Hr. "G."

Det, eg her skriv, er framkallat ved sidste Svaret dykkar (i No. 5) til Christopher Bruun. For eg er bland deim, som med Spenning hev fylgt Ordskiftet millom Dykk. Eg ventad nokot av det. Men ved Stykket II hev De gjort meg nokot lang i Andletet. Skal det fyre Aalvor enda her?
           
De hev nyleg talat sterke Ord um fri Forhandling. Vel var det, og Takk skal De hava for dei Ordi. Men kvi kjem De so sjølv strakst etter eg dreg den fri Forhandlingi med Bruun soleids ned, som her i dette Svaret? Elder er det ikkje det, De gjerer, naar De dreg inn i Ordskiftet um Sak dette, som De segjer, Bjørnson og Bruun skal hava seg imillom, og finn ut, at det, som Bruun vil, er aa venda Slagordet ver i Sanning attende mot Bjørnson sjølv som ein Dom serleg yver honom og yver hans politiske Lagsmenn, - og so segjer vidare: Det var det eg viste. Det er paa den Maaten me brukar aa verja oss mot moralske Aalvorskrav. Me bøygjer dei av fraa oss sjølve og slengjer dei attende som Spott elder Fordøming mot den, dei kom fraa. Me hemner oss fyr vaar Fred og Ro, maatru; elder me hemner oss, fyrdi det var Kolumbus, som fann Vegen til Amerika, og ikkje me.
           
Det var det eg visste. Altso her skal me etter Dykkar Meining hava Grunnen til, at Bruun kom fram med Anka si mot og Kravet sitt aat Republikanarom vaare. Skal daa Aalvorsord (og det kjennest ogso desse Bruuns Ord aa vera) - skal dei vera Utslaget av snart sagt det moralsk laakaste, me kann nemna?
           
Og det er sjølvsagt, at slikt er ein daarleg Maate aa fremja fri Forhandling paa. Det er snarare aa slaa henne reint ihel.
           
Men me er vel alle Born av vaar eigi Tid meir elder mindre, og soleids hev me vel alle saman Merke av den Vesaldomen i vaart Samfund, som gjerer det so overlag vandt aa føra eit i Sanning fritt Ordskifte um Spursmaal, som brenn. Men det kom meg likevæl so reint paa Tverten aa sjaa Dykk ogso svinebøygd under denne Veseldomen og just her.
           
Elder er desse Ordi Dykkar aa taka i onnor Meining enn etter den endeframme Samanheng?
 
Og so eit Ord um sjølve Saki. Eg meiner De i ein vesenleg Punkt tek i Mist paa, kvat Bruun vil, naar De forstend Bruun so: Du skal agitera fyr di politiske Tru, i Tid elder Utid, um du gjer Gagn elder Ugagn med det, ja um du aldri so mykje ser, at Folket ikkje hev Bruk fyr elder kann gjera seg godt av Teoriarne dine. - Men den Setningen hev nok Bruun sjølv gjort fyr Tilfellet, segjer De. Eg kann ikkje rettare sjaa, enn at det er De sjølv, som hev gjort han fyr Tilfellet. Bruun derimot segjer: Det, som det gjælder om, det er, at vort Folk skal kjende den Grundtanke (det Princip), som driver en hel Del af dets ledende politiske Mænd, kjende noget, som er en af de store, bevægende Kræfter i hele vort politiske Liv.
           
Bruuns Krav er daa, at dei Politikarar, som veit, at dei vil og arbeider fyr Republik gjenom den Politik, som Vinstre no arbeider med dei skal offenleg staa ved, kvat dei gjerer og vil, og segja greidt ifraa, kvifyre dei gjerer det.
           
Spursmaalet er soleids fyrst og fremst: finst det ein slik republikansk Flokk, som med full Tanke arbeider fyr ein stilferdeleg Yvergang til Republiken?
           
Finst han ikkje, so fell Bruuns Anke og Krav burt. Men finst han - ja so kjem det andre Spursmaalet: er det rett aa krevja, at han skal tala ut elder ikkje?
           
Og daa held eg paa Bruuns Krav um aa tala ut, fyrst fyrdi eg sjølv treng aa faa vita, um han er til elder ei; og so fyrdi eg trur, at eit fritt Folk sjølv maa gjera Utviklingi med, um ho skal verta det til fullt Gagn. Av den Grunn maa Folket hava full Greida. Endeleg meiner eg, at det finst høgre Fyremaal enn Sigervinningar fyr Dagen.