[Paa Kristianiamarknaden]

Paa Kristianiamarknaden var det stillt og livlaust iaar. Det gjeng til atters med den Aar fyr Aar, og det er au so rimelegt, naar det er so god Samferdsel og Handelsumsetning hellest, som det no i dei seinare Tider hev voret med alleslags Utstellingar og sovoret. Dei hadde hell ikkje Stortorget iaar. De var berre paa Jongstorget, at Komersen var, og der gjekk han visst utruleg, den Slags Handel, som er stødaste Marknadshandelen, med Søtkakur, Sukkerty og slikt, som Byfolket etter gamal Skikk og Bruk maa handla. Det var au nok af Tusindkunstnarar og Trollmenn skulde vera, som hadde sett seg ned i Smaakottom paa alle Sidur og viste fram Kunsterne sine. Hellest var det noko Blikvare og so av Husbunad ymist. - Det einste Ein kann vera glad yver var, at det vart selt nokot Timber. Prisarene heve no teket til aa stiga att, soleis at ein Storleik i det siste hev stiget fraa 24 til 32 Kr. Tylvti, og alle segjer dei det, at no hev Smalhanstidi teket te snu paa seg, for naar Timbre ranglar ivegen, so plar det rangle iveg paa andre Leider att au.