Nordlandssegner ved O. Nicolaisen.

(Bjug.)
           
At det var so kleint Stell med Nordlendinganne, hadde eg daa aldri trutt. For eg tenkte daa det maatte vera berre vitlaust Arbeid no i vaare Tider, skrive upp og setja um norske Segner paa Dansk, soleis som han O. Nicolaisen no nyst hev gjort. Eg tenkte det var mykje med Segner og sovore uppi Nordland eg. Men nei, det idest nok ikkje Nordlendingen gjera: sanke ihop slikt; han tykkjest væl han heve nok med Fisken sin han. Hu, sjaa paa Valdris og Hallingdal og skam dokker! Det er Gutar, som er skobeitte det, sender ut den eine Boki berre gildare hell den andre. Han segjer daa det alt, Jørgen Moe au, at det er best aa skrive Segner paa Bygdemaali, og sia hev au Professor Ludvig Daa prova det so klaart som det kann bli, at det er raadlaust Arbeid skrive norske Segner paa Dansk, i dei Norske Bygdesagni sine, der han baade set um det, som fyrr hev vore trykt paa Norsk, for aa vise kor vasse og vaakje det laut bli paa Dansk (maa Ein tru daa), og set au upp sumt nytt likeins, for di han vil vise, at det er vitlaust aa hava nye danske Klæde paa norske Gut: han vert so flat og tufsen, so det er ingenting likt. Det maa berre vera Galningar, som kann tru, at han, som er so lærd, heve gjort det i nokor onnor Meining. 1) Kor lenge skal dei halda paa aa bu nordanfyr Folkeskikken i Nordland daa? Ja dei fær Skammi og Skaden sjølve; som dei lagar det aat seg, so fær dei hava det. Vil dei, at me Sudmaali skal hava all Æra og all Magti, so fær dei det; vil dei ikkje vera med aa leggje sin Stein aat norske Maalbygnaden, so kann nok me Sudmennar greide oss fyr det. For so ven og so stø ein Lit som det no kann slengje seg inn i norske Maale fraa Valdres og Hallingdalsegnerne, so lite hev me fraa Norland, som me kann lære noko av; ja det er ingen Ting aa kalle, utan noko smaatt paa Dansk. Og paa onnor Vis er det vandt aa faa fram reine Bygdeliten hell Sermerki, naar det ikkje er gjenom Segninne. For ein Skulmeistar au no, berre med den Fremmind-Læra han hev fenge, so er det sjeldan han kann faa det fullgodt fram paa Norsk, det han tek av seg sjølv; den reine friske Naturliten vert som burt-stroken; det vil jamnast bera burti det fremminde ein Sving. Te meir me kann faa fram av dei ulærde, te betre Stil, te reinare Norsk. Men dei ulærde er det vandt aa faa te aa skrive, fordi dei ikkje heve nok Grunnar fyr seg hellest, og um dei so berre vil prøve aa umsetja fraa Dansk, so kann dei inkje det hell.
           
Men ved Segner og Sogur og Visur og dilikt, det er ein trygg: der kann Ingen orsaka seg med Lærdomsvanten; der gjeld det berre aa skrive upp plent som det vert fortalt, for det er ikkje so mange som kann gjera det betre. Maalmennanne i Bygdinne maa hugse detta!
 
1) Det er væl det same Hallvard Bergh i Valdris au vil vise no, med di han heve gjeve ut ei ny Samling av Sogur og Skikkar paa Dansk, han, som skriv so godt paa Norsk, og han, som segjer det i Fyreorde te fyste Samlingi si, at naar dei vert umsette, so misser dei fagre Folkedikt daa baade Daam og Lit, som ventande er, men eg trudde aldri det var verdt aa skrive ei Bok fyr aa vise det oftare. For det er visst au det, at dei heve misst Liten sin; ein skulde ikkje tru, det var same Mannen.