"Har du hørt, hvad Svensken siger?"

[Del 4 av 4. Fyrste delen.]
 
(Siste Stykket.)
 
Korleids gjekk det so i Ufreden? Daa Ufreden hadde vart i 14 Dagar, hadde Stabell gjort ei ærefull Atterferd i eitt Stridande fraa Enningdalen til Fetsund mot ei tvo- og tridubbel Yvermagt, og Svenskarne hadde teket Austsida av Glomma fraa Fredriksstad til Fetsund, so nær som Fredrikssten, som gjorde manneleg Motstand. Dei hadde soleids teket det meste av det, som etter den norske Forsvarsplanen skulde gjevast upp. Den vinstre Fløy av den norske Uppstellingi, Korpset hans Krebs, hadde reint upprivet den svenske Styrken under Gahn, som gjekk mot Kongsvinger, og Landet var no trygt paa den Kanten. Ved Kjølberg, nokot vestanfyr Fredriksstad, hadde Svenskarne fraa 9de-14de August trengt General Arenfeldt attende (fraa Klokka 12 Natti millom 13de og 14de August til Klokka 1 um Ettermiddagen – paa 13 Timar – trengde dei han ein Fjordung attende), og dermed hadde Svenskarne fast Fot paa Vestsida av Glomma. Paa vinstre Fløy hadde Nordmennerne vunnet, og paa høgre hadde dei tapat, og no skulde Forsvaret taka til paa Vestsida av Glomma. Men det, Svenskarne hadde vunnet, var i Grunnen litet. Den danske Kaptein Sørensen segjer (i ”Kampen om Norge”): ”Betragte vi, hvad der hidtil var skeet, finde vi, at Svenskarne havde overrasket Nordmændende 1 ) , men at de, naar Indtagelsen af Fredriksstad undtages – og med den var det saa si egen Sag -, ikke havde vundet Seir eller Trophæer. Derimot havde Carl Johan seet Normændene hurtigt forsamle sig, komme tilsyne og gaae, og for ham, den gamle og forsigtige Marechal, vare Kommando og Beregning hos Modstanderen Egenskaber, som i hans Øine gjorde den fiendtlige Hær mere frygtet end, om den hensynsløst havde kastet seg i Ilden og forblødt i Kampe, der overstege dens Kræfter.”
           
At Svenskarne, um dei hadde haldet paa med Ufreden, kunne hava ”eröfradt” Norig, kann henda. Den norske Heren kunne inkje hindra den svenske i aa taka Kristiania, og det fans Mat berre til nokre faa Dagar. Men alt so visst er det inkje helder. I den ”ridderlige og ærlige” Striden hadde Svenskarne teket paa Norig med Hunger og Naud meir enn med Vaapnmagt. Dei fortel, at Folk mangestader laut eta Borkebraud og Velling av Gras og salt Vatn og annan Grisemat, men Folket bar si tunge Naud og klagad inkje. Fraa Greiven Wedel-Jarlsberg til den fatigaste Husmannsguten hadde dei sett seg fyre, at dei inkje vilde under Sverik. Det hadde synt seg, at dei norske Soldatarne var jamgode med den svenske, endaa ein inkje skulde tenkt det. Heren var uppargad og sinnad, fyr di Kongen hadde brukat han for kleint, og visst er det, at Heren kunne inkje vinna, so lenge han hadde Kristjan Fredrik til Førar. ”Ein Her av Løvur med ein Hjort til Førar er laakare enn ein Her av Hjortar med ei Løva til Førar.” Ein annan Førar trengdest, og Arenfeldt var ein Mann, dei kunne lita paa. Nordanfyr Kristiania kunde i verste Fall Forsvars-Striden utvikla seg; daa var Veteren fyr Døri, og te lenger fram den svenske Heren gjekk, te fleire Folk laut han senda fraa seg til aa verja Tilførsla og hersetja Bygderne, og te fleire Folk vilde det koma til den norske Heren. Svensken vilde koma lenger og lenger burt fraa sine Magasin, og Nordmennerne hadde ei uvanleg rik Avling aa taka til, naar det leid paa. Mest alle Stader baud Folket Styringi, etter Konventionen til Moss var komen i Stand, Pengar og Mat til Heren, og 13de Oktober kom det Bod fraa Bergen, at dei der hadde fenget stor Tilførsla av Korn og mest alleslags Varur (innpaa 100,000 Tunnur Korn). Kvat som kunne hendt, um Ufreden hadde teket paa att, kann ingen annan vita enn Gud den allmegtige, og Karl Johan trudde han kunne venta nokot av kvart.
           
Det var inkje Nordmennerne, som baud Forlik, men det var Karl Johan – det lyt me inkje gløyma. Dei Vilkaar, som han inkje vilde ganga inn paa fyrr, dei baud han no. 10de Juli hadde den svenske Kongen skrivet ein Proklamation (Aalls ”Erindringer” S. 482-484), der stend det: ”Imidlertid erklære Vi herved den af Prinds Christian sammenkaldte Rigsforsamling lovstridig og fornærmende ei mindre mod Vore end alle lovlige Regjeringers og selve det norske Folks uomtvistelige Rettigheder.” Han kallar Norig ”dette til Os allerede lovligen aftraadte Kongerike” (ved Kielerfreden). Men den 7de August baud Karl Johan Vaapn-kvila, og at han skulde godkjenna Eidsvolls-Grunnlogi. Betre Vilkaar kunne inkje Nordmennerne faa, um dei so hadde aldri so mykjeLukka med seg i Ufreden, daa Stormagterne hadde lovat den svenske Kongen Norig, og det, som hende etter den 7de August, kann ”høist uegentlig kaldes Kamp, eftersom der til en saadan hører to stridende Parter, men Christian Frederik fra nu af indskrænkede sig til med den yderste Defensive kun at holde Glommens venstre Bred.” (Sørensen ”Kampen om Norge”). 14de August vart Konventionen til Moss underskriven. Kielerfreden vart inkje nemnd, og Karl den 13de vart kallad Konge av Sverik berre, og inkje ”Vi Carl, at Guds Naade Sveriges, Norges osb. Konge”. Konventionen vart ratificerad av Karl Johan etter Raadleggjing med alle dei svenske Generalarne, som var hjaa han (av dei var Feltmarschal Greiv Essen), og alle talde til aa ratificera og jamvæl til aa lata Demarkations-Lina fyr den svenske Heren vera, som Nordmennerne kravde. 2 ) Sidan, daa Svenskarne vart misnøgde med, at Norig vart sjølvstendigt, sagde Karl Johan, at um han hadde 40,000 Mann og 6 Millionar Riksdalar til aa slaast i 6 Maanadar, skulde han taka Norig. (Den norske Komiteen, som um Hausten var nedsett til aa randsaka Tilstandet i Riket, gav ei Framstelling den 19de Okt.; etter den var det berre 17,000 Svenskar paa Demarkations-Lina i Norig; den norske Heren paa Demarkations-Lina med Mannskapet paa Kongsvinger og i Kristiania var knapt 10,000 Mann! Adlerkreutz hadde i Fyrstningi av Herferdi sagt til Karl Johan: ”Jeg skulde tykkes bedre om, at eders Kongl. Høihed tiltalte Nordmændende med Kanoners Sprog; thi det er det eneste, I kan gjøre dem begribeligt.” Men sidan sagde han: ”I eders Kongl. Høiheds Sted vilde jeg foragte disse steile Klipper, hvoraf Norge for første Delen bestaar, og lade mig nøie med Fredriksstads Fæstning og den Del, som løber ud ved vor nærværende Grændse.” (Faye, Norge i 1814, S. 217).
           
Um det var Sigeren ved Matran elder Tidender fraa Wienerkongressen, som gjorde, at Karl Johan baud slike Vilkaar, som han fyrr inkje vilde vita utav, er inkje godt aa segja nokot visst um; men ein Ting er viss, at det inkje var av ”Ædelmod” elder fyr di han, ”Revolutionens Søn”, ”helder vilde styra eit fritt Folk enn eit her-teket.” Slikt er berre Frasar. Kvifyr skulde Karl Johan vera so morsk den 10de Juli (for det var han og inkje Karl den 13de som styrde) og sidan truga med aa drepa alle Borgararne i Fredrikshall og hengja Ohme, og so med ein Gong verta so forunderleg ”ædelmodig”? Slik Veling vilde just inkje vera til Æra fyr han. Og ein maa leggja Merke til og, at denne ”Ædelmodighed” kunne vortet dyr nok. Etter Kielerfreden skulde Sverik gjeva Danmark Pommeren og Rügen, og Kongen av Sverik skulde betala so stor Part av den norsk-danske Riksgjeldi, som kom paa Norig, og lovad aa arbeida fyr, at Danmark, naar det vart Fred i Europa, skulde faa høveleg Bot fyr Norig. Men detta kunne sjølvsagt den svenske Kongen inkje gjera, mindre han fekk Norig som Eigedom fyrutan Strid; skulde han taka Norig med Vaapn i Hand, vilde han inkje betala attpaa til aa faa det. Den svenske Kongen kom i ei stor Knipa: Kielerfreden vart inkje godkjend i Norig, og den svenske Kongen fekk inkje Landet som Eigedom fyrutan Strid, og daa var han, etter det, inkje skyldig til aa halda Kielerfreden til Danmark; men Norig hadde friviljugt teket Karl 13de til Konge, og det var sagt uppatt og uppatt og stend jamvæl i Riks-Akti (”ei ved Vaaben men ved fri Overbevisning”), og daa kunne inkje Sverik klaga paa Danmark og laut halda Kielerfreden. Detta let Metternich paa Wienerkongressen Karl Johan faa vita og. Men kann daa nokon aalvorleg Mann tru, at Karl Johan, som var so klok, av berre ”Ædelmod” i slike vanskelige Tider skulde tulla seg inn i slik ein Floke som denne? Ein kann vera stød paa, at naar Karl Johan gjorde som han gjorde, var det fyr di han var nøydd til det; um han totte Ufreden med Norig vart for vaagsam, elder det var andre Ting, som tvingad han, kann vera slikt Slag, men kor som er, Norig vart inkje ”erøfradt”.
           
Karl Johan tenkte, at den, som gjorde alt Uppstyret i Norig, var Kristjan Fredrik, og at naar han hadde nedlagt Styringi, skulde inkje Nordmennerne setja upp lenger. Han kunne aldri skyna, at eit Folk, som i so lange Tider inkje hadde havt nokon politisk Rett, no med eingong fyr Aalvor skulde krevja slik Rett. Aa taka Norig vilde øydeleggja og arma ut baade Norig og Sverik, dei tvo Landi, han sidan skulde styra, men han tyktest hava god Von um aa vinna Norig med ein fredeleg ”Erøfring”, med Lemping og Tinging, og um inkje det skulde hjelpa, stellte han seg so, at han daa kunne taka paa med Ufreden att. Etter Konventionen til Moss skulde ikkje meir enn 2 svenske Divisionar vera etter i Norig, men Karl Johan sende berre nokre faa heim, og skipad tvo store Divisionar av den svenske Heren. (Sørensen ”Kampen om Norge” II, 341.)
           
Men det synte seg snart, at den norske Styringi vart fast og djerv, nettupp daa Kristjan Fredrik lagde ned Styringi, og at det var Uraad aa lura nokon ”Erøfrings”-Tanke inn paa den. Etter ein ”separat og hemmelig Artikel” i Konventionen skulde Statsraadet (som styrde daa Kristjan Fredrik hadde nedlagt Styringi) skriva under ”Forvaltningens Akter” ”paa høi Befaling”; mange meinte, at Karl Johan hadde vonat, at det norske Folket smaatt um Senn skulde venja seg til aa tru, at ”paa høi Befaling” skulde gjelda Karl Johan. Ein Murar-Svein hadde klaskat med Murskjeidi til ein av Adjutantarne hans Greive Bjørnstjerna, som var komen som svensk Utsending til Kristiania; strakst sende Karl Johan tvo Fregatter til Kristiania og baud Statsraadet svenske Soldatar til aa halda Orden med; men fyrste Statsraaden, Rosenkrantz, svarad, at ”de svenske ei skulde uleilige sig, da Regjeringen følte sig stærk nok til at holde Orden vedlige uden fremmed Hjælp, at man endnu intet Lydforhold erkjendte til Sveriges Konge o. s. v.” (Faye Norge i 1814 S. 172.)
           
Karl Johan, som var ein utifraa godgjerande Mann, sende 2000 Tunnur Kornvarur som ei Gaava til dei fatige. Men Statsraadet skreiv til General Bjørnstjerna ”at Uddelingen deraf under nærværende Omstændigheder ikke alene vilde vække den slumrende Partiaand og sætte Folkets Tillid til Statsraadet i Fare, men og give den National-uvillie, som Tidens Begivenheder havde fremvirket, ny Næring.” (Aalls Erindringer S. 517.) Med andre Ord: Folket, som svalt, vilde inkje taka mot ei Gaava fraa Fienden. Eit slikt Folk kunne Statsraadet trygt lita paa, og det let seg inkje skræma helder. Hadde denne Utdeilingi gjenget fyr seg, hadde Folket komet paa den Tanken, at det var Karl Johan, som no styrde. Bjørnstjerna masad med Stiftsdirektionen og, til aa faa Lov til aa deila ut Kornet, men det var faafengt. Seinare bad Bjørnstjerna Statsraadet um aa kunngjera ei Lysing fraa den svenske Kongen um, at han vilde standa ved alt det, som Karl Johan hadde lovat det norske Folket; men Statsraadet vilde inkje, men sagde, at det hadde inkje nokot mot, at denne Lysingi kom inn i ”Christiania Intelligenssedler,” naar Generalen sjølv vilde snakka med Utgjevaren um det. Soleids kann aldri Styringi fyr eit ”erøfradt” Folk tala. Dei svenske Utsendingarne, Bjørnstjerna, Wirsén og Boye vilde leggja fram i Statsraadet Fullmagt fraa Karl Johan til aa raadleggja um Unionen (2dre September), men Statsraadet svarad, at det kunne inkje godkjenna Unionen som ei ”Kjendsgjerning”, og at det var Storthinget, som skulde avgjera, um Unionen skulde koma i Stand. Bjørnstjerna og mange andre Svenskar for slik aat, at det var greidt, at dei meinte dei reint ut kunne skubba Konventionen til Moss til Sida. Dei hadde truleg leset so mykje av Soga, at dei visste, at i det 15de og 16de Aarhundrad hadde dei norsk-danske Kongarne so tidt lovat høgt og dyrt, at Norig skulde vera eit sjølvstendigt Rike, og endaa vart det eit Lydrike, og no meinte dei, at sameleids skulde det ganga no. Bjørnstjerna kallad Krebs fyr ein ”svensk Undersaat”; han fortalde, at Fredrikssten var teken av Svensken og meir slikt. 3 ) Hadde store Ord kunnat gjort det, hadde det set myrkt ut med Norigs Sjølvstende.
           
Men store Ord var inkje nok. Det synte seg i September. Ein svensk Oberst Eck let General Schmettow, som var Føraren fyr dei norske nordanfjells, vita, at han etter Bod, han hadde fengetfraa Karl Johan, vilde føra sin Herstyrke inn i Norig. Han vonad, sagde han, at Schmettow vilde syna ”sin undersaatlige Agtelse og Lydighed mod Hs. K. Høihed o. s. b.” (Aalls “Erindringer” S. 535.) (Legg Merke til det: Storthinget hadde inkje endaa valt Karl den 13de til Konge). Men Schmettow svarad, at han hadde litt paa, at Svensken var ærleg, og hadde sendt dei Soldatarne, han hadde under seg, heim til Lægderne sine, men at dei var inkje lenger undan, enn at han snart skulde faa dei ihop att, og at han med Vaapnmagt vilde verja den Konstitutionen, som Nordmennerne hadde svoret til, soframt dei svenske Soldatarne kom inn i Landet. ”Og da den Deel av disse Tropper, som først i August vare paa Lier og Matrand, ogsaa blive de første til at modtage ethvert fiendligt Foretagende, tør jeg ogsaa vente de samme Følger deraf”. (Aalls Erindringer S. 536). Karl Johan kallad Eck til Fredrikshall og heldt Krigsrett yver han. Men kunne slikt ganga fyr seg i eit ”erøfradt” Land?” 4)
 
 
Misprenting i fyrre Nummer: Fyrste Radi stend det: ein annan Svenske, skal vera: ein og annan Svenske.
           
1) som paa 14 Dagar hadde gjenget 1-4 Dagsleider attende, og paa ein Stad gjenget fram. I 1808 gjekk Svenskarne paa 6 Vikur fraa Synsteenden av Finnland til Sikajoki i den nørste Enden, og leid forfælande Naud, og etterpaa slost dei som Løvur i mange staute Slag.
 
2 ) Det er nokot Tull, at den norske Heren skulde vera komen i ei Klemba, slik at Svensken kunne kringsetja han, for Svensken vilde hava Demarkations-Lina fyr den norske Heren fraa Drøbak til Øyeren, men paa den Maaten vilde den norske Heren just koma ut or Klemba, og det tenkte visst inkje Svensken paa aa hjelpa til med.
 
3 ) Det er inkje godt aa skyna, korleids Karl Johan kunne taka ein Mann som Bjørnstjerna til Utsending, som inkje vilde godkjenna Konventionen til Moss. Bjørnstjerna skreiv til det norske Statsraadet, at han undrast paa, kvifyr ”Indvaanerne paa Østsiden af Glommen ei skulde repræsenteres paa det overordentlige Storthing, da han mente, at om nogen af Norges Indvaanere ere berettigede til at repræsenteres i Nationalforsamlingen, maatte det være den, som havde aflagt Huld- og Troskabsed til Norges lovmæssige (sic!) Konge Carl XIII, og ei den, som endnu ”villsefar” at erkjende Valget af Eidsvollsforsamlingen, der Norges retsindige Medborgere blev overstemte af Soldatar og Matroser, hvilke mod al forhen kjendt konstitutionel Sædvane repræsenterede Regimenter og Brigger.” (Faye Norge i 1814. S. 177).
 
4) Eit svenskt Blad ”Svenska Familjjournalen” hev endaa i Aaret 1880 sett Svea Vaapn øvst, og under der hev det Gøta Vaapn og det norske Vaapnet, alle tri like store, liksom Norig var ein Lut av Sverik jamsides Svearike og Gøtarike.