verta Missionærar, ganga i 5 Aar og læra framande Maal, Hebraisk, Græsk og mangeslags nye Maal, og so Teologi. Det er plent etter same Maaten som vaare eigne Prestar vert upplærde. Desse boklærde og maalkloke unge Menn, ukjende med Livet, som dei er, skal so ut millom Villmennerne. Og korleids tek dei det der? Jau, Missionæren byggjer ein Station og fær til seg ein og annan Heidning til Gudstenest og fær kaupa eit og annat Slavebarnet. Desse Slaveborni og kanskje andre, som dei hev fengjet til seg, vert daa sette paa Skule. Der skulde ein venta, at dei vart upplærde i Kristentrui so simpelt endefram, som mogelegt, ved det levande Ordet, og i Kunskapar fyr det daglege Livet; men nei, trur me det, so trur me galet. Lat oss sjaa paa Lærefagi paa ein Skule fyr Unggutar paa Madagaskar (Etter ei Bok um Missionærarne av U. Anker): Dahle underviste i Dogmatik, bibelsk Indledning, gammeltestamentlig Bibelforklaring, Homiletik og Kirkehistorie. Borchgrevinck: Græsk, Regning og Sang. Borgen: Nytestamentlig Bibelforklaring, Bibelhistorie, Verdenshistorie, Geografi, Norsk!! (som likevæl ikkje alle les), madagassisk Grammatik og Analyse. Pontoppidan vart og gjenomfaren. Det kann me segja er Lærdom! Eg kann ikkje annat segja, enn at eg totte det var sorgsamt aa sjaa slikt. Me klagar yver, at det er tungt fyr Borni her heime i Norig aa puga i seg Pontoppidans Forklaring og all denne Kunskapsmengdi, som gjer Hovudet fullt og Hjartat tomt; men det er daa langt verre fyr Sulu- og Madagaskarborni; for dei, veit me, stend paa eit langt lægre Aandsstig hell me Nordmenn, so det fyr Storparten av dei liksosnart fører til aa fortulla det vesle Vitet dei hev, som det gjev dei verkeleg Upplysning. Det er formykje med ein Gong, maavita. Ein kjend Afrikareisar sagde nyleg paa ein geografisk Kongress, at Europæararne foor uforsvarlegt aat mot Afrikanararne, naar dei nøydde paa den Kulturen sin og Kristendomen; det kom plent til aa fortrylla dei, forsikrad han. Det var den langt framkomne Europakulturen, han sagde det um, maa me hugsa paa. Ein Kultur tilmaatad etter Folkets Aandsstig, det vil segja ein folkeleg Kultur, er det, som trengst der som allestader, om han skal verta til sannt Gagn. Og at Kristendom i Form av Dogmatik og lærd Bibelforklaring og Pontopidansforklaring ber imot, er ikkje aa undrast paa. Me kjenner til det, me og.
           
Naar me ser paa dette, trur eg me maa finna, at umfram dei ytre Hindringarne er det serleg det, som meinkar Framgangen aat Missionen, at han er for ufolkeleg. Missionærarne vaare er visst alle true, arbeidsame og uthaldande Menn, som er all Æra verde; men dei er komne fraa Norig, og der er det ikkje godt aa faa Vit paa det Folkelege. Det er visst helder ikkje aa venta nokot Besning so snart. Paa Aarsmøtet i Trondheim i Sumar vart Skuletidi fyr Missionærarne forlengd fraa 5 til 6 Aar etter mi Meining eit godt Stig paa galne Leidi. Det er reint merkjelegt for ei Tru dei hev paa Maal-Lærdom i desse Dagar. Kvat Bruk hev Ein fyr daude Maal, naar Ein skal forkynna Gudsordet fyr Heidningarne? Det som daa trengst, er ikke Maallærdom og Teologi; men det er den Kunst aa forkynna Sanningi greidt, forstaalegt og hjartelegt. Les um dei som grunnlagde Kyrkja, korleids dei talad til Heidningarne. Les um Paulus; han livde saman med Heidningarne og talad til dei, so dei forstod det just ut fraa deira eigen Synstad. Det Altaret fyr den ukjende Gud brukad han til Studnad fyr sitt og sagde; at han, den ukjende, dei hadde trutt paa, netupp var den einaste sanne Gud, som han kom til aa forkynna um. Den græske Trui, at Mannen var ættad fraa Gudarne, sagde han og var sann, berre paa ein annan Maate. Soleids aa taka det gode i den gamle Trui kann liknast med ein
Stige hell ei Bru til aa føra Tankarne aat Heidningarne linnt yver fraa det gamle til det nye. Dei afrikanske Heidningar er liksom Born mot oss, som fleire Aarhundrad hev voret kjende med Kristendom og Kultur; difyr hev dei serlegt Krav paa aa faa Kristendom og Kultur paa ein fateleg og folkeleg Maate, og minst av alt bør me fylla dei med tunge teologiske Tankeflokar og Pontoppidansforklaring. Men som sagt: det er lite Von um Bisning enno. Missionsverket og Missionsskulen stend under Tilsyn av dei høglærde rettruande konfessionelle Prestar og Teologar, maa vita, og dei hev nok sine eigne Meiningar baade um det folkelege og um det menneskelege.
           
Det er mange, som hev teket Ordet fyr aa faa Missionsskulen nedlagd no i det seinste; for her er alt utsende so mange, og skal ein venta varig Framgang fyr Missionen, maa ein sjaa aa faa innfødde Lærarar. Men som me veit, vart det avgjort i Sumar, at Skulen skulde haldast uppe, berre gjerast strengare. Men detta maa verta umgjort att, skal her verta Von um nokon Framgang. No i den seinste Tidi hev Missionen vaar havt eit stort Tap, som me veit, meddi at alle Missionærar er drivne ut or Sululandet, so det ser ut til, at der er arbeidt mykje til inkjes. Men kanskje kann det jamna seg att med Tidi.
           
Samstundes ser me, at Missionen i Santhalistan i Austindien, der Nordmannen Skrefsrud og Dansken Børresen arbeider, gjer duglege Framstig. Det maa gleda kvar Normann aa sjaa det. Det kann nok vera, at Folket der er meir mottakelegt fyr nye Tankar; men det at Missionærarne er folkelege og praktiske Menn gjer visst likso mykje. Det er den trøystefulle Motsetning til det skakk-køyrde norske Missionsverket.