I "Fædrelandet"

[Del 1 av 2.]
 
skriv ein Kristen eit Stykkje til Fedrh. (det vil væl segja til meg) um fri Tenkjing. Han skriv godt og tydelegt og synest vera ein ærleg Mann. Difyr vil eg gjerna forhandla med honom, og Lesaren fær orsaka, at eg endaa ein Gong vaagar meg ut i Fedrh. um eit sovoret Spursmaal.
           
Fædrelandsmannen lat meg kalla honom K. segjer mykje, som eg synest maa vera rett. Han skriv soleids: Hvorledes staar den fuldt bevidste Kristne til den frie Tanke i og for sig, er han Fiende af den? Vi tør trygt svare nei. 1 ) At optage Kristendommen i sit Hjerte og at erkjende Sandheden betragter den Kristne som et og det samme. Den Kristnes Tro er en Overbevisningens og netop derfor en Frihedens Sag. Kirken hverken kan eller vil tvinge den, som staar udenfor den, til at antage dens Tro 2) ; den kan kun udtale sin egen Forvisning om, at den har den saliggjørende Sandhed, og gjøre Rede for, hvor ledes den selv er kommen til sin Forvisning, og hvorledes denne Forvisning under alle Modsigelser er bleven stedse fastere, ligesom den kan og vil opfordre Enhver, som staar udenfor, til at gaa ind i en alvorlig Undersøgelse af den Kristne Tro og dens Forudsætninger. Har Gud aabenbaret sig for den menneskelige Slegt, har denne Guds Aabenbarelse naaet sin Spidse i Kristus, og har Gud givet os et Ord, som vi tillidsfuldt tør følge, det er Spørgsmaal, hvis Besvarelse for enhvers Vedkommende afgjør hans Forhold til Kristendommen og maa bero paa hans egen personlige Afgjørelse eller, om man vil, paa hans frie Tanke.
           
So langt kann eg vera med. Men so kjem K. med sine Spursmaal og Motlegg vedkomande den frie Diskussion. Til det han der segjer, hev eg ymist aa svara.
           
K. meiner som so: Naar ein Mann eingong, i Fridom, i Kraft af fri Tenkjing, hev gjevet seg inn under Kristendomen, godteket Kristendomen som det grunnsanne, so hev han dermed bundet seg til Kristendomen paa ein slik Maate, at han sidan i kvart einskilt Tilfelle berre hev aa sjaa etter, um dei Tankarne, det spyrst um, er kristelege elder ukristelige; for er ein Tanke kristeleg, so er han dermed sann, men er han ukristeleg, so er han dermed usann.
 
Dette ser fagert ut. Men eg undrast likevæl paa, um ein heilt ut aandsfri og sanningselskande Kristen vilde taka det plent paa den Maaten.
           
Den aandsfrie Kristne trur paa Kristendomen av ingen annan Grunn enn den, at han hev funnet Kristendomen aa vera Sanning, ja den heile, aalmenne absolute Sanning.
           
Men trur han det heilt og fullt, so maa han og tru, at alt det, som er sannt, gjeng inn under Kristendomen elder daa visst ikkje kjem i Strid med den. Naar det kjem nye Tankar under Forhandling, vil han altso ikkje mura seg inne i Standpunktet som i eit Kloster; men han vil segja: eit av tvo, anten er den nye Tanken sann, og daa vil han styrkja, utvikla elder iallfall uppklaara og reinska mine Trudomstankar, elder so er han usann, og daa vil han falla fyr Kristendomens Sanningsmagt og dermed berre tena til aa visa, kor sterk og sann Kristendomen i Grunnen er.
           
Den, som i rette Røyndi hev den sanne Tru og den sanne Gud, vil med andre Ord altid kjenna seg bunden - ikkje til den og den Formularen, men til det Sanne. Det, som han finn Sanning i, maa han tru; det, han ikkje finn Sanning i, maa han kasta. Einast paa det Vilkaar kann han tena Gud i Aand og Sanning. Den, som segjer: eg hev eingong lovat, at eg vilde tru det og det; eg trur det i Grunnen ikkje, men eg vil tvinga meg til aa tru det! han forbryt seg mot Sanningsaanden og øydelegg seg sjølv. Og dersom det er Kristendomen, han paa denne Maaten trur paa, so spottar han Gud. Dette maa me sjaa aa slaa fast. Me hev her i Landet havt altfor mykje av dette blasfemiske Høve til Sanningi, som skaper Fuskarar og Syndarar mot Aanden, men som ikkje skaper Kristne; me maa koma ut av det. Er Kristendomens Gud den sanne Gud og ikkje ein Avgud, so krev han dette av kvar Mann, at han fyrst og fremst skal vera i Sanning, - vera kald elder varm, men sann, ærleg. Aa elska Gud er fyrst og fremst aa elska det sanne; for Gud er Sanning so visst som han er Kjærleik. Det aa segja: eg vil tru paa Kristendomen, anten han so er sann elder ikkje! er i verste Meining aa fornegta Kristendomen; og den, som meiner, at han som Kristen ikkje hev Lov til fritt aa prøva alle Tankar og Lærdomar, som kjem upp, og fritt aa tru paa alt i dei, som han etter ærleg Gransking maa segja er sannt, han gjer Kristendomen um fraa ei aalmenn Sanning til ei Sersanning elder til Heidendom og er altso likso god Fornegtar som nokon Fritenkjar, men Fuskar attaat, og altso verre enn den ærlege Fritenkjaren.
           
Det me skal tru, maa me sjølve kunna vedkjennast. Det er daa til siste Slutten oss, det er Spursmaal um; det er Spursmaal um, kvat me skal tru, kor me skal finna det Sanne; det er fraa vaar eigi Sanningstrong me maa gaa ut. Det vilde lite nytta, um her var ei evig Sanning, naar ho var slik, at me ikkje kunde paa nokon Maate finna henne sann, forstaa at ho var sann. Med Sanning meiner me altid det, som er Sanning fyr oss, som altso er um eg maa bruka eit ofta misbrukt Ord - menneskeleg Sanning. Kvar Brahmaprest elder Dervish kann koma og fortelja oss, at so og so segjer Brahma elder Allah, og difyr skal du tru det; men den aandsfrie Mannen vil altid fyrst sjaa etter, um det, som Dervishen segjer, hev Grunn i seg sjølv. Naar vaare Dervishar segjer: det og det skal du tru, fyrdi Gud hev sagt det, anten du no finn det sannt elder ikkje, so gjer dei dermed Vaarherre um til slik ein Allah elder Brahma, som krev blind Tru, istadenfyr at den sanne Gud krev Mannens frie Tilslutning til det i seg sjølv sanne. Det aaleine kann vera Guds Ord til oss, som i seg sjølv hev Sanningsmerket, og som me etter ærleg Prøving maa vedkjennast er stemmande med Sanningslogjerne i oss sjølve. Annan Veg hev me ikkje aa ganga. Andre Sanningar kann vera fyr det dei er; men dei er ikkje fyr oss og kann ikkje hjelpa oss. Men trur me altso paa Kristendomen, fyrdi me i Fridom vedkjennest, at den inneheld den fulle menneskelige i beste Meining menneskelege Sanning, so vil det strakst vera oss klaart, at daa maa og a l t, som er menneskeleg sannt, kunna semjast med den, og me kan altso aldri i Kristendomens Namn avvisa den frie Forhandling.
           
Den sanne og aandsfrie Kristne vil altso, naar han finn ein ny Tanke, tryggt og fritt taka honom upp og prøva honom etter vanlege menneskelege Grunnar og vanleg menneskeleg Tenkjemaate. Det kann væl stundom synast, som at ein menneskelegt sann og god Tanke strider imot det, som skulde vera Guds Sanning; soleids var det eingong mange kristne som meinte, at det var imot Kristendomen aa tru, at Jordi sveiv umkring Soli, elder aa bruka Lyn-Avleidarar paa sine Hus og Kyrkjur. Men i slike Tilfelle vil den aandsfrie Kristne strakst minnast, at han nok enno ikkje hev fatat Guds Sanning heilt ut i alle Ting, og han vil tru, at den nye Tanken, han hev funnet, just skal gjeva honom ny Forklaring. Istadenfyr aa avvisa Tanken med eit stutt: han er ukristeleg (d. e. han er i Strid med den Uppfatning, eg no hev av Kristendomen), vil han altso helder prøva aa vinna upp til ei klaarare, reinare og større Uppfatning av Kristendomen, so han kann faa den ny-funne Sanning til aa høva inn i den. Han vil med andre Ord ikkje berre slutta so: kristelegt, altso sannt, men liksovæl so: sannt, altso kristelegt.                                        
 
( Meir.)
 
1 ) Me skal ikkje bry oss um, at K. lenger nede i Artikkelen paa ein Maate tek dette i seg att; det han her segjer, synest eg maa vera det sannaste.
 
2 ) Hm, det kann no vera som det vil. Det vart og ein Gong sagt, at Kyrkja tyrster ikkje etter Blod. Men det er sannt, at Kyrkja etter sin rette Natur ikkje vil elder kann bruka Tvang, og det er væl det K. og hev meint.