[Storthinget.]

Storthinget. Maandagen var det Møte baade Fyremiddagen og Eftan. Det galdt, um Bladmennerne skulde faa hava gamle Romet sitt paa Sudsida av Præsidentstolen. Præsidentarne hadde samstellt fyreslegje, at dei skulde ut derifraa, dei skulde faa Rom paa Trevet, i Damelogen no hev voret. Dei lika ikkje aa hava alle desse Bladmennerne farande i Gangom og lydande etter Smaasnakket og gravande i Thingbøkerne, vart det sagt. Dei vilde heller lata til 5000 Kr. til aa faa eit officielt Referat, som kunde verta reint upartisk, og som Præsidentarne skulde syta for aa faa i Stand, og detta kunde daa kvart Blad faa kaupa for rimeleg Betaling. Men i alle Blad (Morgenbladet og Dagbladet samstellte) hev det voret Staak: Det var berre nokot Paafund, det var so vondt aa høyra der ovanpaa, og eit slikt officielt Referat i Stuttmaal vilde ikkje høva likt aat alle Blad, dei fekk ikkje daa so godt merkja ut det, som kvar helst vilde. Odden i Ordi vilde koma burt daa, so det var heiltupp eit Inngrip i Presseretten og vilde skilja Storthinget meir fraa Folket. Likevæl gjekk Præsidentarnes Forslag igjenom; det var mest berre Bymenner imot det.