Utlandet.

Riksthingi i dei fleste Land hev møtt fram til sine Raadleggjingar. Dei Trontalar, som hev voret haldne ved Opningi. læt alle, som det er god Von um, at Freden skal verta stødug. Slike Raadgjerder som den tydske Heraukingi synest visst nog aa føra ei onnor Tale, men dei, som stend fyre, negtar reint ut, at det hev nokot vondt paa seg. I Trontalen ved Opningi av det tydske Riksthinget er Fredslovnaden uppatterhavd i Vissa dei sjau Gonger, so ein kunde vera freistad til aa tenkja seg, at Bismarck hev tvilat paa Saafræet, med di han hev saatt so tjukt. Men kor som er, so hev no Talen voret likt og vekkt Tillit paa dei fleste Kantar.
           
Daa den nye franske Regjeringi lagde Programet sitt fyr Thingi, nemnde ho ikkje eit Ord um Amnestispursmaalet. Mange vart rædde, at ikkje denne Regjeringi helder hadde Hug og Dug til aa gjeva seg i Kast med den Bøygen, og at ho vilde falla som den fyrre. Aatte Dagar etter at Regjeringi hadde gjort Greida fyr Programet sitt, sette Louis Blanc fram Forslag um full Amnesti fyr alle, som hadde voret med i Kommunen. Dette Forslaget vart vedteket med 313 Røyster mot 115, at Thinget ikkje vilde ganga til aa dryfta dei einskilde Stykke av Forslaget. Freycinet heldt daa sin fyrste større politiske Tale og gjorde stormande Lukka. Han tok i Vegen med aa segja beint fram, at Regjeringi sette seg avgjort imot Amnestiforslaget, so lenge Amnestien ikkje var kravd av den aalmenne Meining, men tvertimot var ei Skræmsla fyr Folket i det store teket, og solenge Amnestispursmaalet var eit Emne til Uppegling imot Regjeringi, var det umoglegt aa ganga inn paa Kravet. Um Amnestien vart gjeven, so vilde Landet i det berre sjaa eit Teikn paa Veikskap hjaa Regjeringi, eit Mark paa ein Politik, som korkje var klok elder fast. Han sluttad med det, at dersom dei, som no kravde Amnestien, ynskte fyr Aalvor, at Spursmaalet skulde verta løyst til rett Bate fyr Landet, so skulde dei gjeva seg attaat deim, som arbeidde fyr Ro og Fred og fyr aa skapa ei sterk og stødug Regjering, som studde seg paa heile det republikanske Parti. Dei skulde vera med aa hjelpa Regjeringi til aa regjera godt, gjeva nyttuge Loger, styra Landet i sann frilyndt Aand, byggja Jarnvegjer, Hamner og Kanalar, læra upp Folket,bøta paa Tollsetningarne, lyfta Landet i Sedhevd og Velstand, so vilde det ein Dag henda, at ei Regjering, sterk ved Thingets Tillit og ved si eigi Hovsemd, sin Klokskap og Stødleik, kunde segja til eit rolegt og lukkelegt, heiltigjenom republikansk Frankrike, at Tidi var komi til aa føra igjenom den Saki, som fyrr var ein Faare fyr Republiken.
             
Ny Mordfreistnad mot Ryssekeisaren. Den 17de Februar um Eftan vart det sprengt ei Mina under Vetrpalasset. Ho var lagd i Kjellaren under Vaktromet, som var midt under Matsalen att. Av Vaktmannskapet vart 45 saarade og 8 drepne. Golvet til Matsalen vart upprivet, men ingen av sjølve Keisarhuset kom til Skade. Dei hadde ikkje endaa samlat seg til Bords, fyrdi Keisaren skulde taka imot Prinsen av Hessen. I Kjellaren under Vaktromet heldt 3 Arbeidarar paa; den eine av deim slapp undan.