Balach og Bileam Anno Christi 1880.

(Brevsending fraa ei Fjellbygd.)
 
Ja er det ikkje rart, at desse tvo gamle Kultarne skal koma att livs livande i Aar? Gakk ut og forbanna meg Israel; for eg veit, at den du forbannar, den er forbannad, og den du velsignar, den er velsignad. So talad Balach i gamle Dagar, og so er det likt til, at dei talar no au, alle dei som kjenner paa seg, at deira Herlegdom er paakast og skal rava aat Gravi, naar dei Magter, som er lagji til aa eiga Landet, syner seg paa deira Grensur. Folkehøgskulen og dei folkelege Tankar maa hava sett Rædsla i Blodet hjaa Pietistarne, med di det verkeleg hev hendt, at det pietistiske Facultet i ei av vaare Bygder gjorde iveg ein av sine eigne til ein Profet, som er Prest i Grannesoknet, med eit sosovoret Ærend, daa deira eigen Prest inkje vilde hava nokot med slikt Arbeid.
           
Men eg lyt greida betre ut, korleids det horver: Her hev lenge voret eit Kvendesamlag fyr Sulumissionen. Men no nyst hev her komet eit slikt Samlag til, og det arbeider fyr Santhalmissionen. Dette vil no inkje Pietistarne vita av, og ikkje nok med det; men dei vil ikkje eingong, at andre helder skal hava nokot med dette Samlaget. Daa dei no inkje saag seg god fyr aa hindra det paa annan Maate, so gjorde dei som sagt ein avgarde etter Profeten, som au kom og vitjad Kvendesamlaget og heldt Bibellesning. Det var so rart det au, at ingjen maatte faa vita, at Presten skulde koma (endaa han var tingad i Vikevis fyreaat), fyrr nettup den Dagjen, daa han kom. Men daa fekk dei hovudstup annt med aa lysa upp Bibellesning. Denna Presten (som nyleg er komen til Soknet sitt) hev, mest fraa pietistisk Sida, fenget eit grepa Gjetord paa seg fyr Hævleikjen sin, og Pietistarne tenkte vel som so, at fekk dei han til aa setja Vrakstempelen paa Santhalmissionen og alle slike nyare Paafund, so skulde dei au vera vraka (den du forbannar, den er forbannad).
           
Men Forbanningji, spyrr De, korleids lydde den? Jau -: I Tilknytning til Ap. Gj. 16, 12-18 fekk han Tak til aa segja mykje fagert om Kvendi og deira Arbeid fyr Herren, talad om Kvendesamlaget (den rette naturligvis), bad dei gjera sitt Arbeid i Kjærleik og Gleda, og bad dei minnast, at naar Vorherre bygde ei Kyrkja, so var Djevelen jamt ute og bygde eit Kapell ved Sida, - sml. det nevnde Vers 18. Eg kann segja dykk det, gode Lesarar: Det var fyr den, som kjende til, koss alt detta hekk ihop, inkje mogeleg aa halda seg fyr aa tenkja paa Santhalmissionssamlaget som det Kapellet, Djevelen her sagdest aa byggja paa. Kvat meiner De so, Godtfolk? Trur De, at Murarne kring Jeriko snart ramlar ikoll?
           
- Dei hev det altid so annt med Djevelen, desse Folk, so snart det kjem upp nokot nytt, som ikkje heilt upp høver i deira Kraamkista. Undrast paa, um ikkje Djevelen i Grunnen er væl tent med dette -? um all denne Dømesykja ikkje just er hans eiget Verk og den beste Framhjelp fyr hans Rike?
           
Dei Vise maa vita det!