"Har du hørt, hvad Svensken siger?"

[Del 3 av 4. Fyrste delen.]
 
(fraa No. 6.)
 
”Gøteborgsposten” og ein annan Svenske elles segjer, at Norig i 1814 vart ”erøfrad.”
     
Hadde dei sagt, at Ufreden i 1814 inkje var glansfull fyr dei norske Vaapni, hadde det voret Meining i det, og so segjer flestalle Nordmennerne og. Den, som inkje kjenner større til desse Ting elder hev vidare Vit paa slikt, vil segja, at me inkje slost godt. Dei norske Soldatarne hadde den Trui sjølve og gav Offiserarne Skuldi. Det er ei Segn fraa den Tidi um ein Soldat, som jagad upp ein Løytnant, som hadde gjøymt seg attum eit Gjerde: ”Or Vegen Løytnant, her skal Kafteinen liggja!” Ei onnor Segn, som eg jamleg høyrde, daa eg var liten, lydde so: ”Me hadde eit Signal, som het: ”Gaa paa,” daa krak me so smaatt som ei Lus paa ein Tjørepinne; men so hadde me nokot, som dei kallad: ”Retirer,” men du livande Gud, kor me flaug daa!” Sume vil kann henda finna, at Folk, som snakkar slik, vantar ”Ærekjensla.” Eg trur helder, at det er væl so godt To i dei, som tek si eigi Uferd med Lentur enn ubbar seg upp med bombastisk Skryt. Det er visst, at Soldatarne vaare radt fraa 1814 og til no hev haldet seg fyr betre Soldatar enn Svenskarne, men at dei trur dei svenske Offiserarne er dugelegare.
     
At Nordmennerne skulde vinna i Striden kunne ingen vitug Mann krevja. Kvat var det daa som hende, som var slik Skam fyr oss?
     
26de Juli gjekk ein svensk Flote, som var so stor, at dei norske Kanonbaatarne inkje kunne gjera Motstand, mot Hvaler, og dei norske Kanonbaatarne gjekk upp i Kristianiafjorden, der dei kunne koma til aa gjera Nytte sidan, um Heren skulde koma til aa draga seg yver Drøbaksundet. Karl Johan var harm, fyr di dei inkje let seg slaa, so Svenskarne kunne hava Sigermerke til aa syna fram.
     
Det verste i heile Ufreden var, at ”Kragerøen” og Fredriksstad gav seg mest utan Motstand. 5000 Svenskar rodde mot Kragerøen, som er mest ei Mil lang. Den norske Oberstløytnanten Hjermann hadde 1050 Mann, men mange av desse (mest ein Bataljon) høyrde til Mannskapet i Fredriksstad, og difyr kunne det inkje brukast, elles kom Festningi til aa vera reint forsvarslaus. Svenskarne hadde umkring 50 Skipskanonur umfram Feltartilleri, Nordmennerne hadde inkje Feltartilleri. Hjermann som alle andre visste, at Fredriksstad inkje kunne verja seg; difyr hadde Kongen og ført dei beste Kanonurne derifraa, og just i desse Dagarne drog eit Skip av med Kanonur 1) ; men daa Svensken hadde stengt Utlaupet, laut dei søkkja ned Kanonurne uppe ved Sannesund. I Staden fyr Mecklenburg, som inkje vilde vera Kommandant i ei Festning, som inkje kunne verja seg, hadde Oberst Hals vortet Kommandant paa det Vilkaar, at det aldri skulde verta Tale om aa verja Festningi. (Faye Norge i 1814 S. 137.) Hiermann visste soleids, at um han heldt ut paa Kragerøen, vilde Svenskarne fanga kvar einaste Mann. Daa Svenskarne hadde teket Kragerøen, kunne inkje Fredriksstad halda seg meir enn umkring 24 Timar, daa Svenskarne, so fort dei vilde, kunne skjota Byen i Brand, og daa Husi, som var av Tre, stod tett innmed Muren, kunne Mannskapet velja millom aa brenna seg livande upp elder gjeva seg. Kongen, som visste detta, sende ein Karer til aa segja Hals, at han skulde gjeva seg, men Hals gav seg, fyrr Kureren kom. Sidan vart han dømd fraa liv og Æra, fyrdi han inkje heldt ut dei 24 Timarne. Desse 24 Timarne vilde hava kostat Landet ein heil By og umkring 1200 Mann, og eg tykkjer Hals gjorde Rett, som gav seg strakst. Han fekk slike Vilkaar, at Mannskapet, so nær som 200 Mann, fekk smetta seg av og ganga til Arenfelts Brigade, som godt trengde kvar einaste Mann, han kunne faa. At Nordmennerne totte det var harmelegt og skamlegt, at Fienden skulde taka ei Festning so lett, kann ingen undrast paa, og alle totte, det var ein Skam-Flekk paa den norske Æra; men Svensken hadde likso god Grunn til aa harmast, for dei kunne fenget umkring 1500 Fangar reint til gjevande.
     
Mange andre Stader og drog Nordmennerne seg attende utan større Motstand, men Kongen hadde gjevet strengt Paalegg um aa gjera det, og daa var det inkje annat aa venta. Ein ser so tidt, at Herflokkar dreg seg undan, endaa dei hev fenget Paalegg um aa slaast til siste Mann. Men Svenskarne hev ingen Rett til aa neisa oss med detta. I 1808 slost dei i Finnland under same Vilkaar mest som Nordmennerne i 1814. Og korleids gjekk det? Fredriksstad var ei av dei laakaste Festningarne i Verdi og var attaat gjord verjelaus. Sveaborg, ”Nordens Gibraltar,” var ei av dei sterkaste Festningarne i Europa. Daa Russen nærmad seg Helsingfors, tok ein Bataljon, som ”skulle bevaka Helsingfors, genast flygten och førlorade derunder, mot en mycket underlägsen fiende, 73 man fångne.” Resten slapp inn i Festningi, men Russen tok 17 Kanonur i Byen (Montgomery”Kriget emellan Sverige och Ryssland”). Russen kringsette Festningi; men Herstyrken deira gjekk i Fyrstningi knapt upp ”till en tredjedel af besättningens antal, hvarmed den aldrig var jemnstark. Ryska skytteriet öfversteg icke under hela belägringen 46 Kanoner, 16 mörsare” o. s. v. Svartholm, ”en af fästningens starkare afskilde verk,” ”med 200 kanoner och mørsare” gav seg radt ”utan att ett enda lif var förspildt, ens den minsta bresch skjuten” etter ”inalles 8 à høgst 10 timmars skjutning.” Daa den ”sägervana” svenske Heren gav upp Sveaborg, hadde Striden kostat Russen knapt 100 Mann, og Svensken 5 drepne og 37 saarad. I Festningi tok Russen ”58 metallstycken, 1,975 af jern - - samt dessutom 208 officerare och nära 6,000 man”. Det er difyr inkje verdt aa neisa oss med Fredriksstad. Dei 6000 Svenskarne i Sveaborg var kannhenda likso gjæve Gutar som dei, som vann ved Sikajoki og Revolaks, daa dei hadde dugelege Førarar, og Mannskapet hans Hals var visst inkje ulikare enn dei som slost under Krebs ved Matran.
     
Den norske Forsvars-Plan, som Stabschefen Seiersted hadde uppgjort i 1813, gjekk ut paa, at den norske Hovudstyrken skulde verja seg bak Glomma og hindra Svensken, um han vilde trengja seg fram til Kristiania. Austsida av Glomma skulde dei gjeva upp, so nær som Festningarne. Etter denne Forsvars-Planen var den norske Hovudstyrken uppstellt bak Glomma fraa Kongsvinger til Fredriksstad, og paa Austsida av Glomma stod berre Oberstløytnant Krebs med 2,500 Mann fraa Kongsvinger og nedvyer til Krokfoss, og Oberstløytnant Stabell med likso stor Styrke fraa Krokfoss langs Lian til Enningdalen. Seiersted hadde ventat, at Fienden skulde koma fraa Aust, men endaa det synte seg i 1814, at han vilde koma fraa Sud, vart den norske Heren standande med Front mot Aust – av di Kristjan Fredrik var viss paa, at det inkje skulde koma til Ufred.                         
 
 
1) Det maatte vera ein Hugnad fyr Soldatarne paa Øyi og i Fredriksstad, at Styringi hadde so god Tru til Festningi!