Utlandet.

I Frankrike hev det i dei sidste Tider voret freistat mykje paa aa faa dei skilde Vinstrefylkingar sovidt samde, at det kunde verta eit traust Fleirtal av deim i Thingi; men det hev ikkje viljat ganga. Amnestispursmaalet er det likt til skal verta det verste Meinbægjet fyr Freycinets Ministerium au. Dette hev enno ikkje sagt fraa, kvat det vil gjera ved det; men Spursmaalet vert meir og meir nærsøkjet og krev alt sterkare og sterkare sitt Svar. Det hev voret spurt, kvat Regjeringi vilde taka til, um no dei landlyste, som uppeheld seg i Grannlondom, iser i Schweiz, kom heim i Flokk og Fylgje; ho kunde fulla ikkje senda deim til Nykaledonia, med det same som dei sidst amnesterade kom heim att. Freycinet er no fyr Tidi sengbunden av ei Liversott.
           
Den tydske Regjeringi vil ha Riksherens Fredsstyrkje aukad med 26000 Mann, heitest det, men i Røyndi vert det nog med uppimot 100,000 Mann, naar alt kjem ihop. Kostnaden vert 43 Millionar det fyrste Aaret og sidan 17 Mill. kvart Aar. Kravet er grunnat paa det, at det fyr Tydskland kann verta Naud paa aa venda seg mot tvo Fiendar paa ein Gong (Ryssland og Frankrike), og daa hev det for faae Folk, som Herstyrkjen no er.