[Hr. J. Moltke Moe!]

Hr. J. Moltke Moe! I ei liti Bok, som fyr eit Par Aar sia kom ut paa det norske Samlags Forlag, skreiv De bl. a.: Kvar ein, som kann eit Æventyr, ei Segn, ein Visestubb, elder som kjenner ein Leik, eit Ordtøkje, ei Gaata, elder som hev Greida paa Folks Tru, elder som er kjend med dess Skikkar og Fyresyningar til alle slike segjer eg: Skriv det upp altsaman, men gjer det strakst! Kvar Dag, som gjeng, tek litegrand med seg; Stykkje fyr Stykkje kjem den aandelege Arven vaar i Gløymeboki. Difyr gjeld det aa skunda seg med aa berga, det bergande er.
           
Eg tykte detta var sanne Ord, og difyr heve eg no teket til med aa skriva upp slikt. Det kjem meg no ille med, at eg hev leset forlitet av sovoret.
           
Det kann vera med andre som med meg i detta Stykkje; difyr bed eg Dykk no: Gjer so væl og nemn i Fedraheimen dei Bøker, som inneheld det, som hev voret prentad a v og u m slikt! Sida 56 i den nemnde Boki stend nokot; men me heve væl meir?
           
Det, eg heve samlat, skal De faa, berre eg fær vita Adressa Dykkar.
           
Firdafylkje 6/ 2 1880.              
                                                           
M. K.