[Throntalen]

Throntalen i Aar var merkjeleg, ikkje fyr det han inneheldt, men fyr det han tagde med. I andre frie Land er det so, at dei Spursmaali, som er uppe i Folket, samstundes er Programmet fyr Regjeringi. Den politiske Styrekunsten er just den: aa kunna faa fram til Løysning dei Spursmaali, som Folk og Land krev løyste. Men den norske Regjering -? Ho set si Magt i det aa vera programlaus, ho. Ho set si Magt i det aa ikkje bry seg um dei politiske Spursmaali, som er framme. Ho held seg utan fyre. Ho vil fyrst og fremst vera trygg fyr sin eigen Part, og so tigjer ho still med det, som ho just skulde tala um. Og paa den Maaten fekk me ein Throntale, som handlad um baade Papirskatt og Tobakktoll, men ikkje um Riksraadsaki.
           
Men den norske Regjering hev forreknat seg, um ho trur, at ho kann tigja dei politiske Folkekrav ut or Verdi. Det einaste ho vinn er meir og meir aa tigja Livet av seg sjølv. For naar Regjeringi dreg seg unda, maa andre taka i, og Regjeringi, som vilde berga sitt arme Liv med aa halda seg utanfyr, - naa ja, ho kjem utanfyr! -
           
Fraa ymse Kantar fær Nordmennerne no um Dagen høyra, at det er Unionen, med andre ord Sverig, som her i Landet skal vera Stemm og Stengje mot dei mange Strøymingar, som er uppe i Tidi. Vaare folkelege Krav, Fridomskravi og alt det beste me strævar fyr, skal Unionen hindra oss i aa faa. Det Partiet, som no hev Magti, syter ikkje det Slag fyr den Ting aa taka Hjelp av Framande fyr aa halda seg sjølv uppe mot Folkeviljen og stengja Utviklingsvegen fyr oss; dei fortel sjølv, at so er dei tenkte.
           
Unionsvenner