Fraa Førsdal.

(Ved Ketil Killand).
 
”Gudag, Olav! aa Takk for seinast!” med dessi Orda helsa eg min gamle Ven. ”Gudag – so du æ paa dessi Vegjinn?” – ”Aa ja, du ser kji anna. Koss liver du naa – kann du gjete, ko eg vi eg idag? Eg vi rektig ha deg ti aa fortelje om gamle Kjempur aa slikt noko for meg.” ”So du vi’ de? Her æ kji mange, som fer mæ slikt Vas naa. Ko Nytti ska naa detta gjere? – Ko vi du, eg ska fortelje om? om gamle Kjempur ottalands hell -?” ”Aa Takk, helst om dei, som hev livt her i Førsdal; for dei andre kann eg væl lese om i dei same Bøkar, som dei eingong æ lærde o’, aa eg vi helst ha dei som alli hev vori skrivne; derfor gjekk eg hit ti deg.” ”Aa ja, eg kann somen kji so liti, bare eg kaam paa dei; - men den beste ville vere Guro Veting. – Hev du skriva om, daa Førsdølanne aa Sæbyggjanne ville byte midjom seg? – Der blei vaalde nokle Karar – like mange – her i Førsdal aa i Sætesdal. Dei sill reise fraa Kjyrkjunne mæ ei Gong, aa der dei treftest, sill Byti stande. Du veit, der æ langt, aa derfor blei dei enige om aa reise tileg om Morgoen. Førsdølanne tenkte kji paa noko Fantestykkji aa reiste paa den fastsette Ti; men Sætesdølanne reiste om Kvellen, aa derfor, kann du vita, fekk dei ein lang Ondamone aa møtte Førsdølanne langt ne i Haddi. Men Førsdølanne va sikre paa, at dei ha fuska, aa ville kji finne seg i sovori. De blei Slag, aa 8 Sæbyggjar fallt; dei andre dreiv dei fyrre seg upp igjenom Heiæ, ti dei kaam der, dei totte Byti burde stande, aa der blei de sett. Sæbyggjanne blei negravne i ei Myr, aa Gravæ deires blei fyllte mæ Fjørsande, som visas den Dag idag.
           
Eg kjem ihug, her i Rui budde i gamle Dagar ei stor Kjempe, som het Grondi, aa burt paa Flateland va ein Kjempekare, som het Faksi. Du kann vite her æ lengji sia; for daa va Rui aa Flateland Garar, aa Kjilland va Plassar. – Dei va Govenir, men endda spendte dei Belti for aa prøve, kven va besste Karen av dei. Der blei ei skjymeleg Ote, aa faldt gjaare dei baae. De va endda her ne paa Russmoen i den Kjempehagjen, du veit, aa Segnæ seie, dei blei negravne jamsies paa Moen. –
           
Om Kjempunne paa Breiviksheiæ hev Du væl? – Paa Bergji budde ein Kongji, som ha 9 Sønir. Den eine av dessi ville endelege have ei Kongsdotter, som va so fælt vene, men ho ville kji have han. I gamle Dagar – tikkje du kji de va merkjelege? – va de so, at naar ein Mann ha 9 Sønir, so blei dei reikna for 1 addesamne, aa derfor tore ingjen seie noko mot nokon av desse Brøanne. Endeleg kaam der ei svære Kjempe, som etti Segnæ sill heite Sterkodder aa va enddaa fraa Tromøyæ; han bau seg ti aa slaast mæ dei eismadde. Dei møttes paa Breiviksheiæ, dei 9 Brøanne paa den eine aa Sterkodder eismadde paa den andre Sia. Daa dei møttes, sa dei: ”Æ du Kar for okkon adde 9?” Sterkodder svara: ”Eg brukar kji aa telja; dei kann kaame so mange, som di vi!” Dei 8 faldt strakst, men den 9de fekk snitte seg ti aa skjere Sterkodder i Skrovi, so Tarmanne rann: so blei han au drepen. Ein Bondi fekk Lov ti soume atte Skuren. Brøanne grov dei ne plent, som dei va fallne. Der blei sett ein Steine mæ Hovui aa ein me Føtanne, aa heilt fraa Gjervarvatn, som her æ ei hall Mil ti, henta dei sine Fjørsande for aa fydde Greftinne mæ. Detti æ bevisleg; for i Sommaar hev dei gravi, ti dei kaam ne paa ei Hedde; men daa hindra Vatni dei.
           
Her i Førsdal ska etti gaamaalt vere drepne 2 Prestar. Den eine av dei va ti Gjestebos paa Bondal. Han blei uvenni me ein Bondi, som han ou blei drepen av. I Veggjen stend ein Krosse ti Minni om de den Dag idag. –
           
Paa Tovsli va dei for eit Par Mannsaldrar sia so fælt plaga av nokle Røvarar, som hellt ti i Skogjen. Besste va dei om Sommrenne, naar Fókk [Folk] va paa Støylanne. Ei Hæg [Helg] etti dei ha reist paa Heiæ, sill Mannen vere heime aa passe paa dei, naar dei kaam. Mannen va rædde dei aa krabba derfor upp paa Løemøni aa tok mæ seg eit Par Børsur. Om Nottæ kaam der 4 Karar, som va Brøar, aa prøva paa aa ville brjote seg inn i Buri. Mannen, som saag detti fraa Møni, va kji lengji om aa skjote. Den eine datt mæ same, aa naa blei der eit syndlegt Jammerskrik paa dei andre. Dei reiste so fort dei kunna, aa tok den drepne mæ seg aa begrov han i ei Hole, som sia æ kadda Tjovehola. Røvaranne blei alli sedde der meir.
           
Tvo Røvarar, som ou va Brøar, va der, som hellt ti paa Austnaa i Tovdal. Dei ha stoli ei Gjente, som dei ha hjaa seg i den Hytta, dei ha gravi seg. Daa ho ha vori der i 7 Aar, trudde dei henne so væl, at dei sende henne heim paa Garen for aa stele. Ho kaam heim om Nottæ aa gjekk inn aa sa de ti Fókk. Ho fekk mæ seg Rug’e, som ho sille straa paa Vegjen, der ho foor, so dei konne finne Vegjen ti Hola deires. Ho gjekk upp mæ Hola aa glodde etti Fókkjæ. Endeleg kaam dei, aa naa spurde dei, om ho ville have upp Bonnæ sine, so sille ho faa; men ho svara: ”Nei, si’ dei æ avla paa slik ein Maati, so ska dei døy.” Dei skaut ne i Hola, so lengji dei konne høyre, dei skreik: so fyllte dei ho mæ Stein’e.
           
- Eg æ so kleine ti fortelje idag. Ha bare Talleiv Fosstveit vori her.” ”Ja, eg tenkte ou paa han; men eg æ so rædde for, at han blandar inn noko av sine egne Tisetningar, aa eg vi hava bare den nakne Sanning: for vi eg hava anna, kann eg sete ti sjave. Nei, fortel, du Olav!” – ” Timraren av Borgestoga hev du væl høyrt om?” “Ja, sovidt eg minnest, heve Ivar skriva om han i Fedraheimen.” ”Denni Timraren va vesta-ti fraa Mandalskanten. Han va so utruleg sterke, at der gjekk Gjetor av han heilt ti Vraadal. Her va ei navngjetæ Kjempe, som blei kadda Røltskjempa. Han tok Hest og rei einsledst heilt ti Borgjæ for aa prøve Timraren. Dei spende Belti; men Røltskjempa tapa aa blei meste drepen. Han laag heile Sommaaren, førr han konne reise heimatte. Daa han reiste gav han Vestlendingjen Hesten aa alt det, han hae me seg, for Karsstykkji hass.
           
Paa Vetingæ so mange gamle Skjinnbræv, som stende so mange Pasasiar i. I eit av dei stende fortaalt om ein Mann, som blei drepen i Slagsmaal. Den, som ha drepi han, blei dømde ti aa gjeva Ekkja hass ein Gare paa Jaardal. Aa de Sværi, som han va drepen mæ, sill Son hass have.
           
Staali Støyl ha tvo sterke Sønir. Han ha ou vori so fæl ei Kjempe aa budde paa Støyl. Upp paa Støyl va tvo store Steinar, like store. Den av Søninne, som kunna fysste røkkje ne ti Momerak aa ikkji kvile, sill hava Momerak. Den eine rokk meste fram, den andre heilt fram, aa han fekk de.
           
Guse- Stefan budde i ei Steinhytte tett mæ Felli. Han ha hjaa seg eit Kvendi som het Stei’vaar. Han Stefan har so fælt eit Uord paa seg, for kver Gong der va Bryllaup ein Sta, reiste han dit aa skamfoor Brurinne. Dei kadde han for de meste Gusen; der kunne kji bite paa han kvasst, aa ikkji fekk dei skjote han; for bare han saag de, dei ville knabbe han mæ, klomsa han dei. Eigong sill der vere eit Gjestebo paa Onstad, som Gusen ha fengji spurt. Han laga seg ti reise. Daa han ville stige paa Hesten, kaam han ti glie, aa Stei’vaar sa endaa ti han: ”I Dag æ eg somen rædde, de kjem ti gange deg baadi so aa so.” Han fekk ou ein Fæli i seg, men reiste likevæl. Daa Gjesteboksfókkji forsto, han kaam, stelte der seg ein Kjempekare mæ ei Vassbytte haav av Vatten upp paa Røykhesten, aa ein annan sill krjupe upp paa Benkjen ovafor Dynnæ aa have seg ei rusta Boløks, som han sille slaa mæ. Gusen kaam aa tok fat i Sylvbelti Bruræs, men ho sprette de av seg aa rymde ut. Gusen sprang etti, men so slo han mæ Vassbytta, aa mæ de same slo hin mæ Øksæ. Daa Gusen fekk Slagji, sa han: ”Aa nei, hoffor høgg di kji helle.” Daa han va drepen, stakk dei ein Nive tvers igjenom han, aa i den sill’ dei take alle, baadi stor og liten, kver Kryp aa Krabbi, for at dei sill vere like skullige i Drepingjæ hass. Dei grov han ne i Nærhetæ av der, Treungs Kjyrkje stende. For nokle Aar sia grovst der upp ei Greft, som der blei fonni store Mannebein i.
           
Olav Røynebakkji aa han fraa Nos va Grannar. Grisen hass Olav stakkar ha rymt ut o Stiddi, aa Olav reiste upp ti Nos for aa leite ette han. Han spurde: ”Gris min Granni, kvit va han svaart, bak va han frammi?” Han va fælt pustefudde etti han hae gjengji upp Nos. Han fekk fonni Grisen aa tok seg ein Langorvsljaare, som va ibonden, for aa jage Grisen. Men i de han sprang ne etti aa jaga, va han so uheppen, at han høggji Hovni av sjave seg. Hovui trillad neetti Nos aa sae, lengji ettepaa de va avhøggji: ”Søtt, søtt, søtt, søtt!” –
           
Hev du sett Døypesteinen, dei kaddar? -
           
De æ ein Steine, som ligge her upp paa Moland, aa som Monkanne bruka, naar dei døypte. Dæ æ ein stor, flate Steine, som æ innhola, so der kann vere Vatten i Hola.” –
                                                           
(Meir.)