I "Fædrelandet".

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
Eg kann iallfall ikkje forstaa, at ein heilt ut ærleg og sanningskjær Kristen kann taka det paa annan Maate. Vilde han fara fram paa den Maaten som K. tenkjer seg: mura seg inn i Standpunktet og berre avvisa alt, som han ikkje tottest kunna faa til aa høva med den Kristendoms-Uppfatning, han eingong hadde fenget i seg, so trur eg, han i mange Maatar vilde lida vondt av det. Ja sjølve Trui hans maatte paa den Maaten taka Skade.
           
Me kann taka eit Døme fraa ein annan Kant, so vil me lettare forstaa det. Me kann tenkja oss ein Mann, som er t. D. Positivist. Han hev eingong, etter fri og klaar Gransking og Prøving, gjevet seg inn i Positivismen, fyrdi han totte, at den laut vera det sanne. Og sidan stend han der. Kvar ny Tanke, han finn, so spyrr han berre, um denne Tanken er positivistisk; høver han med Comtes cours de la philosophie positive? Og finn han, at Tanken ikkje høver med denne Comtes Bok, so kaster han Tanken utan vidare Prøving fraa seg. Han vil vera Positivist!
           
Ein slik Mann vilde ingen kalla aandsfri, og heller ingen vilde segja, at han var ein ærleg Søkjar etter Sanning. Og heldt han paa slik gjenom all si Tid, maatte han tilslutt verta grøteleg skakk-kjøyrd.
           
Det er i ymse Ting paa ein annan Maate med Kristendomen enn med slikt eit filosofiskt System. Men i denne eine Tingen: Høvet til den frie Forskning og Forhandling, vert det likt. Ein ærlegt sanningssøkjande Kristen kann likso lite som ein ærleg Positivist stengja seg inne i sitt eiget vesle Rom og berre avvisa uprøvt det, som ikkje vil høva der inne. Den, som stengjer seg inne er rædd; den, som er rædd, tvilar. Men den, som tvilar, og ikkje hev Mod til aa gjera upp med seg sjølv, han fær aandeleg Tæring. Han vil tilslutt hava misst sjølve Krafti til aa tru ærlegt og personlegt. Han vil verte ein Autoritetstræl tilgagns elder ein Vaneslengjar.
           
Det er sannt: der kann vera Tankar, som er so ravgalne, og som strider so plent mot all den Kjensla me eig fyr Sanning og Rett, at me strakst maa segja til oss sjølve; dette maa vera galet.
           
Men er me aandsfrie Menn, so nøgjer me oss ikkje med det. Er me aandsfrie Menn, so gjer me upp fyr oss sjølve Grunnen til, at den Tanken maa vera galen. Og der maa me likso væl sjaa Tingen fraa alle Sidur, dersom me vil døma rett og koma til eit aalmennt og visst Utslag, so at me kann vera trygge paa, at me er ferduge med den Saki. Dømer me berre fraa vaart eiget serskilde Standpunkt, so vil me altid kunna hava den stille Tvilen paa Botnen av oss: enn um Tanken fraa andre Synspunkt likevæl skulde visa seg sann? og um han, i so Tilfelle, skulde koma til aa kollstøyta heile vaart Standpunkt -?
           
Me vinn ein annan Ting og ved det aa taka Tingen aandsfritt. Me vinn Klaarskap. Endaa den galnaste Tanken vil paa den Maaten maatta vera oss til Nytte. Han driv oss fram til Medvit um Ting, som me fyr hadde berre paa Kjensla, og dermed vert me baade aandeleg rikare og aandeleg stødare. Kor mang ei vælsignad god Gong hev ikkje det hendt, at det just var dei galne Tankarne, som dreiv Folk fram til aa faa Tak paa det rette!
           
Me kann sjaa det paa sjølve Kristendomen. Det, som hev gjort, at den kristne Læra hev utviklat seg meir og meir og klaarare og klaarare, det er i stor Mun det, at her hev voret Kjættarar. Like eins i alt annat.
           
Teologarne kann tala so mykje dei vil um gamall Kristendom og gamalt Einfald, so tenkjer dei likevæl paa ein annan Maate no, enn Teologarne gjorde i det 16de elder 17de Aarhundrad. Dei er meir Folk no og mindre Munkar. Og Mange Tankar, som fyr 300 Aar sidan hadde ført sin Mann paa Baalet, høyrer me no fraa Prækestolen. Det kann me takka dei nye Tankarne fyre, baade dei rette og dei range.
           
Johan Huss vart brend, og Luther sjølv bergad berre so vidt Livet. Det var fæle Tider den Gongen. Hadde K. voret til daa og skrivet slike fritenkjande Ord, som dei han no hev skrivet i Fædrel., og som eg i f. No. hev prentat av, so hadde han og vortet brend. Inkvisitionen toldemindre enn so. Um meg sjølv vil eg ikkje snakka. Maa me no ikkje segja det er godt, at me er komne so langt, at me ikkje lenger tyner kvarandre fyr Skuld vaare ulike Meiningar? Maa me ikkje tilmed segja, at me dermed hev gjort eit stor Framstig i Kristendom? Aa jau. Men hadde Folk i den Tid og sidan gjenomført den Maaten, som K. no held fram som den rette, - so hadde han og eg no stadet paa same Baalet.              
 
G.