"Lilla Mormor".

[Del 3 av 6. Fyrste delen.]
 
Eit Folkelivsbilæte fraa ei skaansk Skogbygd, teiknat av Ave.
                         
(Framhald.)
 
Ho hev brukat Kunster og Skjelmsstykkje fyr aa draga honom aat seg, det glett aldri, vissad Mor Backgården, som sjølv strævad alt ho kunde til aa faa sine fjore Syster sømeleg gifte. Tausi hev anten Beinet av ei Gro, som hev voret nedlagd i ei Maurtuva, fyr at Mauren skulde eta henne upp, og dreg Kararne aat seg med det, elder og gjev ho deim inn tri Dropar med Skinnvengjeblod, um ho ikkje reint ut brukar styggare Kunster.
           
Dei andre Kvinnfolki i Grendi samrøystad med Mor Backagården, og Kararne tagde, at dei ikkje sjølve skulde verta mistrudde fyr aa vera forgjorde av Lilla Mormor. Men dei yngre tenkte kvar fyr seg, at Else var so fager, at ho turvte ikkje annan Trolldom.
           
Thomas hadde sine eigne Tankar, der han gjekk sturen og hugill. Han hadde voret fatig fraa Barndomen, so han daa hadde lotet ganga fraa Dør til Dør og beda um Braudet, og difyr forstod han til Fullnad, kor stor Freisting det kunde vera fyr ei fatig Gjenta som Else, aa verta framflutt fraa Husmannstaus, som gjorde Pligtarbeid paa Greivegodset til ein fri Bondes velvyrde Husfru. Hadde Olof voret ein skikkeleg og sedug Svein, so hadde det ikkje fenget hjelpa, kor illt det hadde svidet i Hjartat han hadde endaa raadt henne til aa taka ved Tilbodet fyr si eigi Skuld og fyr Mor si Skuld; - men no Thomas kjennde det paa seg, at det var ikkje Kjærleik, men vill Traa, som dreiv den agelause Gardmannssonen til aa gjeva sin ytre Fridom og sitt Stormod i Motlag fyr aa verta Eigar av fagraste Møyi i Bygdi. Og naar so Olof hadde vunnet henne, vilde han daa ikkje kasta burt henne likesom han hadde kastat burt dei tvo unge Tenesttauserne han hadde forført? Lukka var, at Else kjennde til Ulivnaden hans, visst vilde ho setja si eigi Æra høgre enn Velstand og gode Dagar. Men um Olof batt Hugen hennar ved seg med falske Kunster? Denne Tanken fekk den sterke Mannen til aa skjelva. Olof hadde sjølv gjenget ved, at han hadde gjort ei Gjenta ør etter seg med det, at han hadde ei Ormetunga i Munnen, daa han kysste henne i ein Panteleik. Thomas maatte, kvaat det skulde kosta, aatvara Else fyr aa kyssa Olof, anten paa Leik elder Aalvor, elder lata honom bjoda seg Vin elder annat, for Gjerderne til aa vekkja Hugen hjaa andre var baade mange og stygge, og Else var so uvitug, at ho ikkje trudde paa slikt.
           
Ein Dag i Vika deretter raakadst dei, Thomas og Else, og daa sagde han ved henne, kvat han hadde sett seg fyre; men ikkje eit Ord nemnde han um sin store Hugverk, for han vilde ikkje standa til Meins, ifall ho sette Rikdom yver hans ærlege Kjærleik, og denne Kjærleiken hans meinte han ho kjennde so vel, at det vøre Skam aa koma aa tala um den no. Men detta, at han viste seg so roleg, saarad Sjølvvyrdnaden i henne og eggjad henne til aa halda med honom, som vart forklagad. Han fekk vera slik han vilde, so viste han daa sine Kjenslur fyr henne so greidt, at baade ho og andre kunde tyda deim. Thomas fekk eit stutt Svar paa si Aatvarsla; ho var fyr upplyst til aa tru paa Trollskap, heittest det.
           
Men Aatvarsla feste seg likevel i Minnet hen- nar, ikkje med nokon Otte, men med eit draumsjukt Ynskje um, at Olof vilde bruka eikor slik Raadi fyr aa riva Tankarne hennar fraa Thomas og festa deim ved honom, den rike Gardguten. Det fall likevel ikkje Olof inn, for han totte, at Else med baade Hender burde gripa etter dei Kor, han baud henne, og fraa den Stundi han vilde taka henne til Kona, trudde han, alle Hinder fyr hans Traa skulde vera undanrudde, og at ho heldt honom paa Fraastand, det kallad han i sitt stille Sinn Kvendesløgd, som ikkje vilde lata nokot til, fyr enn han hadde betalat heile den utsette Prisen.
           
Nokot visst svar hadde Else likevel ikkje gjevet Olof, endaa ho visste, at han paa Storegård innreidde Føderaadsstova aat Mor og Syster si. Else livde Sumaren fram i ei Feberørska; dei mest ulike Syner leikad i Hugen hennar likesom i ein uroleg Draum, men kvar Gong Olof talad um aa taka ut Lysing, sette ho seg hardnakkat imot.
           
Seint ein Kveld i Fyrsten av Juli gjekk ho uti Skogen og leitad etter Kui aat Mor si, og ho byrjad sidstpaa verta rædd, at Kui kunde ha gjenget seg ned i Myri. Ho styrde difyr sine Stig aat den Leidi og fekk so braadt sjaa ein stor blaa-bleik Ljoske ved ei gomol Eik. Else hadde aldri høyrt gjetet roten Ved, som lyser i Myrkret, elder um Gas, men derimot tusund Fraasegner um Drakar og svarte Hønur, som laag paa nedgravne Skattar. Her var det visst eit verkelegt Penningebloss (ein Peningloge)! Aa, um Thomas hadde voret med! Ho tok seg saman og gjekk næmare Skinet og kastad Fallkniven sin midt uti; merkte seg snøggt i Minnet, kvar det var, og skundad seg burt, utan ein Tanke paa, kvat den lærde Kyrkjeverja Anders Bengtsson i Backagården vilde segja um slik Ovtru hjaa den, som høyrde best etter av alle, naar han lagde ut sin nyaste Visdom.
           
Dagen etter var det Else, som leitad upp Thomas. Eg vilde so gjerne gjera deg rik, Thomas, sagde ho med nedslegne Augo, for eg er rædd, eg hev valdet deg Sorg, og um du vil taka imot
           
Bry deg ikkje um meg! tok han hardt i, av din Rikdom korkje kann du elder skal du gjeva meg nokot
           
Nei, Thomas du forstend meg ikkje; eg meiner, at eg veit, kvar det ligg ein Skatt, som du kunde grava upp og verta sæl.
 
Ja so, du meiner endaa, at Pengar kann grøda Hjartesaar? tok han bittert frami, utan aa visa nokor Undring ved det, ho fortalde. Dei kunde retta paa myket, og um du no vilde taka Skatten burtved Myri under den gamle Eiki, so
           
So fekk eg ein roten Trestuv i Staden fyr den Gjenta, eg hev hugboret so lenge! beit han av i ein gikkande Tone, medan Sorg og Harm saud i honom. Takk fyr Gaava, Lilla Mormor! Det skulde fulla vera eit Prov paa den nye Lærdomen din, han vil so gjerna apast ved oss Stakkarar, som mindre veit; men kor faavis eg enn mun vera, so kann eg daa skilja eit Stykkje vanleg Gløsfausk fraa ein rettug Peningloge, lel. Thomas snudde seg tvert fraa henne og gjekk til Arbeidet sitt, og av Blygsel yver sitt Mistak og hans Avbit ynskte ho berre, at Hugen hennar, paa den eine elder andre Maaten, skulde vendast aat Olof, so ho kunde koma laus fraa dei Tankar, som drog henne snart hit og snart dit, som um ho ikkje aatte nokot Feste korkje i Himelen elder paa Jordi.
                                                           
Meir.